søkertallene

Khrono-journalist tildelt NTBs språkpris

— Når du ynskjer å utfordre det etablerte og lukkast gjennom å få ei slik anerkjenning, så gir det større tryggleik til å halde fram, seier prisvinnar Njord V. Svendsen.

Gjev språkpris til Khrono sin journalist Njord Svendsen blei delt ut under Dei nordiske mediedagane i Bergen onsdag.
Gjev språkpris til Khrono sin journalist Njord Svendsen blei delt ut under Dei nordiske mediedagane i Bergen onsdag.
Publisert Oppdatert

Naturleg nok er det ikkje slik at språkprisvinnaren manglar ord, men han vart mållaus i nokre sekund då telefonen frå juryen kom i starten av april.

— Det var eit positivt sjokk å få ein så flott heider og ære. Vart vel litt høg rett og slett. Det er ei fantastisk fin anerkjenning å få for det som eg jobbar med. At det er ein pris som handlar om språk betyr sjølvsagt mykje.

Samanlikna med Vinje

I si grunngjeving skriv juryen at «Svendsens skarpe og morosame penn vekker assosiasjonar til nynorskpioneren Aasmund Olavsson Vinje».

— Du er opptatt av språket?

— Det er kanskje eit paradoks, men eg synest det ofte vanskeleg å skrive. Slik er det også litt merkeleg at eg har hamna i ein jobb som primært handlar om skriving. Samstundes er det motstanden som må overvinnast. Og i det ligg utvikling også når det gjeldt språket.

Han strevar med formuleringane kvar arbeidsdag.

— Eg må vel nesten slå fast for meg sjølv etter dette at eg er flink med språk. Det handlar likevel om at eg synest at det kan vere vanskeleg, men ikkje uoverkommeleg, å skrive godt.

Prisvinnaren opplevte at det vart meir utfordrande etter kvart.

— I ung alder var det lett å skrive. Eg fekk skryt av læraren. Men så kom motstanden inn. Det var ikkje like gøy lengre. Eg likte å få det til, men det var ikkje gøy. Eg føler heller ikkje så stor skriveglede i dag.

Stilsikker i blytung sektor

— Likevel er det godt nok til å bli tildelt ein av dei aller gjevaste utmerkingane for språk her til lands?

— Det er sjølvsagt ulike typar tekstar i min jobb. Og denne prisen får eg vel for dei artiklane som stikk seg ut, som har ein ekstra kvalitet. Det er jo ikkje slik at all min journalistikk er språkleg høgverdig.

I pressemeldinga frå juryen heiter det vidare: «Juryen heidrar Svendsens bruk av stilsikre språklege verkemiddel i tekstane han skriv om den ofte lite tilgjengelege blytunge kunnskapssektoren. Dermed opnar han opp ei boble som tidvis er ein lukka del av samfunnet. »

«Juryen har gjort eit godt val. Svendsen er eit glitrande eksempel på at godt mediespråk kan vere brekkstonga som opnar opp sjølv den tyngste materien », seier Tina Mari Flem i NTB i pressemeldinga.

Prisvinnar Njord Svendsen saman med NTB-leiar Tina Mari Flem og juryleiar Therese Manus.
Prisvinnar Njord Svendsen saman med NTB-leiar Tina Mari Flem og juryleiar Therese Manus.

Meir tekst, mindre tal

Fakta

Tidlegare vinnarar av NTBs språkpris

2020: Ingeborg Senneset, Aftenposten

2019: Paal Uvaag, Morgenbladet

2018: Per Anders Todal, Dag og Tid

2017: Eirin Eikefjord, Bergens Tidende

2016: Håkon Gundersen, Morgenbladet

2015: Redaksjonen i Aftenposten Junior

2014: Truls Dæhli,

VG 2013: Trude Lorentzen, Dagbladet

2012: Iver Gjelstenli, Romsdals Budstikke

2011: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv 2010: Helge Ulstein, Dagsavisen

2009: Hallgeir Opedal, Dagbladet

2008: Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2007: Kjetil B. Østli, Aftenposten

Prisvinnaren er opptatt av å få meir språktankar inn i journalistikken.

— Eg synest det i vår tid blir mykje snakk om tal og ikkje ord og setningar, altså språket. I journalistikken skal vi mange gonger formidle tal eller bodskap som bygger på statistikk, data eller talmateriale. Men det skal formidlast gjennom språket, presist, appellerande og gjerne underhaldande. Sett frå min kant skulle vi snakka meir om teksten og litt mindre om tal, likes eller statistikk.

Det er kort veg til ein av prisvinnaren sine kjepphestar.

— Vi må ikkje gløyme målet oppi all målinga. Nyheitsspråket er veldig formulert. Det handlar om tid og effektivitet. Men det blir fort litt for lettvint, sterilt og låst i konvensjonar. Eg har ein trong i meg til å snu og vende på ting. Eg har litt allergi mot klisjear når dei vert for påtrengande. Det er fullt mogeleg å eksperimentere med språket i nyheitsjournalistikken. Det burde fleire forsøke.

Språket er også sanning

Svendsen meiner at eit bevisst forhold til språket har med sanning å gjere, også i nyheitsjournalistikken.

