Nokut bytte ut professor Solveig Østrem i ein sakkunnig komite for eit masterprogram ved Høgskulen i Volda. Nokut seier det handla om geografi, men Volda argumenterte òg med hennar faglege ståstad. Foto: Torkjell Trædal

Fagleg knefall i Nokut?

Sakkunnig. Ingmar Meland er uroa over saka der Nokut bytte ut professor Solveig Østrem som sakkunnig i vurderinga av eit masterprogram ved Høgskulen i Volda.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Saka om at professor Solveig Østrem av Nokut er blitt bytt ut som sakkunnig etter ynskje frå Høgskulen i Volda, er for meg ei merkeleg og urovekkjande sak. Den passar dessverre alt for godt inn i eit bilete som Klassekampen for nokre år sidan (i 2013) eksponerte under overskrifta «faglighet for fall». Nedanfor skal eg i fem punkt forklare kva eg meiner.

Tilliten til Nokut vil bli ytterlegare svekka, dersom det inntrykket skulle fest seg at institusjonane så å seie kan «velgje og vrake» i kven som skal sitje i vurderingskomiteane.

Ingmar Meland

(1) Når dosent Bente Vatne i eit brev til Nokut skriv at Østrem «høyrer til ein ytterfløy» og har «marknadsført standpunkt» som samsvarer dårleg med det Høgskulen i Volda har av «intensjonar og ambisjonar for master i barnehagepedagogikk», så seier det sitt. Høgskulen i Volda vil ikkje ha noko av at professor Østrem skal vurdere deira søknad om master i barnehagepedagogikk. Dei likar nemleg ikkje standpunkta hennar. Det er grunnpremissen i denne saka, eit grunnpremiss som Nokut ser ut til å ha gått med på, sjølv om dei nektar for at så er tilfelle.

(2) I lys av grunnpremissen er argumentet til Vatne om «variert og samansett kommisjon» i mine auge dårleg. Om det er slik at fagmiljøet i Noreg ikkje er så stort, slik Clara Hasselberg i Nokut gjer merksam på, kor variert og samansett kan kommisjonen bli? Og er det ikkje eit poeng at ein variert og samansett kommisjon har medlemmer som kan granske søknaden kritisk, nettopp for å sikre kvaliteten på utdanninga? Kort sagt: «variert og samansett» er ikkje eigentleg eit argument her. Det er eit påskot Vatne brukar for å bli kvitt Østrem, fordi ho har fremja synspunkt som Vatne ikkje likar og som ho meiner kan setje akkrediteringa deira i fare. Det er såleis kanskje forståeleg at ein i Volda blir uroleg, men kan ein på det grunnlaget å be om å få skifta ut ein sakkunning som Nokut har utnemnd? Vel, det er vel lov å prøve seg, men eg må seie at eg tykkjer Vatne her på ein utidig måte sår tvil om den fagleg og personlege integriteten til professor Østrem.

(3) I lys av grunnpremissen er også argumentet om at dei i Volda vil ha «sakkunnige som sjølve har jobba med å utvikla eit masterprogram» dårleg. Kva veit Vatne om kva for kompetanse Østrem har når det gjeld utvikling av masterprogram? Kanskje har Østrem jobba med å utvikle eit masterprogram på dette feltet? Endrar det saka? Er ho då «god nok» for Volda? Om ho ikkje har vore med på å utvikle eit masterprogram, er ho då ute av stand til å vurdere eit masterprogram i barnehagepedagogikk. Nei, sjølvsagt ikkje. Professor Østrem er ein profilert, produktiv og svært anerkjent professor på feltet. Igjen: Når Vatne fremjar dette argumenter, er det frekt, usakleg og eigna til å så tvil om den faglege kompetansen til professor Østrem. Det er fordi lesaren kan få det inntrykket at professor Østrem ikkje er fagleg kompetent og at ho difor ikkje bør vurdere søknaden frå Volda. Har ein i Nokut undersøkt om Østrem har vore med å utvikla masterprogram på feltet?

