Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, vil ha slutt på at statstilsette berre skal påleggast å vurdere pris og effektivitet når dei bestiller reiser. Foto: Foto: Marius Nyheim Kristoffersen
Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, vil ha slutt på at statstilsette berre skal påleggast å vurdere pris og effektivitet når dei bestiller reiser. Foto: Foto: Marius Nyheim Kristoffersen

SV-politikar: — På høg tid å ta miljø inn i statens reiseavtalar

Klima. Statstilsette skal reise så raskt og rimeleg som råd, ifølgje retningslinjene. No vil SV-politikar Lars Haltbrekken ha miljø og klima inn i statens reisereglar.

Publisert   Sist oppdatert

Fleire universitet i Noreg ber i retningslinjene sine tilsette om å tenke miljø når dei bestiller reisene sine. Det gjer så langt ikkje Statens personalhandbok. Der heiter det kort og godt at reisa «skal foretas på den for staten hurtigste og rimeligste måte når det samlet tas hensyn til alle utgifter (…).»

Fakta

Statens reiseavtalar

Statens reiseavtalar vart tidlegare kalla statens reiseregulativ. Dette er to avtalar som regulerer reglane for reiser i Noreg og utlandet.

Avtalane regulerer blant anna korleis arbeidstakarar for dekt kostnader i samband med reisa. Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar avtalane.

Særavtalen som staten har framforhandla med statens hovudsamanslutningar gjelder for statleg tilsette.

kjelde: Difi

Det vil medlem i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Lars Haltbrekken (SV), gjere noko med.

— Det er definitivt på høg tid at vi endrar statens reiseregulativ og tar inn miljøomsyn og ikkje berre pris i kriteria for val av reiser, seier Haltbrekken. Han understrekar at prisen fortsatt bør vere lågast mogleg, men at dette ikkje bør vere einaste krav .

Nær ein tredel av dei 166 000 statstilsette jobbar i universitets- og høgskolesektoren.

Haltbrekken får støtte frå leiar i energi- og miljøkomiteen, Ketil Kjenseth frå regjeringspartiet Venstre.

— Eg kjem til å ta opp dette med våre statsrådar for å sjå nærare på korleis vi kan utvikle kriteria slik at miljøindikatorar kan bli ein del av det. Dette kjem til å komme, før eller seinare, seier Kjenseth.

40 prosent fly

Som Khrono tidlegare har skrive, skal staten skifte skifte reisebyrå til neste år. I anbodsrunden frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) blir det eit absolutt krav at leverandørane skal tilby integrerte system for togbestilling. I dag er berre fly og leigebil lagt inn som direktebestilling hos reisebyråa tilsette i staten er pålagt å bruke.

Presset for å redusere klimagasutslepp knytt til flyreiser har auka på i staten, ikkje minst i universitets- og høgskulesektoren. Der står flyreiser åleine for rundt 20 prosent av indirekte utslepp av klimagassar. Samstundes har sektoren ambisiøse mål om nullutslepp og klimanøytralitet.

Difi har estimert det årlege reiseforbruket i staten under eitt til 2,4 milliardar kroner årleg. 40 prosent av denne summen er knytt til flyreiser. Undersøkingar som Difi har gjort viser at oppdragsgivarar ville ha valt eit meir miljøvennleg alternativ alternativ, dersom det var mogleg å bestille togreiser gjennom reisebyrå.

— For dårleg togtilbod

Haltbrekken peikar på at togtilbodet, og då særleg nattogtilbodet, må styrkast for å gi dei reisande reelle miljøval. Tog er, målt i klimagassutslepp, i dag det klart mest miljøvennlege transportmiddelet for personreiser.

— Tilbodet er altfor dårleg i dag.

Han peikar samstundes på at det ikkje alltid er slik at statens krav om velje det billegaste og raskaste transportmiddelet kjem i konflikt med miljøomsyn.

— Dersom eg for eksempel skal på ei reise til Bergen eller Trondheim, kan det bli billegare å ta nattoget og kome tidleg, sa nok fram, samanlikna med å flyge kvelden før og bestille hotellovernatting i tillegg. Då bør ein ikkje bli straffa for å ta toget, seier Haltbrekken.

UiO: «Kostnadseffektiv og miljøvennlig»

Blant universiteta har både NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og OsloMet på eiga hand lagt oppmodingar til dei tilsette i retningslinjene sine om å tenke miljøvennleg, utan at dette er formulert som noko krav.

UiBs retningslinjer følgjer opp statens påbod om «hurtigste og rimeligste måte», men har føydd til at «miljø- og bærekraftsmessige hensyn skal søkes ivaretatt ved planlegging og gjennomføring av reisen». UiO vil også vere «så kostnadseffektiv og miljøvennlig som mulig» og ber tilsette vurdere om reisa kan kuttast ut til fordel for telefon- eller videokonferansen. Det same gjer OsloMet.

NTNU lanserte i år «Reiseløftet» som skal få dei tilsette til å reise mindre. Transport og reiser utgjer 31 prosent av klimagassutsleppet ved NTNU, mesteparten frå flyreiser.

Samla gjennomfører statstilsette kring 450 000 flyreiser årleg, og 70 prosent av desse er innanlands reiser.