Debatt ●Arna Meisfjord
Kanskje Nokut berre er i trassalderen
Det er meir enn trist at ein Nokut-direktør, som har både ei myndigheitsrolle, ei kunnskapsrolle og ei pådrivarrolle, brukar posisjonen sin til ei så einsidig nedrakking av Nesna.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Nokut-direktør Kristin Vinje hevdar i Khrono 21.01.2023, at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningane (Nokut) er vorte vaksen sidan oppstarten i 2003. Men spørsmålet er kanskje om Nokut berre er i trassalderen framleis. Som «Kjerringa mot straumen», rettar Nokut-direktøren fingrane i vêret og gjentek sitt personlege standpunkt om at universitetsstrukturen skal vedtakast i Nokut og ikkje gjennom politisk styring. Argumentet rimar meir med Vinje sin tidlegare rolle som stortingsrepresentant for Høgre (2013 -17).
«Det skal ikke ligge et universitet på Nesna bare fordi Senterpartiet vil det», hevdar Vinje retorisk, vel vitande om at i dag er det slik at det nettopp er regjering/Storting som har fullmakt til å teikne universitetsstrukturen i landet vårt. Slik har det vore sidan Noreg fekk sitt første universitet i Kristiania i 1811.
Denne praksisen har tent oss godt i over to hundre år, kan vi trygt slå fast. Om eit ekspertorgan og Nokut- direktør Vinje er ueinige, endrar ikkje dette eit historiske faktum. Hadde det vore slik at ekspertane innafor akademia skulle hatt fullmakt til å avgjere strukturane innafor høgare utdanning, er det ikkje sikkert Noreg hadde vore eit av dei beste land i verda å leve i. Desse ekspertane hadde ein tendens til å meine at kvinner ikkje hadde kapasitet til å studere og arbeidsfolk og bønder burde bli ved sin lest, slik at dei som var skikka til høgare utdanning kunne få ha sine privilegium i fred.
Kampen for høgare utdanning i Noreg er ei stolt og imponerande historie. Ikkje minst er det imponerande at det finst ein høgare utdanningsinstitusjon på Nesna. Då presten Ivar Hjellvik kom til Nesna i 1918, var det ikkje slik. Fattigdomen var stor, det herja fleire pandemiar og det var krig i Europa. Hjellvik skjøna at det berre var utdanning som kunne løfte Noreg ut av fattigdomen. Han fekk oppretta den første høgare utdanningsinstitusjonen i Nordland, gjennom etablering av Nesna private lærarskule. Hausten 1918 starta det femti elevar med lærarutdanning på Nesna. Halvparten av desse var kvinner.
I 1924 tok Staten over ansvaret for institusjonen. Kva institusjonen på Nesna har hatt å seie for utdanning og kulturbygging i Noreg, er grundig dokumentert i boka Lærerutdanninga på Nesna, 1918-2018. (Haukland, 2018). I 1918 var det store problem med å skaffe utdanna lærarar til Nord- Noreg og til distriktskommunar. Slike utfordringar er det og i dag.
Det er kanskje for mykje forlanga at direktør Vinje skal kjenne til denne historia. Men det er meir enn trist at ein Nokut-direktør, som har både ei myndigheitsrolle, ei kunnskapsrolle og ei pådrivarrolle, brukar posisjonen sin til ei så einsidig nedrakking av Nesna. Det tyder ikkje på at Nokut, under leiing av Kristin Vinje, er vorte vaksen.
Nyeste artikler
Dette ønsker amerikanske universiteter seg fra den nye presidenten
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår