offentleglova
Kritiske til hemmeleghald — no har regjeringa snudd
Reglane for innsyn skulle skjerpast. No har regjeringa snudd. — Me er glade for at lovforslaget er lagt til side, seier UiB-rektor Margareth Hagen.

«Loven gir allerede mulighet til å avslå krav om innsyn i dokumentene. Forslaget vil gi mulighet til også å unnta opplysninger om eksistensen av dokumentene inntil avgjørelsen foreligger. Det mener UiB vil svekke allmennhetens muligheter til å følge med på saker forvaltningen arbeider med og medføre en uthuling av lovens formål».
Dette heiter det i høyringssvaret frå Universitetet i Bergen (UiB) knytt til forslag om endringar i offentleglova. Forslaget gjekk ut på at organinterne dokument ikkje skulle måtte førast i postjournalen.
Jussprofessor: Ikkje irrelevant
— Sjølv om me i dag ikkje har tilgang til interne dokument, så er det ikkje irrelevant for det offentlege å sjå kva interne dokument som er registrerte på etaten. Det kan gi innsyn i kva saker forvaltninga har vore inne i i ein avgjerdsprosess, kva delar av forvaltninga som har deltatt og kor grundig avgjerdsprosessen har vore.
Det sa jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen då forslaget vart kjent, ifølgje Uniforum.
Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Stavanger var i tillegg til UiB også kritiske til ei endring.
Mehl: Har lytta
No har regjeringa snudd.
— Me har lytta til innspela, og basert på desse finn ikkje regjeringa grunnlag for å gå vidare med saka, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ei pressemelding.
Mehl viser til det store engasjementet som har vore i saka.
— For Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering er det viktig å hegna om demokratiet og ei gjennomsiktig forvaltning. Etter høyringsrunden meiner me det er rett å skrota forslaget.
— Me er glade for at lovforslaget er lagt til side, skriv UiB-rektor Margareth Hagen i ein sms til Khrono.
— UiB har eit prinsipielt standpunkt: Det er viktig at offentlegheita har moglegheit til å utøva kontroll. Dagens lov tek i tilstrekkeleg hand om handtering av organinterne dokument.
Endringslogg: Khrono skreiv opprinneleg at i dag skal alle organinterne dokument ligga i journalen. Endra 22. september kl 9.24.
Nyeste artikler
Disse barna er på høgskolen for å lære gjennom lek
«En for alle og alle for en»-pakt for universiteter mot Trump
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket