Deadline
I to år har universitetet hatt kniven på strupen. No går fristen ut
Nord universitet meiner dei har reparert doktorgradsprogram som trua med å degradere institusjonen til høgskule.
(Du kan følge styremøtet på teems gjennom denne lenken)
Det er i siste instans statusen som universitet som står på spel.
I to år har Nord universitet vore i arbeid for å rette opp manglar i ph.d.-graden til studiar i profesjonspraksis. Denne veka er deadline for innlevering av rapporten som skal dokumentere at programmet er reparert. Mottakar er tilsynsorganet Nokut, som skal avgjere om arbeidet får bestått.
For å kunne kalle seg universitet, må institusjonen ha minimum fire doktorgradsprogram. Dersom Nord skulle miste profesjonspraksis-programmet, vil det berre vere tre igjen. Dermed ville universitetet risikere å bli degradert til høgskule.
No meiner leiinga ved Nord universitet at dei har rodd seg i land:
«Betydelige justeringer»
Det er “gjennomført flere betydelige justeringer i programmets innretning, organisering og struktur”, heiter det i rapporten som Nokut får i posten denne veka. Ifølgje Nord universitet er fagområdet “videreutviklet” på fleire plan.
Programmet har også endra namn. Frå no av skal det heite ph.d. i profesjonsvitskap.
Ifølgje saksframlegget til universitetsstyret, som behandlar rapporten på sitt møte onsdag, er det “etablert en fler- og tverrfaglig kjerne med vitenskapelig ansatte med ansvar for utvikling innenfor fagområdet og ph.d.-programmet. De formelle kravene til faglig kompetanse og forskningsaktivitet er oppfylt for alle i denne kjernen, og de vitenskapelige ansatte er med i relevante forskningsgrupper”.
Nokut varsla i 2018 om revisjon av doktorgradsprogrammet og sette i gang ein prosess som har kosta mykje tid og krefter i nord. 16 personar fordelt på tre utval har vore i sving ved universitetet for å arbeide med “redningsaksjonen” og utviklinga av programmet.
Ingen frå det aktuelle fagmiljøet fekk plass i utvala, noko som vekte reaksjonar. Det var representantar frå fagmiljøet som først varsla Nokut om faglege manglar og utfordringar i 2016.
Konflikt i mange år
— Det fortonar seg som represaliar. Det at nokre av oss har varsla, blir opplevd som at leiinga straffar eit heilt fagmiljø, sa førsteamanuensis Jan Selmer Methi til Khrono i 2020.
Mehti varsla saman med kollega og professor Johan Arnt Myrstad Nokut i 2016 om det dei oppfatta som ei forvitring av doktorgradsprogrammet.
Nord-leiinga avvist kritikken frå Mehti og andre frå fagmiljøet, og viste til at dei blei inkludert i arbeidet på andre måtar.
Doktorgradsprogrammet i studiar av profesjonspraksis har i mange år vore prega av konflikt. Striden toppa seg i 2016, då det som den gong var Universitetet i Nordland fusjonerte med to høgskular og danna Nord universitet. Samstundes vart Profesjonshøgskolen ved tidlegare Universitetet i Nordland delt i to, i eit lærarfakultet og eit helsefakultet. Senter for profesjonspraksis hadde ansvaret for doktorgradsprogrammet. Samstundes ønskte dekanane på fakulteta å overta hovudansvaret.
Den omdiskuterte doktorgraden til Andreas Ribe-Nyhus doktorgrad vart i 2020 avlagt ved programmet for profesjonspraksis.
No ein relativt omfattande prosess igjen før Nord eventuelt kan få endeleg akkreditering til doktorgradsprogrammet, og dermed berge universitetsstatusen.
Først skal Nokut vurdere arbeidet Nord har gjort. Så skal representantar for Nokut besøke Nord universitet i mars, før den sakkunnige komiteen der skal gi si innstilling. Til slutt skal saka styrebehandlast i Nokut.
Det er venta at det kan ta opptil eit år før konklusjonen er klar.
Nyeste artikler
Her er forskaren sine råd til korleis bruka ChatGPT
Sjusk og fusk i norske fagmiljøer
Tilsyn avdekket sviktende arkivføring
Rapport: Det har blitt meir krevjande å samarbeide med forskarar frå andre land
Sverige går motsatt vei av Norge: Vil heve kravene til lærerutdanningen
Mest lest
Student døde under fjelltur i regi av Nord universitet
Mange tomme studieplasser etter nye signaler om masterkrav
Sjå kva arkeologen skreiv for 150 år sidan
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU