Systematisk arbeid med omdømme over tid er heilt avgjerande for å lukkast, meiner prorektor ved NTNU, Bjarne Foss. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Systematisk arbeid med omdømme over tid er heilt avgjerande for å lukkast, meiner prorektor ved NTNU, Bjarne Foss. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

NTNU toppar omdømmemåling blant utvalde universitet og høgskular

Omdømme. Prorektor Bjarne Foss ved NTNU har eit klart tips til kva utdanningsinstitusjonar må gjera for å få betre omdømme. Ifølgje prosjektleiar Karen Lillebø i Ipsos bør ein i alle fall ikkje skifta namn.

Publisert   Sist oppdatert
Fakta

Om undersøkinga

  • Analyseselskapet Ipsos si profilunderøking av norske og etatar og organisasjonar fokuserer i stor grad på dei ulike verksemdene sine omdøme.
  • Undersøkinga blir bygd kring faktorar som samfunnsansvar, effektivitet og økonomisk styring, openheit og informasjon og kompetanse og fagkunnskap.
  • Ipsos vervar 1000 tilfeldige nordmenn via telefon før dei sender ut spørmsål- og svarskjema til dei som har sagt ja til å delta.
  • I tillegg til dei 13 aktuelle utdanningsinstitusjonane omfattar også undersøking av fleire andre typar organisasjonar, bedrifter og departement.
  • Resultata av omdømeundersøkinga blir ikkje offentleggjort i sin heilskap, men alle som blir undersøkt får tilbod om å kjøpa ein utarbeidd rapport om seg sjølv med informasjon om korleis dei ligg an i forhold til andre.

Kjelde: Ipsos

Analyseselskapet Ipsos har nyleg gjennomført ei omdømmeundersøking av 13 av universiteta og høgskulane i Noreg.

Tal som Khrono har fått tilgang til viser at Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) kjem desidert best ut av undersøkinga.

Idrettshøgskulen, Universitetet i Oslo og NHH tar dei neste plassane.

Me ser også at dei som har vore studentar hos oss tidlegare er veldig flinke til å snakka varmt om oss også etter at dei er ferdige å studera.
Bjarne Foss
Prorektor for forsking, NTNU

— Me jobbar veldig bevisst

På spørsmål om kva totalinntrykk folk har av NTNU svarar 29 prosent at dei har eit «meget godt» inntrykk av institusjonen, medan 39 prosent svarar at dei har eit «ganske godt» inntrykk. Samla har altså fleire enn to av tre spurde eit godt inntrykk av NTNU.

Nærast NTNU på lista finn me Noregs idrettshøgskule, der til saman 61 prosent har eit meget eller ganske godt inntrykk av institusjonen.

I tabellen «Institusjonane rangert» kan ein sjå kor mange prosent av dei spurde som har eit meget eller ganske godt inntrykk av dei 13 ulike utdanningsinstitusjonane. Fullstendig tabell finn du nedst i artikkelen.

Prorektor i forsking ved NTNU, Bjarne Foss, seier til Khrono at dei er godt nøgde med årets resultat.

— Dette er noko som me jobbar veldig bevisst med på NTNU, og som me har lagt stor vekt på i lang tid, seier Foss.

Også i fjor gjekk NTNU til topps i ei omdømmeundersøking, den gongen av Kantar TNS si Offentlig omdømme-måling.

Skryt av dei tilsette og studentane

Ipsos si undersøking viser at NTNU har hatt ei positiv utvikling når det gjeld omdømme heilt tilbake frå 2004 og kvart år fram til i dag. Foss meiner nøkkelen til stadig å vera i betring, er å jobba systematisk over tid.

Institusjonane rangert

NTNU68%
Noregs idrettshøgskule61%
Universitetet i Oslo53%
Noregs Handelshøgskule53%
Handelshøgskulen BI46%
NMBU42%
Universitetet i Bergen39%
UiT Noregs arktiske universitet33%
OsloMet26%
Universitetet i Stavanger23%
Nord universitet22%
Universitetet i Agder22%
Høgskulen i Kristiania17%

Prosentane viser kor mange av dei spurde som har eit meget eller ganske godt inntrykk av utdanningsinstitusjonane.

— Definitivt. Dei gode resultata me har fått i desse undersøkingane dei siste åra, skuldast godt og systematisk arbeid på dei ulike institutta våre. Det gjeld både dei tilsette og studentane. Me ser også at dei som har vore studentar hos oss tidlegare er veldig flinke til å snakka varmt om oss også etter at dei er ferdige å studera, skryt Foss.

På NTNU sitt styremøte i desember er omdømme sett opp som ei eiga sak.

— Det som skjer då er at me samlar inn ulike erfaringar og blir samde om korleis me skal utvikla dette vidare og ta ytterlegare steg i riktig retning, forklarar Foss.

