Debatt Eivind Digranes

Ikkje godt nok, Asheim!

Statsråd Henrik Asheim si «løysing» på Lånekassen-saken er ikkje ei reell løysing. Regelen om forbud mot verv må fjernast fullstendig.

— Det er vanskelig å tolke denne saka som anna enn ei grunnhaldning om at dei som mottar tilleggsytingar frå staten «eigentleg ikkje er sjuke», og «prøver å lure til seg pengar frå fellesskapet», skriv rådgivar i Unge funksjonshemmede, Eivind Digranes.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Unge funksjonshemmede var ein av forkjemparane for å få på plass tilleggsstipendet til studentar med funksjonsnedsettingar, då ordninga kom i 2011. Så langt har stipendet vore eit viktig bidrag i kampen for å sikre likeverdig tilgang til utdanning for funksjonshemma.

Det var difor mildt sagt sjokkerande å lese i førre veke at Lånekassen har byrja å stille krav om at funksjonshemma studentar ikkje kan ha frivillige verv så lenge dei mottar stipendet. I praksis inneber det eit forbud mot frivillig engasjement i studietida.

Vi er glad for at statsråd Henrik Asheim kom på banen raskt og sa klart ifrå: Lånekassen har tolka regelverket for strengt. Funksjonshemma studentar skal kunne ha frivillige verv i studietida.

Sjølv om vi er nøgde med den prinsipielle avklaringa, er vi likevel ikkje trygga av statsråden sitt svar.

I staden for å endre formuleringane i regelverket, signaliserer Asheim i eit intervju med Handikapnytt at Lånekassen må utvise eit større skjønn, og at dei må gjere ei vurdering «i kvar enkelt sak».

Samtidig opner han for at det går ei grense for kor mange verv ein kan ha før ein utfordrer intensjonen med regelverket. Kor denne grensa går, vil han ikkje seie noko om.

Det er ikkje godt nok. Ved å oppretthalde dagens regelverk, seier Asheim i praksis at det framleis skal vere ei opning for å kunne ta frå funksjonshemma studentar stipendet.

Dermed har statsråden i realiteten gitt Lånekassen ei fullmakt til å halde fram med ein noko meir liberal versjon av den inngripande praksisen dei allereie fører.

Ved å seie at det går ei grense for kor mange verv ein kan ta på seg før ein potensielt mister stipendet, signaliserer også Asheim at det framleis skal settast eit likheitsteikn mellom frivillige verv og lønna arbeidsforhold. Det er svært problematisk.

Eivind Digranes

Vi stiller også spørsmål ved korleis Lånekassen skal klare å ivareta rettstryggleiken til den enkelte studenten i ei slik skjønnsmessig vurdering.

Skal Lånekassen aktivt oppsøke og lagre sensitiv informasjon om kva enkeltstudentar bruker fritida si på? Korleis skal Lånekassen vurdere kva for verv som er innanfor regelen, og kor grensa går for kva som er «for mange verv»?

Ved å seie at det går ei grense for kor mange verv ein kan ta på seg før ein potensielt mister stipendet, signaliserer også Asheim at det framleis skal settast eit likheitsteikn mellom frivillige verv og lønna arbeidsforhold. Det er svært problematisk.

Eit frivillig verv er ikkje samanliknbart med eit arbeidsforhold. Eit verv er mykje meir fleksibelt og lavterskel, og lar seg oftare kombinere med sjukdomsperiodar. Å ha kapasitet til å engasjere seg i mange ulike frivillige verv, er ikkje det same som å ha kapasitet til å jobbe.

Asheim si nye tolking utelukker også framleis at ein kan ta på seg verv kor ein mottar honorar. Det betyr mellom anna at studentar med funksjonsnedsettingar ikkje kan delta i mange styrer, råd og utvalg ved universitet og høgskular.

Det er eit paradoks at funksjonshemma studentar mellom anna blir nekta å delta i læringsmiljøutvalga, som mellom anna diskuterer universell utforming og inkludering i undervisninga.

I tillegg er det mange ubesvarte spørsmål ved heile prosessen som statsråden må svare på.

Vi veit framleis ingenting om korleis Lånekassen sitt nye krav oppstod, kor lenge det har eksistert, og kor mange som har blitt ramma. Vi veit heller ikkje kor mange som har latt vere å søke på stipendet, eller latt vere å ta på seg eit verv, på grunn av frykt for kontroll og økonomiske sanksjonar.

Dagens regelverk er eit alvorleg angrep på funksjonshemma sine demokratiske rettigheiter.

Eivind Digranes

Det er også sterkt kritikkverdig at denne regelen ser ut til å ha bli innført i det stille. Vilkåra har ikkje så vidt vi kjenner til blitt sendt ut på høyring, og verken vi eller andre organisasjonar som representerer studenter med funksjonsnedsettingar har blitt involvert. Korleis er det i det heile tatt mogleg?

Det er vanskelig å tolke denne saka som anna enn ei grunnhaldning om at dei som mottar tilleggsytingar frå staten «eigentleg ikkje er sjuke», og «prøver å lure til seg pengar frå fellesskapet». Det er dessverre ei form for mistillit og utdatert menneskesyn som ungdom med funksjonsnedsettingar altfor ofte må forhalde seg til.

For la det vere klart: Dette er ikkje eit stipend ein mottar for å lure til seg enkle pengar, men fordi det er støtte ein er heilt avhengig av for å ha råd til å fullføre studiene.

Å kunne engasjere seg frivillig er ofte ein heilt grunnleggande del av det sosiale fellesskapet i studietida. Det er endå meir tilfelle for studentar med funksjonsnedsettingar, som ofte fell utanfor det sosiale livet der dei studerer. Frivillige verv er også i mange tilfeller den eine sjansen funksjonshemma studentar har for å få erfaringen dei treng for å kome seg inn i eit arbeidsliv som alt for ofte stenger dei ute.

Dagens regelverk er eit alvorleg angrep på funksjonshemma sine demokratiske rettigheiter. Vi forventer difor at Asheim gir tydelig beskjed: Frivillige verv skal aldri vere grunnlag for å frata funksjonshemma studentar si utdanningsstøtte. Regelendringa må reverserast.

Powered by Labrador CMS