— Det er naturlegvis eit ideal i journalistikken å få fram sanninga. Og sant er det oftast med rette fakta og sitat. Om vi går inn i språket er det også eit spørsmål om sanning. Dersom artiklar er skrivne veldig formulert og flosklane får styre, blir det raskt ei sløvheit både hjå journalist og lesarar. Ein risikerer at teksten framstår som sann mest fordi forma fungerer som nyheitsspråk og møter forventningar hjå lesarane.

— No til dags handlar det meste om historieforteljing?

— Ja, og det er bra. Samstundes vert det fort ein klisjé det også. Det er spanande og viktig at journalistikken opnar seg for fleire måtar å formidle på. Men eg tenkjer nok at kvardagsjournalistikken er like viktig når det gjeldt språkføring, og ikkje berre dei større sakene og reportasjane.

Stolt og glad

— Du jobbar i ei avis som har akademia som målgruppe. Kva tenkjer du om det akademiske språket?

— Det er mange språkmektige menneske i akademia. Mange skriv gode bøker og eg har stor respekt for desse. Eg føler språket i akademia er vorte veldig mykje betre. Utfordringa er at akademisk språk kan vere like livfullt som tørt gras. Det er ein del bevisstlaus språkbruk også i akademia der ein heldt seg fast i konvensjonane. Frykta for det banale er veldig sterk, og dermed blir tekstane kjedelege. Ikkje nokon språkfest for å seie det slik.

For Khrono og sjefredaktør Tove Lie steig imidlertid stemninga til nye høgder då prisvinnaren vart kunngjort.

— Eg er utruleg stolt og glad på vegner av Njord - og med det også Khrono. Njord Svendsen har ei god penn og skriv eit strålande nynorsk, som eg som redaktør gjerne vil ha meir av. At juryen får assosiasjonar til sjølvaste A.O. Vinje når dei les nokre av tekstane hans i Khrono gjorde meg faktisk rørt. Eg gratulerer, seier Khrono-sjefen.

Større tryggleik

— Nyttar du høvet til å vere språkpoliti der du befinn deg?

— Eg har sjølvsagt ikkje eit perfekt språk. Og eg er nok blitt betre med tanke på å drive språkrøkt av andre. Om eg skal setje meg på ein høg hest, endar eg jo sjølv med å bli livredd for eigne kommafeil. Den fallhøgda vil eg ikkje ha. Om eg ser nokon skriv dårleg, men prøver å gjere det bra, er det fint. Problemet er dei som er likegyldige. Utan tvil finst det feil, klisjear og dårleg språk også i mine tekstar, seier Svendsen.

— Ei slik anerkjenning, kva fører den med seg?

— Vi vil jo alle ha anerkjenning. Når du ynskjer å utfordre det etablerte og lukkast gjennom å få ei slik anerkjenning, så gir det større tryggleik til å halde fram. Eg veit ikkje, å få ein pris er enormt stas. Rett og slett.

Grunngjevinga til juryen

Her kan du lese heile grunngjevinga frå juryen:

Når NTBs språkpris blir delt ut for 15. gong, er det til ein kandidat som juryen med interesse og fascinasjon har følgt i ei årrekke.

Prisvinnaren i år går inn i ein blytung sektor, og løftar, ved hjelp av stilsikre språklege verkemiddel, saker andre ville lagt bort. Dermed opnar han opp ei boble som tidvis er ein lukka del av samfunnet.

Prisvinnaren har både snert og spenst i tekstane, og når han bruker metaforar, er det konsist og verknadsfullt. På ein gøyal måte flettar han inn finurlege fakta, som når han skriv: «Fire hundre nautiske mil nordaust for Kunnskapsdepartementet, på ei øy med litt fleire innbyggarar enn det er tilsette i Utdanningsdirektoratet, er dagen sett av til den neste utdanningsrevolusjonen.»

Vinnaren av NTBs språkpris 2021 skriv på eit plettfritt nynorsk. Han er stilistisk god, og når han lagar eit linjeskift, har det ei mening. Han inkluderer bakgrunnshistorier kort og presist, og seier mykje med få ord, slik at lesaren kan danne sine eigne bilde, som når han skriv: «Faren, som kom frå Gloppen i Nordfjord, er ei anna historie. Politimann, sportsmann i kraftdisiplinar som diskos og slegge, med olympisk potensial. Hadde det ikkje vore for krigen.»

Med den skarpe, morosame og tidvis frekke pennen sin vekker prisvinnaren assosiasjonar til nynorskpioneren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Juryen håper prisen i år bidrar til at fleire får auga opp for dei glimrande tekstane hans.

Vinnaren av NTBs språkpris for 2021 er Khronos Njord V. Svendsen.

Juryen for NTBs språkpris 2021
Therese Manus, juryleiar og leiar i Norsk kommunikasjonsforening
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Knut Olav Åmås, direktør i stiftinga Fritt Ord
Christine Calvert, dagleg leiar i Tekstdoktor
Sarah Sørheim, tidlegare nyheitsredaktør i NTB
Vidar Lynghammar, språkkonsulent i NTB Arkitekst

Powered by Labrador CMS