Eigentleg skulle omdømme vere tema på styremøtet i forrige veke, men då tok konflikten og deling av Institutt for historiske studier mykje tid i styret.

På spørsmål om Foss har eit godt tips til andre institusjonar om korleis dei kan betra omdømmet sitt, er prorektoren klar i talen:

— Ta utganspunkt i dei operative miljøa og arbeid systematisk over tid. Bruk dei faglege kunnskapane som allereie ligg der til å utvikla organisasjonen.

— Namneskifte ikkje bra for omdøme

Prosjektansvarleg for omdømmeundersøkinga i Ipsos, Karen Lillebø, er samd med Foss i at systematisk arbeid over tid er avgjerande for å betra omdømmet, men trekk også fram ein anna faktor som ho meiner er svært – ja, kanskje til og med aller viktigast når det gjeld omdømmebygging.

— Me ser at namneskifte på organisasjonen ofte fører til dårlegare omdømme. Skifter ein namn, vil ein som regel slita nokre år. Det høyrest kanskje enkelt ut, men det handlar om kva folk tenkjer når dei ser namnet på organisasjonen. Har det skjedd ei endring, kan mange ofte tru at det ikkje er positivt. Tapet av omdømme kan rett og slett bli veldig stort dersom ein skiftar namn, seier Lillebø.

— Det viktigaste når det gjeld omdømme er kjennskap. Det å vera anonym er utruleg vanskeleg både for utdanningsinstitusjonar, bedrifter og andre organisasjonar. Kjenner ikkje folk til namnet ein har, blir ein som oftast ignorert.

Difor er ikkje alle med

Khrono har spurt Karen Lillebø om korleis Ipsos har vald kva for 13 utdanningsinstitusjonar dei skal undersøka og kvifor til dømes ikkje Noregs fjerde største universitet, Universitetet i Søraust-Noreg, er med i undersøkinga. Svaret frå Lillebø er at Ipsos tradisjonelt sett har fokusert på dei største og mest etablerte institusjonane i landet.

— Me byrja med dei største og viktigaste, og så har fleire av dei nyetablerte og mindre institusjonane teke kontakt etter kvart. Når det gjeld USN spesielt, så har eg ikkje noko godt svar på kvifor dei ikkje er blant dei 13 i årets undersøking, poengterer Lillebø.

Høyskolen Kristiania ligg heilt nedst på målinga. Men Universitetet i Agder, Nord universitet og Universitetet i Stavanger har alle ein lang veg opp til toppen frå det nedste sjiktet, med 22-23 prosent som gjer dei meget god eller ganske god skår.

Marknads- og kommunikasjonsdirektør Stein-Oddvar Evensen ved Høgskulen Kristiania, som kom dårlegast ut av dei 13 utvalde institusjonane, ønskjer ikkje å kommentera resultatet av undersøkinga på det noverande tidspunkt.

— Eg kan ikkje kommentera dette før eg har sett heile undersøkinga. Me vil jobba med å få tak i resultatet, og viss det let seg gjera, kan eg svara betre når me har sett oss litt meir inn i kva dette er for noko, seier Evensen til Khrono måndag ettermiddag.

Tysdag morgon har han lese rapporten frå Ipsos, og skriv følgjande i tekstmelding:

— Kristiania har mindre kjennskap og kunnskap fordi me er ein ny høgskule, og rapporten viser ast me er verken det eine eller det andre, altså meir anonym. Det er relativt mange som har høyrd om oss, medan ikkje like mange veit kva me er. Det siste er noko me må jobba med i tida som kjem.

— Ifølgje studentbarometeret er me blant høgskulane og universiteta i Noreg med høgast tilfredsheit, skriv Evensen til slutt.

(Artikkelen er oppdatert med tekstmeldinga frå Evensen tysdag morgon, dagen etter at artikkelen først blei publisert.)

Rangering totalinntrykk av utdanningsinstitusjonar i 2019

Institusjon Meget godt inntrykk Ganske godt inntrykk Verken eller Litt dårleg inntrykk Meget dårleg inntrykk Ubesvart
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet29%39%21%10%
Noregs idrettshøgskule15%46%28%3%8%
Universitetet i Oslo11%42%29%2%15%
Noregs Handelshøgskule13%40%33%4%10%
Handelshøgskulen BI11%35%32%11%2%8%
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet13%29%38%2%18%
Universitetet i Bergen9%30%40%1%20%
UiT Noregs arktiske universitet8%25%41%8%1%24%
OsloMet5%21%41%8%2%24%
Universitetet i Stavanger4%19%50%3%24%
Nord universitet3%19%44%5%2%26%
Universitetet i Agder5%17%50%1%26%
Høgskulen i Kristiania3%17%51%6%1%26%

Tabellen viser hovudresultatet av Ipsos si omdømmeundersøking av 13 ulike utdanningsinstitusjonar i Noreg.