NOKUT bytta ut professor Solveig Østrem i ei sakkunnig komite for et masterprogram ved Høgskulen i Volda. Foto: Torkjell Trædal

Institusjonane skal ha tillit til NOKUTs akkrediteringar

Sakkunnig. Solveig Østrem vart bytta ut for å unngå at begge dei sakkunnige i denne komiteen skulle ha store engasjement ved same institusjon, skriv Clara Hasselberg i NOKUT.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Khrono på veslejulaftan er Ingmar Meland kritisk til korleis NOKUT har handsama saka om sakkunnig komité for ein søknad om akkreditering frå Høgskulen i Volda. Han påstår at NOKUT gjer fagleg knefall for Høgskulen. La meg vere heilt klar: Det gjer NOKUT sjølvsagt ikkje.

NOKUT skal sikre og fremje kvalitet i norsk utdanning, blant anna ved å vere portvakt for kva for slags masterutdanningar høgskular kan tilby. Det er viktig at institusjonane har tillit til vurderingane og arbeidet vi gjer. Vi nyttar difor eksterne sakkunnige for at våre avgjerder skal være basert på høg fagleg kompetanse. Vi er òg opptekne av at dei sakkunnige ikkje vert oppfatta å kome fra berre eit fagmiljø, ein fagtradisjon, eller eit geografisk område.

NOKUT meiner det er god (forvaltnings-)skikk at dei som søker akkreditering eller blir ført tilsyn med får uttale seg om vårt forslag til sakkunnig komité. Det er sjeldan at ein institusjon har innvendingar til våre forslag. Dersom det skjer er det gjerne habiliteten til dei vi foreslår vi må sjå nærare på. Det er sjølvsagt ikkje slik at ein institusjon kan bestille, velje eller vrake sine sakkunnige.

Solveig Østrem vart bytta ut for å unngå at begge dei sakkunnige i denne komiteen skulle ha store engasjement ved same institusjon. Vi vil understreke at NOKUT ikkje er kritiske til Østrem sin faglege kompetanse eller posisjon i sitt fagmiljø. Vi har nytta Østrem som sakkunnig før, og gjer det gjerne igjen.

Powered by Labrador CMS