(4) Med det spørsmålet kjem eg til det som verkeleg er urovekkjande i denne saka, nemleg korleis Nokut har handtert den. «Nokut har ikkje tatt stilling til påstanden frå Høgskulen om kva for posisjon Østrem har i faget», seier Hasselberg til Khrono. Neivel, men kort godt er kronargumentet deira om «geografisk spreiing»? I mine auge er det heilt på sida av saka. Når Clara Hasselberg seier at «under vegs i prosessen kom det fram informasjon om arbeidsforholdet til ein av dei andre sakkunnige som gjorde at me fall ned på at det var riktigast å endre komiteen», skal det då forståast slik at fordi både Østrem og Hansen er tilknytt OsloMet, difor er det for liten geografisk spreiing i kommisjonen? Hansen si tilknyting til OsloMet endrar vel ikkje på at Hansen er dansk og arbeider i Aarhus? Det heng ikkje på greip. Argumentet om «geografisk spreiing» ser for meg ut til å vere det ein på engelsk kallar «a red herring», ein retorisk manøver Nokut nyttar for å avleie merksemda frå at dei har gjeve etter for Vatne og Volda i denne saka.

(5) I lys av det faktum at søkjarane ikkje ofte har innvendingar mot dei oppnemnde sakkunnige, er det for meg oppsiktsvekkjande at Hasselberg seier «det skal i utgangspunktet mykje til før me gjer om på forslaget vårt». Dersom argumentet om geografisk spreiing ikkje held, kva er då dei vektige grunnane i dette tilfellet? Sjølv om Hasselberg nektar for det, er det nærliggjande å tenkje at Nokut stillteiande har gått med på Vatne si framstillinga av Østrem som høyrande til «ein ytterfløy» med standpunkt i diskusjonen om barnehagefeltet «som ikkje er i samsvar med våre intensjonar og ambisjonar for master i barnehagepedagogikk ved Høgskulen i Volda». Det som då er uhøyrd, er at Nokut på dette (særs tvilsame) grunnlaget dreg den slutninga at professor Østrem såleis er ugild og ikkje kan vere med å vurdere eit planlagd masterprogram på ein fagleg og uhilda måte – og det er praktisk talt det dei gjer. Då står i mine auge det faglege for fall.

Ein merknad, før eg avrundar: Det er sjølvsagt viktig å halde for auga at heilt skeivt samansette komitear kan føre til urettvise vurderingar. Det veit ein mellom anna frå arbeid med å setje ned kommisjonar som skal vurdere doktoravhandlingar eller opprykk. Her er det likevel snakk om noko anna, nemleg at det nasjonale organet for kvalitet i utdanninga bøyer av for usaklege innvendingar frå Høgskulen i Volda, innvendingar som manglar fagleg relevans.

Nokut skal gjennom akkreditering halde opp og vere pådrivar for kvaliteten i norsk utdanning, men i mine auge er NOKUT i denne saka med på å undergrave tilliten til seg sjølv og sitt eige samfunnsoppdrag. Det er fordi dei i dette tilfellet har gjort knefall for insinuasjonar om manglande fagleg integritet og kompetanse hjå professor Østrem. Om ein skulle leggje opp til ein mistenksam lesemåte, som eg meiner er rettkomen i dette tilfellet, kan ein forstå det slik (a) at Vatne oppfattar Østrem som fiendtleg innstilt til deira opplegg, (b) at ho på vegne av Høgskulen i Volda indirekte ber Nokut om å få ein person som er venlegare innstilt og (c) at ho på sviktande grunnlag har fått gjennomslag for dette hjå Nokut.

Tilliten til Nokut vil bli ytterlegare svekka, dersom det inntrykket skulle fest seg at institusjonane så å seie kan «velgje og vrake» i kven som skal sitje i vurderingskomiteane. Det blir såleis spanande å sjå kven Nokut fell ned på som erstatning for professor Østrem.

Powered by Labrador CMS