statsbudsjett 2022
Idrettshøgskulen manglar mange millionar. — På grensa til uforsvarleg
Norges Idrettshøgskole går over til staten si husleigeordning. Dei får kompensert 20 av 44 millionar kroner.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Våren 2020 la den dåverande regjeringa vekk forslaget om å overføra ansvaret for å forvalta staten sine eigedommar ved Universitetet i Bergen, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Universitetet i Oslo, UiT Norges arktiske universitet og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet til Statsbygg. Men Norges Idrettshøgskole (NIH) er òg sjølvforvaltande. Dei stod ikkje på lista den gongen.
Etter ein eigen prosess vart det i juli i år klart at staten tek over NIH sine eigedommar, og at den vitskapelege høgskulen går inn under statens husleigeordning — slik mange andre utdanningsinstitusjonar allereie er. I forslaget til statsbudsjett for 2022 ligg det inne ein kompensasjon på 20 millionar kroner.
Det er altfor lite, seier NIH-rektor Lars Tore Ronglan til Khrono.
— Me er uroa over kva konsekvensar dette får, og fryktar det vil gå rett inn i kjerneverksemda vår, seier han.
Kostar 44, får 20
Husleiga er på 44 millionar kroner i året, og at dei får høgskulen altså tjue. I den andre enden kjem dei til å spara noko på at Statsbygg tek over ansvaret, men langt frå alt.
— Veit du kor mange millionar de kjem til å mangla?
— Nei, det sit nokon hos oss og reknar på no, seier Ronglan tysdag ettermiddag.
— Men me skal framleis ha ansvar for mykje av innhaldet i bygga våre sjølve, til dømes at det er vatn i symjehallen og banedekke i idrettshallen. Alle utandørsanlegga er det òg me som kjem til å ha ansvar for. Dette betyr at eigedomsavdelinga vår framleis kjem til å vera stor.
— Uforsvarleg
NIH har styremøte allereie denne veka. I desember skal styret vedta budsjett for 2022. Det kjem til å verta krevjande, seier rektoren.
— Å få nokre få månader på oss på så drastiske kutt er på grensa til uforsvarleg, seier Ronglan.
I tillegg får også NIH dei vanlege avbyråkratiskerings- og effektiviseringskutta (ABE-kutt), og må som dei andre institusjonane betala inn meir i pensjon.
— ABE-kutt er ekstra krevjande for små institusjonar. Me kjem raskt inn til kjerneverksemd, seier Ronglan.
No jobbar høgskulen inn mot den nye regjeringa.
— I den store samanhengen er dette små pengar, men for oss er det store pengar - og veldig avgjerande.