Gi studentane grunngitte karakterar

Studentane bør ikkje berre få vite kva karakter dei har fått, men også kvifor dei har fått akkurat den karakteren. Dei som har våga å prøve ei slik ordning, ser at det fungerer.

Publisert Oppdatert

I desse dagar er det mange som har fått karakterane sine frå vårens eksamenar. Nokon blir glade, andre blir skuffa. Men kva lærer du eigentleg om kva du kan, og kva du kan bli betre på, av bokstaven som dukkar opp ved sidan av emnekoden og kandidatnummeret på StudentWeb?

Om du har fått ein A, har du ifølgje dei generelle vurderingskriteria gjort ein «Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.» Karakteren D er derimot eit prov på ein «Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.»

Men kva er det som gjer at akkurat ditt eksamenssvar skil seg ut, eller kva er dei vesentlege manglane dine? Var det i analysedelen eller i drøftinga du viste best vurderingsevne og sjølvstende? Det gir ikkje karakteren svar på. Denne eine bokstaven, som skal oppsummere eit halvt års innsats i faget, gir lite eller ingen hjelp til studenten som vil utvikle seg vidare.


I dag kan alle studentar som lurer på kvifor dei har fått den karakteren dei har fått, be om ei grunngiving frå sensor. Dette kan du gjere inntil ei veke etter at karakteren er kunngjort, normalt ved å sende ein epost til instituttet ditt.

Når du har bede om grunngiving, må instituttet prøve å få kontakt med sensoren din (som kanskje er på ferie), som så må leite tilbake til eksamenssvaret ditt og notatane sine (når ho er tilbake frå ferie), og så kan ho velje om ho vil gi deg grunngivinga skriftleg eller munnleg, normalt innan to veker.

Heile den akademiske 
kulturen byggjer på at ein må grunngi, forklare og underbyggje det ein gjer. Det er berre rimeleg at dette også skal gjelde for eksamens-sensuren.

Runar Bjørkvik Mæland

Dette systemet fungerer ikkje optimalt. Mange studentar veit ikkje om at dei kan be om grunngiving, eller veit ikkje korleis dei gjer det, eller dei trur at det er det same som å klage på karakteren (og at karakteren dermed kan bli endra) eller at dei berre kan be om grunngiving om dei skal klage. Mange som kunne hatt utbyte av ei grunngiving, får det difor ikkje. Studentar som kjem frå ein heim utan akademisk bakgrunn, og som difor ikkje har dei same føresetnadene for å knekke kodane som gjeld på universitetet, tapar særleg på dette.

Meir og betre informasjon kunne sannsynlegvis gjort at mange fleire bad om grunngiving for karakterane sine. Men kvifor er grunngivinga noko ein må be om i utgangspunktet?

Ei ordning med automatisk grunngiving, som Studentparlamentet går inn for, har fleire fordelar. For det første gir det studentane betre tilbakemelding på kva dei er sterke og svake på, slik at dei kan bli tryggare på kor dei står og kan vite korleis dei kan utvikle seg. Studiebarometeret viser at det nettopp er oppfølging og tilbakemelding studentane er minst nøgde med på studiet sitt.

For det andre er det meir praktisk både for studenten, sensor og eksamensadministrasjonen at grunngivinga kjem med ein gong, heller enn at ein må be om det seinare. For det tredje gir automatisk grunngiving ei kvalitetssikring av arbeidet til sensor: Når ho må underbyggje karaktersettinga ved å vise korleis ho har vurdert eksamenssvaret opp mot vurderingskriteria, gir det ein større tryggleik for at sensor ikkje har sett karakteren på eit sviktande grunnlag.

Ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) på Universitetet i Oslo har dei prøvd ut ei slik ordning. Der får lektorstudentane grunngiving for karakteren frå sensor på epost samstundes som karakteren blir kunngjort. Ei evaluering dei har gjort i vår syner at alle partar er nøgde:

Studentane er nøgde med å få ei kvalitativ tilbakemelding saman med karakteren. Administrasjonen er nøgd med at alle studentar får same klagefrist, og at dei slepp å mase og purre på sensorar etter grunngivingar når studentar bed om det. Sjølv om det krev noko meir tid for sensorar å skrive ei grunngiving for kvar karakter, er dei òg nøgde med at dei slepp å lese gjennom eksamenssvar og sine eigne notatar på nytt for å skrive grunngiving seinare.


Eit argument som blir brukt mot ei ordning med automatisk grunngiving for alle karakterar, er at det viktigaste for studenten er å få tilbakemelding før eksamen, og at det ikkje er verd å bruke ressursar på å gi alle tilbakemelding etter eksamen, når studentane uansett er ferdige med emna og skal vidare til nye emne der dei skal lære andre ting.

Tilbakemelding undervegs i semesteret er sjølvsagt viktig. Men på mange emne får ein slik tilbakemelding først og fremst på innleveringar og framlegg som ikkje tel med i karakteren,  frå stipendiatar eller masterstudentar som er engasjert som gruppelærarar. Å få ei kvalitativ tilbakemelding på sluttarbeidet der ein verkeleg skal vise kva ein har lært, frå professoren eller førsteamanuensen som er ekspert på feltet og sensurerer eksamen, har ein eigen verdi.

Dessutan skal det vere slik at dei ulike emna ein tar i eit studieprogram byggjer på kvarandre, slik at ein utviklar ein fagleg og profesjonell kompetanse gjennom heile studiet.  Dersom det verkeleg er slik at ei fagleg tilbakemelding i eitt emne ikkje lenger er relevant når ein går vidare til eit anna emne, vitnar det om at studieprogrammet manglar samanheng og progresjon.

Dei aller fleste studieprogram har likevel nok samanheng til at studentane kan bli betre av å lære kva dei har gjort bra og dårleg på kvart enkelt emne. Om du til dømes får som tilbakemelding at du ikkje er sjølvstendig nok i analysen, eller at du ikkje framstiller faglege argument klart og tydeleg nok, kan du øve på å bli betre på dette neste semester – sjølv om du då har eit anna stoff på pensum.


Heile den akademiske kulturen byggjer på at ein må grunngi, forklare og underbyggje det ein gjer. Det er berre rimeleg at dette også skal gjelde for eksamenssensuren. Å innføre ei ordning med automatisk grunngiving for karakterar bør vere ein del av eit større arbeid med å utvikle vurderinga slik at ho ikkje berre blir eit måleinstrument, men eit verktøy for læring for studentane.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!