Internasjonalisering

Julien Bourrelle kom til landet for å forske. I staden gjorde han karriere av snåle nordmenn

— Dersom du kjem til Noreg og skal bruke fleire år på ein master eller ph.d., må du faktisk ta deg tid til å lære deg norsk, meiner fransk-canadiske Julien Bourrelle.
Publisert Oppdatert

Julien S. Bourrelles landing i bartebyen hausten 2009 vart overraskande hard.

Sjølv om han knapt hadde sett føtene utanfor Quebecs grenser før han vart vaksen, tok han det grundig igjen med eit ultrainternasjonalt studentliv dei komande åra. Etter Australia, New Zealand, Tyskland og Spania, etter å ha lært seg tysk, spansk og engelsk (morsmålet er fransk), etter å ha fått eit imponerande kulturelt mangfald under huda på forbløffande kort tid, var turen komen til Trondheim.

Fakta

Julien S. Bourrelle

  • Rakettforskar med spesialisering i astrodynamikk frå Montreal i Canada.
  • Held foredrag og kurs om norsk og skandinavisk kultur. Har gitt ut tre humoristiske bøker (The Social Guidebook to Norway 1 & 2), ei om svensk kultur (A Happy Culture of Scandinavia) og «Cracking the Scandinavian code : an illustrated guide to the nordic culture».
  • Driv forlaget Mondå saman med partnar og illustratør Elise Kollerud.

NTNU lyste ut eit stipendiat ved eit senter for framifrå forsking. Det var eit fagleg og økonomisk tiltalande steg. Han var godt skulert, også kulturelt.

— Eg hadde budd i fem land og gått gjennom det å tilpasse meg ein ny kultur fire gonger. Likevel skulle det vise seg å bli utruleg utfordrande å bli kjent med nordmenn. Ingen andre stader hadde det vore så vanskeleg som her, seier Bourrelle.

Forskarkarrieren er for lengst parkert. I staden er han blitt ein slags rikshumorist med norsk kultur og sosial interaksjon som spesialitet. Han har gitt ut 11 bøker. På foredrags-CV-en har han alt frå NATO til Ringnes, men også Høgskulen i Molde og andre lærestader. Interessa for, og meiningane om, den stadig meir internasjonale og på mange måtar forunderlege universitetsverda, har ikkje dabba av.

— Internasjonalisering og mangfald er grunnleggande bra, det skaper utvikling og innovasjon, seier Bourrelle.

Men han er skeptisk til for mykje tran.

Nisselandet på kornet

Saman med partnar i livet og jobben, Elise Kollerud, nærmar han seg svenskegrensa. Han har samarbeidd med Högskolan Dalarna om researchen til ei bok der snåle nordmenn er skifta ut med konstiga svenskar.

— Sett utanfrå er det ikkje stor forskjell på Noreg og Sverige, ikkje dersom du for eksempel kjem frå Iran, seier Bourelle på ei litt hakkete telefonlinje frå bilen.

Norsken er flytande, den franske aksenten frå Montreal i Canada, der han voks opp, er nesten utviska.

Med litt større lupe, jo så klart, svenskar og nordmenn er ulike:

— I Sverige ser dei ikkje på sin eigen kultur som sær. Svenskane vil for eksempel påstå at dei har null problem med å integrere utlendingar, fordi svenskane tenker dei er som alle andre. I Noreg forstår folk i større grad at kulturen deira er vanskeleg å få tak på. Nordmenn er veldig interesserte i alt som skil seg ut, seier Bourrelle.

Alle i verda slit med å forstå sin eigen kultur

Julien S. Bourelle

— Alle i verda slit med å forstå sin eigen kultur. Alle trur «vår kultur» er normal. Det er slik det må vere. Nordmenn er blant dei som er mest opne for å forstå kva som er annleis med deira kultur.

Inspirert av sitt eige, monumentale, kultursjokk starta Bourrelle det uhøgtidelege Facebook-prosjektet «I fusking love Norway» for ni år sidan. Dei små tekstane og teikningane tok dei kulturelle kodane i nisselandet på kornet. Utlendingane elska det. Nordmennene elska det.

Sida, som i dag manglar det saftige ordet i midten (Facebook synest det er for sterkt), har nådd over 60 000 følgjarar.

I 2014 kom Social Guidebook to Norway, og seinare Social Guidebook 2, med det beste frå Facebook-sida. No kjem endå ei bok snart ut, Nordmenn utan filter, mest retta mot eit norsk publikum.

— Dess betre vi forstår vår eigen kultur, dess betre blir vi til å samarbeide med andre kulturar, seier Bourrelle.

Universitetet delt i to

Internasjonalisering var blitt hot på den tida Bourrelle kom til Trondheim for å ta fatt på ein doktorgrad ved det framifrå forskingssenteret ZEB (Zero Emission Buildings) ved NTNU. Økonomisk og fagleg var det blitt lukrativt for mange å reise til Noreg for å forske og ta doktorgradar, forklarer han.

