styremøte ved universitetet i bergen

UiB vurderer undervisning i Grieghallen til hausten

Universitetet i Bergen vurderer både leigemarknaden og kveldsundervsining slik at flest mogleg studentar kan møte opp fysisk til hausten.

Universitetet i Bergen vurderer å leige Grieghallen for å få nok plass og stor nok avstand mellom studentane sine under ferlesingar til hausten

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Pi er det magiske talet her, humrar viserektor for utdanning Oddrun Samdal.

— 3,14 kvadratmeter er det kvar student treng for at me skal halda smittevernreglane.

Det betyr at dei store auditoria ved Universitetet i Bergen berre kan fylla ein tredel av seta, noko som igjen betyr at det må leggast andre planar for at flest mogleg skal kunne få fysisk undervisning til hausten.

Informasjon om koronasituasjonen og kva UiB har gjort, er ei av sakene som skal drøftast når styret har møte torsdag. Møtestart er klokka 10, og du kan sjå møtet direkte her.

Vurderer Grieghallen

Samdal seier at UiB no ser på moglegheitene for å leiga lokale i sentrum. Ingen avtalar er førebels i boks, men både Grieghallen og kinoen er noko av det som vert vurdert.

— Kan de bruka universitetsaulaen?

— Ja, me ser på det òg, og tenkjer at me kan bruka den ein dag i veka, seier Samdal.

UiB-rektor Dag Rune Olsen seier at ein går ut i frå at ein vil kunne samla 200 menneske ved studiestart. Det er talet styresmaktene så langt har opna for i organisert samanheng etter 15. juni.

— Me diskuterer litt ulike scenario. Men det me reknar med at vil gjelda ut året, er ein meter avstand og gode rutinar for handvask, seier Olsen.

Undervisning til klokka 20

Universitetets aula kan også vere aktuell å ta i bruk til undevisning dersom smitterådene framleis er som i dag.

For at flest mogleg skal få tilbod om undervisning på campus, vil UiB òg opna for å ha undervisning utover kvelden, fram til klokka 20. Obligatorisk undervisning skal så langt som råd gå føre seg før klokka 16, heiter det i sakspapira. Statens personalhåndbok opnar for at ein kan ha arbeidstid fram til klokka 21. I ein mellombels avtale er dessutan regelen om kjernetid mellombels fjerna.

Olsen seier at ein del av undervisninga vil hausten vil verta digital, men ved å spreia undervisninga over fleire timar vil ein både ha færre studentar samla på campus og kunne bidra til at færre treng å reisa kollektivt samstundes.

— Fryktar de at studentar ikkje kjem til å koma fysisk til Bergen og UiB, sidan ein del av undervisninga vil verta digital?

— Ja, det er noko me er uroa for. Me ønskjer ein såkalla «sticky campus», det må vera noko der som gjer at studentane ønskjer å koma.

Kina og ph.d.-plan

Møtet torsdag er det siste som førebels står på sakslista til universitetsttyret dette semesteret. Andre saker som skal diskuterast er mellom anna handlingsplan for samarbeid med Kina og, handlingsplan for ph.d.-utdanning og høyringsuttale i samband med forslag til ny universitets- og høgskulelov.

S 50/20 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 51/20 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 23.4.2020
S 52/20 Fullmakts- og referatsakersaker, orienteringer og diverse referater mv.
S 53/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
S 54/20 Strategiske satsinger – Globale samfunnsutfordringer
S 55/20 Høring - forslag til ny universitets- og høyskolelov (NOU 2020:3)
S 56/20 Universitetets innspill til god styring av statlige universiteter og høyskoler
S 57/20 Økonomirapport per 1. tertial 2020
S 58/20 Regnskap for Universitetet i Bergen første tertial 2020
S 59/20 Budsjettprosessen for 2021
S 60/20 Revisjon av regnskap og budsjettdisponering for Universitetet i Bergen for budsjettåret 2019 - Unntatt offentlighet
S 61/20 Status for arbeidet med Handlingsplan for samarbeid med Kina
S 62/20 Ph.d.-utdanningsmeldingen 2019
S 63/20 Handlingsplan for ph.d.-utdanning 2020 - 2024
S 64/20 Forlengelse av midlertidig forskrift - Tillegg til grads- og studieforskriften
S 65/20 Oppnevning av styret for Holbergprisen for perioden 1.7.2020-30.6.2024
S 66/20 Forslag til endring i vedtektene til DNB NOR Jubileumsfond
S 67/20 Møteplan for universitetsstyret 2021
S 68/20 SARS-senteret - oppnevning av nytt styre
S 69/20 BOTT Økonomi og lønn. Status for arbeidet pr mai 2020 - Unntatt offentlighet
S 70/20 Internrevisjonsrapport 2020/02 Test av informasjons- og cybersikkerhet - Unntatt offentlighet
S 71/20 Ansettelse i åremålsstilling som senterleder ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning - Unntatt offentlighet
Styrets halvtime
Eventuelt

Powered by Labrador CMS