forskingsformidling

Kommunen skal spara pengar. Det får konsekvensar for forskarane

Både Universitetsmuseet og Forskningsdagene er uroa over konsekvensane av at dei får besøk av færre skuleelevar enn før. Årsak: Bergen kommune må spara pengar.

Ida Sagen er museumspedagog ved Universitetsmuseet i Bergen. Hun har teke på seg pingvinkostyme for å losa ei barnehagegruppe gjennom museet i opplegget «Isen smelter».

Museumspedagog Ida Sagen, til dette høvet kledd som pingvin, står framfor ei gruppe barnehagebarn. Dei er på Universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen (UiB) for å læra om kva som skjer når isen smeltar.

Sagen og kollegaene plar vanlegvis ha mange slike oppdrag kvar einaste dag. Men når Bergen kommune no har kutta ut ordninga med kulturbillett, får det konsekvensar for dei som formidlar forsking til barn og unge.

— Her ved museet har me tre tilsette museumspedagogar og i tillegg har me kunnskapsvertar som underviser. Dei er i hovudsak studentar ved UiB. Me har 15 ulike undervisningsopplegg, seier Odette Tetlie, som er pedagogisk leiar ved Universitetsmuseet.

Kjem seg ikkje til museet

Spørsmålet er kor mykje jobb det no vert for dei. Bergen kommune og kollektivselskapet Skyss har i om lag tjue år hatt ei ordning der såkalla kulturbillettar har vore tilgjengelege for skular og barnehagar. Ein billett har gitt ein klasse eller gruppe, inkludert vaksne, gratis kollektivreise til Bergen sentrum. Dette har sikra at skuleklassar mellom anna har hatt høve til å koma til teater og museum.

I fleire år har kommunen sett av 1,6 millionar kroner til ordninga. Men no skal kommunen spara pengar.

— I vår vart det brukt 6.000 slike billettar i kommunen. I haust har det berre vore 700 tilgjengeleg. Alle desse er brukt opp, seier Tetlie, og legg til:

— I dag har eg til dømes ikkje handsama ein einaste søknad om museumsbesøk. Og no plar det vera høgsesong.

Ho må leita litt i systemet når Khrono spør om å få koma innom medan det er ei barnegruppe på besøk.

— Me ser at dei private skulane og nokre barnehagar kjem. Og skular som held til i sentrum, slik at dei kan gå.

I eit innlegg i På Høyden skriv Tetlie at museet i vår hadde besøk av 12.000 barnehagebarn og skuleelevar. Over 4.000 av desse deltok på eit av museet sine undervisningsopplegg.

«Noen er kanskje på museumsbesøk for første gang, noen har sitt første (og eneste?) møte med Universitetet når de kommer til oss, og vi ønsker at dette møtet skal føre til et ønske om å komme tilbake; som elev, som publikum, og kanskje som student, eller ansatt», skriv ho.

— Kva konsekvensar får det for museet sine tilsette dersom besøket går ned?

— Dette rammar ikkje museumspedagogane, men det er synd for kunnskapsvertane, som går glipp av viktig formidlingstrening. I tillegg har me jo eit samfunnsoppdrag om å gjera kunnskap tilgjengeleg, som vert vanskeleg å få gjennomført. Kanskje kan me driva med noko oppsøkjande verksemd, men det vert ikkje det same, seier Tetlie.

— Du kan ikkje akkurat ta med deg eit kvalskjelett?

— Nei, me kan ikkje det. Og det er eit stort poeng at alle elevar, også dei i bydelane, skal kunne koma til oss og få ei museumsoppleving og eit møte med UiB. Me misser no store delar av dei som er vår viktigaste målgruppe: barn og unge. Dei er fremtida som me satsar på. Kommunen burde gjera det same.

Femti klassar har avbestilt

Vitensenteret VilVite har både Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet på eigarsida. Ein avtale med Bergen kommune gjer at skuleelevar i kommunen får gratis inngang. Men no er det mange skular som har avlyst besøka — fordi det ikkje er pengar til skyss. Den geografiske plasseringa til VilVite gjer at det ikkje er veldig mange skular som har gangavstand til dei.

— Så langt i haust har me hatt ganske normalt besøk. Men det er femti klassar som har avbestilt, seier direktør ved VilVite, Lars Leegaard Marøy.

Som Tetlie, seier han at dei tilsette nok skal klara å fylla dagane, men at det kan verta eit anna opplegg framover.

— Dersom elevane ikkje kjem til oss, må me reisa ut til dei. Men det er mykje me ikkje kan ta med oss, me har mellom anna fem laboratorium og over to tusen kvadratmeter med installasjonar, seier han.

På forskingstorget kan elevane besøka ulike stasjonar.

Fryktar terskelen vert høg

Nyleg gjekk årets forskingsdagar av stabelen. Men i år var det mange skular som avbestilte plassen dei hadde fått på forskingstorget.

— Me opplevde ein markant nedgang. Eg fekk e-postar frå skular som sa at dei ikkje kunne koma. Dei hadde ikkje pengar til skyss, og foreldre hadde ikkje høve til å køyra på dagtid, seier Silje Vik Pedersen, dagleg leiar i Forskningsdagene i Bergen.

Forskingstorget er for elevar på 6. og 7. trinn. Eit vanleg år er det over tusen elevar innom Bergen sentrum denne dagen.

— Dersom det vil verta ein nedgang i talet på elevar som kjem, fryktar eg at terskelen for å vera med vert høgare for forskarane, seier Pedersen.

— Det vert vanskeleg å forsvara å be forskarar om å vera med dersom det kjem langt færre elevar eller dersom forskingstorget berre vert ein dag, for allment publikum. Me i Forskningsdagene brukar ein del pengar på forskingstorget, og forskarane brukar både tid og ressursar.

— Har de nokre alternative måtar å nå elevane på?

— Me har eit opplegg for ungdomsskuleelevar, der forskarar reiser rundt til skulane. Men når ein gjer det på denne måten, vert det meir føredrag — det vert jo ikkje stasjonar, slik me har på forskingstorget. Eg trur ikkje me kjem til å nå like mange skular på denne måten. I tillegg er det ein verdi for elevane å reisa saman til sentrum, seier Pedersen.

Viserektor ved UiB, Gottfried Greve, og bergensordførar Marit Warncke under opninga av årets forskingstorg. Men Bergen kommune sine økonomiske prioriteringar gjer at det kom færre barn enn før til arrangementet i Bergen sentrum.

Kan ikkje garantera noko

Ordninga har vore politisk handsama i Bergen kommune. Først skulle ho fjernast heilt, og byråd for kultur, Reidar Digranes (Sp), sa ifølgje Bergens Tidende at fleire skular hadde nytta kulturbilletten til andre formål enn kulturarrangement.

Så opna byrådet for at det kunne delast ut nokre billettar, etter første skule til mølla-prinsippet.

Skulebyråd Daniel Hägglund (Frp) seier til BT at formålet er godt, og at byrådet ønskjer å vidareføra ordninga. Men det er eit «men» der:

— Kommunen har store økonomiske utfordringar. Alt som ikkje er lovpålagt, må me vurdera. Nøye. Så eg kan ikkje garantera noko.

Powered by Labrador CMS