— Eg merka at nordmenn likte godt å le av seg sjølv, seierJulien Bourrelle, opphavleg frå Quebec, Canada. I dag bur han i Drammen med Elise Kollerud. Ho illustrerer bøker og driv forlag saman med Bourrelle.

— Men då eg begynte på doktorgraden, var det store problem med internasjonalisering ved NTNU og generelt i høgare utdanning i Noreg. Veldig mange utanlandske forskarar og studentar kom. Etter eit par år, såg eg at veldig få lærte seg norsk og tok del i samfunnet. Universitetet blei delt i to mellom dei norske og dei som kom frå utlandet. Dei som kom utanfrå og snakka engelsk, møttest, snakka saman, lunsja saman – men hadde veldig lite kontakt med nordmenn, fortel Bourrelle.

Det fanst heller ingen tilbod om å lære norsk ved universitetet den gongen. Overordna var det lett for Bourrelle å sjå problemet:

— Det går berre ikkje å invitere inn tusenvis av utlendingar utan å gjere noko meir for å følgje opp, utan å skape sosiale møteplassar.

Bourrelle bestemte seg for å gå motstraums. I 2011 vart han vald inn i universitetsstyret. Språket var norsk. Han sat i styret i to år, alt føregjekk på norsk.

— Det gjekk faktisk heilt fint.

Nordmenn er ivrige på å snakke engelsk, men det bør dei ikkje overdrive, meiner Bourrelle. Utlendingane treng norsktalande til å øve seg med.

Grenser for internasjonalisering

— Det burde stillast som eit absolutt krav til dei som kjem til Noreg, at dei lærer seg norsk. Dersom du kjem til Noreg og skal bruke fleire år på ein master eller ph.d., må du faktisk ta deg tid til å lære deg norsk.

— Språket er grunnleggande for å forstå kulturen og samarbeidet med nordmenn, seier Bourrelle.

Det er ikkje sunt for eit fagfelt å ha 90 prosent utanlandske doktorgradsstipendiatar

Julien S. Bourrelle

Han har verken følgt med på eller engasjert seg i den hissige debatten om internasjonalisering som starta med forskar Cecilie Hellestveits intervju i Khrono i fjor haust. Bourrelle meiner internasjonale forskarar og studentar er livsviktige for kunnskapssektoren. Men han meiner samstundes Noreg bør setje grenser for internasjonaliseringa.

— Som land er det veldig viktig at ein held på ein viss del gode stillingar for nordmenn. Det er ikkje sunt for eit fagfelt å ha 90 prosent utanlandske doktorgradsstipendiatar. Balanse er viktig ikkje berre for Noreg, men også for utlendingane som kjem. Det er viktig at dei kjem til eit miljø der det ikkje er berre nordmenn, men heller ikkje berre andre utlendingar, seier Bourrelle.

— Det er bra å halde på ein balanse. Det er jo sannsynleg at dei internasjonale flyttar ut igjen.

Det nordmenn trur

Kva er den kulturelle kodeknekkaren og sosiale isbrytaren? For Bourrelle er det humor.

— Eg merka at nordmenn likte godt å le av seg sjølve. Både utlendingar og nordmenn likte måten eg presenterte på. Humor er eit utruleg bra verktøy for å skape interesse. Eg har prøvd å ufarleggjere kulturelle forskjellar med humor. Men det kan vere farleg også, det tar tid å finne ut kva som er morosamt – og ikkje. Og så er det jo kulturelle forskjellar internt i Noreg. Trøndelag og Bergen er ikkje det same.

På universitetet var det det særleg to fenomen Bourrelle kjempa med den første tida: a) mangel på hierarki. b) kutyme for tilbakemeldingar.

— Det var ikkje noko hierarki i Noreg! Stipendiatane åt lunsjen sin med professorane! Professorane roterte som leiarar på instituttet!

Julien Bourelle kom som rakettforskar og blei i staden profesjonell leverandør av skråblikk på norsk og skandinavisk kultur. Saman med sambuar Elise Kollerud gir han snart ut bok om svensk kultur.

Ifølgje Bourrelle trur nordmenn at dei er veldig direkte i tilbakemeldingane sine. Men dei fleste som kjem utanfrå opplever det motsett, meiner han.

— Dette gjeld både ris og ros. Der eg kjem ifrå får du offentleg ros når du gjer noko bra. Men leverer du ikkje som forventa, kan du nesten bli gjort narr av, eller til og med få sparken. Ting får konsekvensar. I Noreg gjer det knapt det. Eg kjem frå ein kultur der ein ser opp til dei som er betre enn ein sjølv. I Noreg er det liksom ikkje forskjell på folk. Dette kan faktisk drepe motivasjonen til folk som kjem utanfrå.

Men kor utanfrå er Julien Bourrelle sjølv no, etter snart 14 år i det underlege landet med dei merkelege menneska?

— Eg føler meg meir norsk enn canadisk, svarar han momentant, på den hakkete telefonlinja, like før Sverige.

— Eg har til og med fått norsk aksent når eg snakkar engelsk.

Powered by Labrador CMS