Forskarforbund-leiaren om høgre sitt forslag
— Ikkje verdig eit parti som kallar seg kunnskapsparti
Forskarforbund-leiar Guro Elisabeth Lind gir forslaget om å legge ut forelesningar gratis på nett det glatte lag. NHO hyllar idéen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Dette er ikkje verdig eit parti som kallar seg sjølv for eit kunnskapsparti. Dei må setje ein fot i bakken og gjere ei revurdering, for dette held ikkje mål.
Kraftsalven kjem frå leiaren i Forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind, og er ein respons til programkomiteen i Høgre sitt forslag om at alle forelesningar ved offentlege universitet og høgskular skal ligge gratis ute på nett.
Lind meiner forslaget vil svekke kvaliteten i høgare utdanning.
— Vi har eit mål om meir studentaktiv læring og det betyr tettare dialog mellom forelesar og student. Difor er dette forslaget heilt feil veg å gå, seier Lind til Khrono.
Meiner forslaget vil auke kvaliteten
Forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim har ei heilt anna oppfatning.
Då Høgre presenterte utkastet til nytt partiprogram på OsloMet tidlegare denne veka, sa Asheim at ei slik tilgjengeleggjering av forelesningane tvert i mot vil auke kvaliteten.
— Det gjer at du og eg som innbyggar kan få tilgang på denne kunnskapen. Det er det minste ein skal kunne forvente. Vi brukar nesten 40 milliardar kroner i året på denne sektoren, eg skjønar ikkje kvifor det skal vere så hemmelegheitsfullt, sa Asheim.
Meiner Asheim burde ha større forståing
— At Asheim sjølv frontar dette er ein tankevekkar. Han, som sit i den ministerposten, burde ha større forståing for kva kvalitet i utdanning inneber, seier Forskarforbund-leiar Lind.
I motsetnad til Asheim, meiner Lind at innspelte forelesningar berekna på alle, raskt vil forringe kvaliteten for alle dei som faktisk studerer i dag.
Ho meiner at både vitskapeleg tilsette og studentar vil kvie seg for å seie ting eller stille «dumme» spørsmål, då forelesningane vil bli tilgjengelege for alle i evig tid.
— Dette forslaget er direkte i strid med stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høgare utdanning som regjeringa kom med for tre år sidan. Der stod det «for kunnskap er ikke en vare som skal formidles og konsumeres. Det er noe som oppstår og utvikler seg når underviser og studenter kommer sammen», seier Lind.
Lind seier at Forskarforbundet er einig i tanken om å gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg for folk, men er usamd med Høgre i måten det skal gjerast på.
— Forelesningar er jo allereie opne slik det er i dag, ein kan delta i formatet som allereie ligg der. Målet om å opne akademia er godt, men det bør heller skje på måtar der ein kan gjere det lettare å kombinere jobb og studier, til dømes, seier Lind.
— Fullstendig urealistisk
Lind meiner Høgre sitt forslag vil krevje store administrative ressursar og støttetenester.
— Høgre har strupt sektoren for administrative ressursar, gjennom såkalla effektiviseringskutt i sju år no. I same utkast til partiprogram foreslår dei å oppretthalde desse kutta. Å samstundes tru at ein skal klare å legge ut høgkvalitetsforelesningar er skivebom, seier Lind. Ho legg til:
— Og det at ein skal klare å gjennomføre dette på fire år er fullstendig urealistisk, med mindre Asheim meiner dei vitskapeleg tilsette skal forske og formidle mindre, eller søke mindre forskingsmidlar. For dette vil ikkje gå rundt, seier Lind.
Forsking- og høgare utdanningsminister Asheim står framleis på sitt, etter å ha blitt konfrontert med Lind sine utspel i saka.
— Eg blir litt overraska over at Forskarforbundet er ueinig i tanken om at auka kunnskapsdeling er bra både for samfunnet vårt og den enkelte. Eg trur til og med det kunne ha bidrege til å auke tilliten til all den viktige forskinga som går føre seg ved universiteta og høgskulane, skriv Asheim i ein e-post.
Asheim meiner det er mange måtar å gjere utdanningane og det faglege innhaldet meir tilgjengeleg for folk flest.
— Det er ikkje slik at eit opptak av forelesninga er einaste utveg. Sjølv hadde eg synst det ville vore interessant å lytte til podkastar av professorar om tema som oppteg meg, skriv Asheim.
Asheim svarer ikkje konkret på Lind si skulding om at Høgre har strupt for administrative ressursar.
Positiv til digitalisering
Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) er på si side positive til Høgre sitt forslag om å legge undervisningsmateriale på nett.
— Å legge forelesningar ut på nett kan vere eit første steg til å gjere undervisningsopplegg meir tilgjengeleg, parallelt med at ein også må sikre at det pedagogiske blir tatt vare på. Dette er bra for institusjonane sine eksisterande studentar, det tilgjengeliggjer utdanning for nye studentar og det er eit gode for samfunnet som heilskap, skriv Mari Sundli Tveit, områdedirektør for politikk i NHO, i ein e-post.
Ho meiner det er viktig å utnytte potensialet digitaliseringa gir for å styrke og utvikle studentaktive læringsformer.
NHO-direktøren meiner at evnen til å tilpasse seg nye rammer for undervisning, som institusjonane har vist gjennom koronakrisa, er noko ein bør bygge vidare på.
— Her opnar det seg også store moglegheiter for å imøtekome arbeidslivet sin etterspørsel etter eit fleksibelt og digitalt etter- og vidareutdanningstilbod. Per i dag er det dessverre for få såkalte Massiv Open Online Courses (MOOC)-tilbod tilgjengeleg i Noreg. Då er det eit godt tidspunkt å ta debatten om å gjere alt av undervisningsmateriale og forelesingar tilgjengeleg på nett, skriv Sundli Tveit.