— Vi vart ikkje høyrt internt, og vi ville stått ansvarleg dersom vi ikkje varsla Nokut. Vi hadde ikke berre rett til å varsle, men også ei plikt til å gjere det, seier førsteamanuensis Jan Selmer Methi ved Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet.

Varsla om doktorgrad: No meiner han Nord-leiinga straffar eit heilt fagmiljø

Redningsaksjon. Nord-rektoren meiner fagmiljø kjem med urimelege påstandar i saka rundt kven som er oppnemnd i utval for å berge doktorgraden og dermed også universitetsstatus ved universitetet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nord universitet har henta inn 16 personar til 3 utval for å berge underkjent doktorgradsprogram som kan velte universitetsstatusen. Ingen frå fagmiljøet som utvikla programmet er tatt med.

— Vi blir haldne utanfor prosessane som skal rette opp feila, seier Jan Selmer Methi, førsteamanuensis ved Senter for praktisk kunnskap (SPK) ved Nord universitet. Og han meiner det heile er ein udemokratisk prosess.

Nord-rektor Hanne Solheim Hansen meiner fagmiljøet kjem med urimelege påstandar i saka.

— Vi er fagleg ueinige om kor stor plass praktisk kunnskap skal ha i doktorgradsprogrammet. Eg opplever ikkje nokon mangel på demokrati, seier Solheim Hansen til Khrono.

To år på seg

Det stemmer at dei var sterkt involverte med å få doktorgradsprogrammet i gang og forvalta det i ein periode. No vil vi ha fram eit breiare perspektiv.

Hanne Solheim Hansen

Det er eit heilt universitet som no står på spel:

To år har Nord fått på seg på å rette opp manglane i doktorgradsprogrammet i studiar av profesjonspraksis. Ifølgje regelverket krevst det minimum fire godkjente doktorgradsprogram for å kunne kalle seg universitet. Dersom Nord mister det eine, er det berre tre doktorgradsprogram igjen. Til jobben med å berge programmet har universitetet nedsett ei arbeidsgruppe med fagleg tilsette, støtta opp av ei referanse- og ei styringsgruppe med til saman 16 personar.

Ingen av dei er frå SPK, der doktorgraden i studiar av profesjonskunnskap har sitt utspring.

Det oppfattar førsteamanuensis Jan Selmer Methi som rein straff for å ha varsla tilsynsorganet Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) om alvorlege manglar ved doktorgradsprogrammet.

— Represaliar

— Det fortonar seg som represaliar. Det at nokre av oss har varsla blir opplevd som at leiinga straffar eit heilt fagmiljø, seier Methi.

Det var Methi, som saman med kollega og professor ved SPK, Johan Arnt Myrstad, varsla Nokut om det dei opplevde som ei forvitring av doktorgradsprogrammet i strid med gjeldande krav.

Ei gransking frå ein sakkunnig komite nedsett av Nokut følgde i 2019. Komiteen var langt på veg samde med kritikarane. Kravet frå Nokut er no at Nord må rette opp manglane innan februar 2022, for å kunne behalde doktorgradsprogrammet og dermed overleve som universitet.

Varslinga fall ikkje i god jord hos Nord-leiinga, meiner Methi. Han hevdar heile fagmiljøet ved SPK no blir marginalisert. Ifølgje Mehti har senteret blitt offer for ei stille, men systematisk nedbygging sidan 2016. Fleire stillingar har vore utlyste, men sidan blitt trekte tilbake.

Fakta

Nord og doktorgrad

Nokut varsla i 2018 om revisjon av doktorgradsprogrammet i studiar av profesjonspraksis. Denne er ein av fire doktorgradar ved Nord universitet.

Som ein del av revisjonen leverte Nord universitet i mars 2019 ein eigenrapport med beskriving av Nord universitets faglege profil, av ph.d.-programmet, fagområdet og vidare utvikling.

Nokut nedsette ein sakkynding komite som 13. februar konkluderte med at doktorgradsprogrammet ikkje oppfyller krava for akkreditering. Nord universitet har fått ein frist på to år på å rette opp manglane.

Dersom vilkåra for akkreditering ikkje er oppfylte innan fristen, vil Nokut trekk akkrediteringa for doktorgradsprogrammet. Det kan føre til at Nord mister universitetsstatusen.

— Kvifor blir vi sett på sidelinja, som representerer det faglege utgangspunktet? Når både arbeidsgruppa, referansegruppa og styringsgruppa er kjemisk fri for representantar med inngåande kjennskap til den opphavleg akkrediterte doktorgraden, må det bety at rektor og resten av leiinga ikkje ser på SPK som ein del av fagmiljøet for doktorgraden og helst vil kvitte seg med det, seier Methi.

Det har lenge vore konflikt rundt doktorgradsprogrammet i studiar av profesjonspraksis, og den toppa seg i etter fusjonen i 2016. Då vart Profesjonshøgskolen ved tidlegare Universitetet i Nordland delt i to, i eitt lærarfakultet og eit helsefakultet. SPK hadde ansvaret for doktorgradsprogrammet, samstundes ønskte dekanane på fakulteta å overta hovudansvaret.

— Symptom på større problem

I varselet til Nokut som Myrstad og Methi sende i juli 2018 melde dei at ph.d.-programmet hadde blitt vesentleg endra i forhold til krava Nokut sette for akkrediteringa i 2009. Mellom anna hevda dei at dei to nye fakulteta verken hadde kapasitet eller kompetanse til å stable eigne, forsvarlege doktorgradsprogram på beina. Ifølgje notatet frå varslarane var den endra doktorgraden «blottet for ethvert særegent faglig innhold»

No er Methi mildt sagt skeptisk til at leiarane som stod for endringane av doktorgraden, og som han meiner har ansvaret for å ha sett universitetsstatusen på spel, er dei same som skal sikre framtida for doktorgraden i studiar av profesjonspraksis. Leiar for arbeidsgruppa er tidlegare dekan ved Profesjonshøgskulen, Wenche Rønning. Ei eiga styringsgruppe er sett saman av rektoratet og noverande dekanar.

