Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
styremøte
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
58 millionar mindre inn i bidrags- og oppdragsinntekter (BOA) enn planlagt i første tertial. Det var summen universitetsdirektør Kjell Bernstrøm presenterte for universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) i styremøtet i mai.
— Me reknar med at me får inn omlag 60 millionar mindre enn budsjettert i år. Så langt får me inn færre eksterne midlar frå andre kjelder. Ein av grunnane er at det truleg har gått ut over tid til forsking sidan ein har lagt om undervisninga i vår, sa Bernstrøm til styret.
NTNU har allereie meldt om at dei reknar med eit underskot på 100 millionar kroner i år, knytt til koronautbrotet.
Bernstrøm sa at han reknar med at pandemien kostar UiB 100 millionar i år, men at summen vert større på sikt. Då reknar ein med at summen vert 300 millionar, sa Bernstrøm, og viste til ekspertutvalet som er leia av professor Steinar Holden. Forskerforum skriv at dei stengte utdanningsinstitusjonane kosta 0,8 milliardar kroner i månaden. No er institusjonane delvis opna, og då er prislappen sett til ein halv milliard kroner i månaden. Då har ein mellom anna sett på studium som vil ta lenger tid, tapt læring, tilsette som brukar meir tid på andre oppgåver enn vanleg og andre kostnader for sektoren.
— Ekstra tid for stipendiatar kostar åleine 25 millionar kroner i år. Pengar til undervisning er sett til 45 millionar, sa Bernstrøm.
Som Khrono har skrive, vurderer UiB å leiga lokale, til dømes i Grieghallen, for å kunne gi mest mogleg undervisning på campus til hausten. Leige vil kosta to millionar i månaden.
— Me har òg fått ein pris på kva det vil kunne kosta å digitalisera auditoria våre. Summen eg har fått ligg mellom fem og ti millionar, sa direktøren.
Desse summane er det UiB sentralt som må dekka. No når institusjonen får ekstra studieplassar, er det fakulteta som får studieplassmidlane dei første to åra.
— Både odontologen og museet taper pengar no. Me håpar styresmaktene vil bruka tal frå 2019 når dei skal fordela midlar for 2021, sa Bernstrøm.
Han sa at han reknar med at det vil koma lågare grunnløyvingar framover.
— Dersom ein dreg inn att den sparte arbeidsgivaravgifta, vil det ta heile 2020-effekten av ekstra studieplassar og rekrutteringsstillingar.
Nylige artikler
OsloMet vil i gang med å utdanne jurister
Universiteter stenger ned og legger om undervisningen
Når studenter blir straffet for å være syke
De kniver om å bli Norges mektigste student
Storbritannia stanser studentvisum fra fire land
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat