Dette biletet er frå ei filosofiforelesing ved NTNU tidlegare i år. Ifølge Live Nerdrum i Kantar er studietida noko mange ser tilbake på som ein kjekk periode i livet, noko som igjen bidreg til at utdanningssektoren generelt sett har eit godt omdømme. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Fire av fem universitet på topp 10-liste

Ranking. Av fem kartlagde universitet er det berre eitt som ikkje er inne på topp 10-lista blant 33 offentlege verksemder i TNS Kantar si omdømmerangering for 2019.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NTNU gjekk heilt til topps på analyseselskapet Ipsos si omdømmemåling, kunne Khrono melda på måndag. Også på TNS Kantar sitt omdømmebarometer er det NTNU som fører an, i år som i fjor.

FAKTA

Om undersøkinga

Kantar TNS gjennomfører årlege målingar blant eit utval av verksemder innan offentleg sektor.

I 2019 er 33 verksemder kartlagde og det er gjennomført om lag 250 intervju per verksemd.

3248 personar er intervjua.

Intervjua blei gjennomførte i april og mai (veke 17 – 20.

Formålet med omdømmeundersøkinga er å kartlegga verksemdene sine omdømme og gje kvar enkelt verksemd tilbakemelding på kva område som bør jobbast med for å styrka omdømmet.

Ansvarleg for målinga i Kantar er Live Nerdrum.

Kantar har kartlagd 33 offentlege verksemder, og blant NTNU, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, UiT Norges arktiske universitet og OsloMet, er alle utanom sistnemnde inne på topp 10.

Det bidreg til å plassera utdannings- og forskingssektoren suverent på topp blant dei andre sektorane (tilsyn, etatar, direktorat og departement) som er undersøkte.

På plassane rundt universiteta på topp 10-lista finn me Noregs Bank på 2. plass, Lånekassen på 3. plass , Forbrukartilsynet på 6. plass, Folkehelseinstituttet på 7. plass og Statens pensjonskasse på 8. plass.

Mitt inntrykk er at universiteta fokuserer mykje på dette.

Live Nerdrum

Sjå dei 33 verksemdene rangerte i eigen tabell nedst i artikkelen.

— Flinke til å promotera seg sjølv

Omdømmepoenga som universiteta har fått i år er så å seia identiske som i fjor, og gjennomsnittsscoren på 65 betyr at utdannings- og forskingssektoren har «eit sterkt omdømme».

Prosjektansvarleg i Kantar, Live Nerdrum, trur grunnen til at omdømmet er såpass sterkt blant utdanningsinstitusjonane mellom anna handlar om at kvar enkelt institusjon bevisst brukar ressursar på å bygga opp merkevara.

— Mitt inntrykk er at universiteta fokuserer mykje på dette. Fleire av dei er flinke når det kjem til reklame og liknande, og generelt sett er dei veldig flinke til å promotera seg sjølve i ulike kanalar, seier Nerdrum til Khrono.

Suverene NTNU

Sektorane rangert

Sektorar Poeng
Utdanning og forsking65
Tilsyn56
Etatar46
Direktorat33
Departement26

Poengverdien er gjennomsnittet blant verksemdene i dei ulike sektorane.

— Så er det jo også slik at dei andre offentlege sektorane kanskje er meir utsette for dårleg omdømme. Til dømes har nok mange eit inntrykk av at ting og tang går litt treigt, og samstundes er det veldig enkelt å merka seg feil og manglar når det gjeld verksemder som NAV og liknande, seier Nerdrum vidare.

NTNU har fått same poengsum som i fjor, 88, noko som blir karakterisert som «særdeles sterkt omdømme». Nest best blant universiteta er UiB, UiO og UiT, som alle har over 60 poeng, noko som karakteriserast som «sterkt omdømme». OsloMet har 40 poeng, og har ifølge Kantar eit «sårbart omdømme».

— Studietida er noko mange ser tilbake på som noko kjekt, og det speler nok også inn når det gjeld det totale omdømmet, poengterer Nerdrum til slutt.

Verksemdene rangert

Verksemder Poeng
NTNU88
Noregs Bank81
Lånekassen74
UiB68
UiO66
Forbrukartilsynet65
Folkehelseinstituttet65
Statens pensjonskasse64
UiT Norges arktiske universitet63
Finanstilsynet62
Mattilsynet60
Tollvesenet56
Forskingsrådet55
Datatilsynet55
Arbeidstilsynet55
Skatteetaten53
Konkurransetilsynet53
Helsetilsynet46
Politiet45
DSB43
OsloMet40
Finansdepartementet40
Helsedirektoratet37
Statens vegvesen36
Utdanningsdirektoratet34
Miljødirektoratet32
Kunnskapsdepartementet31
Forsvaret30
Kulturrådet24
Miljøverndepartementet18
Samferdselsdepartementet16
Utlendingsdirektoratet5
NAV0

Over 75 poeng: Særdeles sterkt omdømme. 55-74 poeng: Sterkt omdømme. 35-54 poeng: Sårbart omdømme. Under 35 poeng: Svakt omdømme.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS