film

Khrono-meldar skal jobba for Hollywood

Når dei prestisjetunge Golden Globe-prisane vert delt ut i januar, har Khrono sin filmmeldar Jan Storø vore med på å bestemma kven som får dei.

Jan Storø veit ikkje om det vert tur til Hollywood, men han skal i alle fall vera med på å bestemma kven som får prisar som vert delt ut der.

— Fantastisk artig, seier Jan Storø.

Han er Khrono sin faste filmmeldar. Før helga fekk han beskjed om at han er plukka ut til å sitja i juryen som skal dela ut dei prestisjetunge Golden Globe-prisane.

Etter Oscar-utdelinga er dette ei av verdas største prisutdelingar for film, og utdelinga er i Hollywood på nyåret.

— Eg la ut ei melding på Facebook om at eg hadde vorte utnemnd. Då viser det seg at ein kritikar eg kjenner frå Belarus og ein frå Italia òg er plukka ut. Dette er kjempestas, seier Storø.

Golden Globe-prisane vert delt ut etter at filmkritikarar har stemt over kven dei synest skal få dei ulike prisane.

Søkte med Khrono-meldingar

Storø er engasjert både i det norske og internasjonale filmkritikarlaget. Tidlegare i år kom det ein e-post om at Golden Globe ønskjer å få inn fleire jurymedlemmer frå utanfor USA.

— Eg svara på denne, og sendte ein søknad der eg la ved meldingar eg har skrive for Khrono, fortel Storø.

Dei siste åra har han vore i juryen for fleire internasjonale filmfestivalar, mellom anna i Istanbul. Han har òg sete i juryen under Tromsø internasjonale filmfestival.

Etter at han byrja å melda film for Khrono, har han òg studert film ved Høgskolen i Innlandet, og teke tre ulike emne der.

Melder for kresent publikum

Det var Storø som sjølv melde seg til redaktør Tove Lie i Khrono sin barndom.

— Han sendte ein filmomtale som både var relevant utifrå tema og i tillegg godt skriven, seier Lie.

— Så eg tenkte at film-meldingar var noko me kunne ha, men då om kvalitetsfilm for eit kresent publikum.

Storø, som er dosent ved Institutt for sosialfag ved OsloMet, fortel at då han skulle starta som filmmeldar i Khrono, laga han ein instruks for seg sjølv: Han skulle melda filmar som var tilgjengelege for alle, og som var relevante.

— Men dersom eg berre skulle melda filmar som handlar om forsking, hadde det ikkje vorte så mange meldingar. Eg melder difor filmar ein kan setja inn i ei kunnskapsmessig ramme. Dei handlar gjerne om eit tema det vert forska på eller eit tema det vert undervist i, seier Storø.

Lie fortel at ho har fått fleire spørsmål om kvifor Khrono har film-meldingar.

— Mange er interesserte i film, og me skal òg ha stoff som kanskje er litt overraskande. Det er dessutan mykje å læra av god film.

Innimellom lagar Storø samlesaker, som til dømes kjem med tips om kva ein kan sjå av film og seriar i jula. For redaktøren har det vore viktig å òg presentera meldingar av film og seriar som kjem på dei mange strøymetenestene.

— Jan har fått ein fanskare, og han har vorte ein anerkjend film-meldar. Det han har fått til er veldig gøy, eg er stolt, seier Lie.

Jan Storø (til høgre) saman med Jan Storø Chiara Spagnoli Gabardi frå Italia og Stanislas Ide frå Belgia. Dei sat i juryen under filmfestivalen i Brussel i sommar.

Likar det smale

Den siste filmen han har sett for Khrono, er Erik Poppes variant av Utvandrene. Den første filmatiseringa av Vilhelm Moberg sine bøker kom for femti år sidan. Den nye varianten står for seg sjølv, skriv Storø, og tematiserer om det eigentleg er utvandring eller flukt som går føre seg.

— Òg vår del av verda har vore ein stad folk har reist frå i håp om eit betre liv. Me har ikkje vondt av å verta kjend med forteljingane til dei som utvandra og til dei som flyktar, skriv Storø.

Sjølv ser han gjerne film som ikkje alle ser.

— Eg likar mellom anna film frå Iran svært godt. Eg er nok orientert mot det som heiter art house, smale filmar om viktige tema.

Powered by Labrador CMS