— Dei endringane vi har uroa oss over er i hovudsak dei same som førte til at Nokut har sett doktorgradsprogrammet under revisjon. Vi vart ikkje høyrde internt, og vi ville stått ansvarleg dersom vi ikkje varsla Nokut. Vi hadde ikkje berre rett til å varsle, men også ei plikt til å gjere det, seier Methi.

Han seier at SPK ikkje har motsett seg endringar, berre påpeikt at fagmiljøet må takast med på råd og at gjeldande forskrifter må følgjast.

Oppfyller ikkje kravet til vitskapeleg heilskap

Den sakkunnige komiteen frå Nokut, konkluderete med at området for doktorgraden ikkje er tydeleg nok definert og avgrensa, og at kravet til vitskapeleg helskap og samannheng ikkje er oppfylt.

Dette gjer at det heller ikkje er mogleg å vurdere om universitetet har eit fagmiljø som dekker dei sentrale delane i doktorgradsprogrammet. Komiteen har vidare konkludert med at det ikkje er dokumenterte tilfredsstillande forskingsresultat på høgt internasjonalt nivå på programmet.

— Ei belastning

Khrono har vore i kontakt med fleire tilsette på Senter for praksiskunnskap som gir uttrykk for at situasjonen er belastande. Blant dei er Catrine Torbjørnsen Halås, som fram til 2020 var leiar for faggruppa ved senteret. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare. Frå januar i år er senteret blitt lagt under dekanens styring.

Det er uheldig at ingen som har bidratt til oppbygginga av doktorgraden er med

James McGuirk

James McGuirk, som er professor ved senteret, seier han opplever at dei tilsette kjenner seg usikre på framtida med den langvarig uavklarte situasjonen for senteret.

— Det er ei belastning, seier han.

Professoren sende allereie i 2016 ei bekymringsmelding til Nokut. Han var på den tida programansvarleg for doktorgraden i regi av SPK. Bekymringa gjekk ut på at han meinte leiinga etter fusjonen 1. januar 2016 la opp til så store endringar i programmet at det ikkje lenger var i tråd med Nokuts akkreditering.

McGuirk seier han ikkje vil meine noko om motivet for at Nord-leiinga ikkje har ønskt å ha representantar frå senteret med i arbeidsgruppa som skal arbeide med doktorgradsprogrammet.

— Men det er uheldig at ingen som har bidratt til oppbygginga av doktorgraden er med. Om det er represaliar eller ikkje som ligg bak, vil eg ikkje spekulere i, seier han.

Rektor: Urimelege påstandar

Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, seier til Khrono at ho oppfattar påstanden frå Methi om at leiinga straffar fagmiljøet som urimeleg og at det ikkje er tilfelle.

— Vi har hatt diskusjonar med Nokut i fleire omgangar. Dei har sagt til oss at det ikkje var på grunnlag av varsla frå våre tilsette at dei tok opp saka, seier ho.

Rektor Hanne Solheim Hansen avviser påstanden om at leiinga straffar fagmiljøet for å ha varsla. Ho seier fagmiljøet både blir og vil bli lytta til. Foto: Siri Øverland Eriksen

I e-post til Khrono i juni 2019 sa tilsynsdirektør i Nokut, Øystein Lund at tilsyn vart sett i gang «ikkje som resultat av enkeltstående bekymringsmeldinger». På spørsmål om kva kriterium Nord-leiinga lagt til grunn for samansetjinga av gruppa som skal jobbe med doktorgraden svarer Hansen dette:

— Det handlar blant anna om å ha fagkompetanse som dekker fagområdet for doktorgraden, forventa tidsbruk og moglegheit til å delta. Fagmiljøet ved SPK utgjer rundt ti prosent av det totale fagmiljøet knytt til ph.d.-programmet. Vi skal representere heile fagområdet, seier Hansen.

— Ville det ikkje då vere naturleg å ta med nokon frå senteret der doktorgraden var utvikla, når det utgjer ti prosent av fagmiljøet?

— Det stemmer at dei var sterkt involverte med å få doktorgradsprogrammet i gang og forvalta det i ein periode. No vil vi ha fram eit breiare perspektiv.

— Mehti seier han og fagmiljøet ikkje er blitt høyrde, at leiinga ikkje lyttar til fagmiljøet og at det er mangel på demokrati?

— Vi er fagleg ueinige om kor stor plass praktisk kunnskap skal ha i doktorgradsprogrammet. Eg opplever ikkje nokon mangel på demokrati.

— Kjem Senter for praktisk kunnskap til å fortsetje å eksistere?

— Eg veit at fakultetet diskuterer korleis ein skal organisere store og små faggrupper, og om ein kan gjere nokre justeringar. Men fagområdet skal vi fortsatt ha ved universitetet.

Nord-rektoren seier det er representantar i arbeidsgruppa som har bakgrunn frå SPK og fagmiljøet der.

— Heile fagmiljøet, inkludert Senter for praktisk kunnskap, blir inkludert undervegs i utviklinga av doktorgraden, og blir tatt med i arbeidet med å utvikle beskrivinga av fagområdet for doktorgraden.

Powered by Labrador CMS