sjølvforvaltande institusjonar

Idrettshøgskolen: Dette heng ikkje på greip

Norges idrettshøgskole er både skuffa og overraska over at dei risikerer å mista råderetten over eigne bygg.

Norges idrettshøgskole har passert 50 år, og har eigd bygga sine sjølve heile tida. Det kan det no verta slutt på.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Regjeringa legg vekk forslaget om å overføra ansvaret for å forvalta staten sine eigedommar ved UiB, NMBU, UiO, UiT og NTNU til Statsbygg, heitte det i ei pressemelding som vart sendt ut tidleg tysdag.

Gleda var sjølvsagt stor.

— Me er svært nøgde med at kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup og forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim har kome til denne konklusjonen, sa UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum.

— Ei gladmelding, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen til eigne nettsider. Sjur Baardsen, rektor ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet kalla det svært gledeleg i eit debattinnlegg i Khrono. Men ved Norges idrettshøgskole (NIH) var det ingen jubel. Dei var nemleg ikkje nemd før lang nede i pressemeldinga:

«Fordi eiendomsmassen ved Norges idrettshøyskole (NIH) er begrenset, legges det opp til en egen prosess for å vurdere om denne institusjonen, som i dag er selvforvaltet, skal inngå i statens husleieordning og forvaltes av Statsbygg».

— Dette kom som lyn frå klar himmel. Me er skuffa, men òg veldig overraska. Alle dei seks institusjonane har stått saman, med den same argumentasjonen. Styresmaktene har ikkje gitt noko signal om dette før det kom i dag, seier NIH-rektor Lars Tore Ronglan til Khrono.

Rektor Lars Tore Ronglan ved Norges idrettshøgskole er svært skuffa over at høgskulen risikerer at Statsbygg overtek bygga deira.

Det var Uniforum som først skreiv at Idrettshøgskolen ikkje var med på lista.

Ikkje kontorbygg

Ronglan reagerer på at det vert sagt i pressemeldinga at det ikkje er viktig kven som forvaltar bygga, men at det er viktig at studentane og dei tilsette har gode rammer for utdanning og forsking. Han viser til at Idrettshøgskolen har mange spesialrom, som er designa utifrå ei idrettsvitskapeleg grunngiving.

— Dette er kompetanse som ikkje ligg i Statbygg, det er ikkje eit vanleg kontorbygg me har, seier han, og viser til at NIH har vore sjølvforvaltande og sjølve utvikla campus i alle dei 52 åra skulen har eksistert.

— Argumentasjonen heng ikkje på greip. Det har aldri tidlegare vore eit argument at me har vore for små. I strukturdebatten vart det sagt, særleg om dei vitskapelege høgskulane at det er mogleg å vera både liten og god og liten og viktig, seier Ronglan.

Eigen prosess

I pressemeldinga heiter det berre at det skal vera ein eigen prosess for Idrettshøgskolen. Dei andre fem institusjonane som eig bygningane sine sjølve skal ikkje inn i statens husleigeordning, men tiltak som kan legga til rette for framleis god forvaltning av eigedommane skal verta vurderte.

Ronglan seier at han ikkje veit noko om vegen vidare for NIH.

— Me kjem til å argumentera på same måten som me til no har gjort. Me har fått til å integrera idrettsvitskapeleg forsking og utdanning, og kan visa til høge søkjartal, god gjennomstrøyming og mykje forsking. Dersom me ikkje skal eiga bygga sjølve vil me missa moglegheita til å tenkja heilskapeleg og strategisk. Eg trur heller ikkje ein vil spara pengar, seier rektoren.

Asheim: Har ikkje bestemt oss

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim skriv i ein epost at regjeringa framleis ikkje har bestemt seg for om Norges idrettshøgskole skal verta overført til Statens husleigordning og verta forvalta av Statsbygg.

— Me kjem til å gjera ei vurdering av om det er fornuftig med ei slik overføring. Det som har vore argumenta er at NIH har ein vesentleg mindre og mindre kompleks bygningsmasse enn dei fem store sjølvforvaltande unviersiteta me no har konkludert med, og at behovet for ei eiga stor eigedomsavdeling difor er mindre, skriv Asheim.

Asheim viser til at bygg og eigedommar ved fleire andre høgskular er forvalta av Statsbygg. I 2019 tok Statsbygg over Norges Handelshøyskole sine bygg.

— Eg er oppteken av at me skal ha ein god dialog med idrettshøgskulen før me konkluderer i dette spørsmålet, seier statsråden.

(Oppdatert 20.mai kl 19.42 med kommentarar frå Asheim)

Powered by Labrador CMS