dekanval
Ingen vil bli dekan på Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen
Ingen vil ta roret på det økonomisk kriseramma fakultetet.

Det er ikkje berre rektorar som skal veljast ved universitetet i vest. Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) er blant fakulteta som rekrutterer den øvste faglege leiaren på demokratisk vis (fleire fakultetet har gått over til tilsette dekanar).
Men då fristen for å melde opp kandidatar til toppvervet fredag, var status følgjande:
Null.
— Vi har utvida fristen med to veker slik reglementet opnar for. Vi håper inderleg at vi kan finne kandidat, seier fakultetsdirektør Ove Borge.

Dårleg økonomi
Det psykologiske fakultet er ramma av alvorlege økonomiske utfordringar. Fakultetet hadde eit underskot på 26 millionar kroner i første halvår i 2024, og har innført tilsettingsstopp.
— Det er trist, men forståeleg at ingen vil ta ansvar i den situasjonen fakultetet er. Kort sagt har ein over tid tilsett for mange og brukt for mykje pengar. Denne gjelda arvar komande dekanar, seier Helge Holgersen, som er førsteamanuensis ved fakultetet og tillitsvald for Forskerforbundet ved UiB.
Det skal veljast både dekan og prodekan ved fakultetet. Alle som er fast tilsette i undervisnings- eller forskarstillingar, og instituttleiarar som er tilsett på åremål, kan veljast til dekan.
Dersom berre éin kandidat melder seg, skal valet gjerast av det avtroppande fakultetsstyret som valforsamling, ifølgje regelverket. Når ein no står utan kandidat, blir det opp til nominasjonskomiteen å gå på leiting.
Ingen plan
Kva som skjer dersom det ikkje let seg gjere å finne ein kandidat innan den nye fristen, finst det ingen plan for. Det er så vidt fakultetsdirektøren kjenner til ein ny situasjon.
— Dette har vi eigentleg ingen opsjon for. Vi må satse på at det kjem eit alternativ, seier han.
Då no avtroppande dekan, professor Normann Anderssen, vart vald inn i stillinga i 2021, var han einaste kandidat.
Dekanstillinga kjem med ekstra løn og avtalar om forskingstermin etter enda teneste.
Endringslogg 30. mars 2025 kl. 18.50: I ein tidlegare versjon sto det at Normann Anderssen har vore dekan sidan 2001. Det er retta til 2021.
Nyeste artikler
Ikkje i rute med studiekutt. Skal spare 50 millionar
Publiserte én artikkel i uken. Nå blir professoren gransket
Kun én vil beholde kravet om studiepoeng i norsk. Det er ikke Språkrådet
Med fakta skal alternative fakta fordrives
Columbia kutter 180 stillinger etter Trump-nedskjæringer
Mest lest
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Da de nektet å forlate rektors kontor ringte NTNU politiet. — En skamplett
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Etikkutvalg: «Stipendiaten er berettiget en unnskyldning fra veileder»