SIKT
I dette statsorganet har mellomleiarane millionlønn
Ein mellomleiar i Sikt kan rekne med å tene om lag ein million i året. Toppleiaren tener meir enn statsråden i Kunnskapsdepartementet.
Sikt — kunnskapssektorens tenesteorgan har plassert seg i øvre lønnssjikt i det norske universitets- og høgskulebyråkratiet. 49 av dei ca. 370 tilsette i Sikt har ein sjefs- eller direktørtittel. Halvparten av leiarane har over 1 million i årsløn.
Dei sju direktørane når ikkje opp til «lønnsadelen» i Forskingsrådet, men med halvannan million i lønnsposen følgjer dei hakk i hæl.
Sjå oversikta over dei høgaste lønningane nedst i saka.
Toppsjefen, Roar Olsen, får 1.650.000 kroner i lønn i året. Det er meir enn Ola Borten Moa får for å vere statsråd for forsking og høgare utdanning. Ifølgje Stortinget ligg løna for ein regjeringsmedlem på 1.519.000.
Men også dei på lågare nivå i organisasjonen har til salt i grauten.
Den best betalte mellomleiaren i Sikt har ei årsløn på 1.343.000 kroner. I Sikt arbeider også 11 seniorrådgivarar/ingeniørar millionlønn.
Til samanlikning tente ein statleg tilsett professor i 2021 ca. 900 000 i snitt, ifølgje Forskerforbundets sist tilgjengelege statistikk.
Sikt har eksistert i godt og vel eit år, etter at organet vart oppretta gjennom ein fusjon frå 1. januar 2022. Då vart NSD — Norsk senter for forskingsdata, Uninett og Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking) slått saman. Organisasjonane hadde hovudkontor i tre byar, Trondheim, Oslo ogP Bergen. I dag er hovudkontoret i Trondheim, med avdelingar i dei to andre byane.
Det har sidan starten vore vesentlege lønnsskilnader mellom kontorstadene. Høgast løn i snitt har medarbeidarane i Trondheim.
Ni direktørar
På
lønnsstigen til den øvste leiinga, rett under toppsjef Roar Olsen, følgjer Tom
Are Røtting med ei årslønn på 1,6 millionar. Dei andre divisjonsdirektørane,
sju i talet, følgjer i små trappetrinn nedover.
Terje Mørland har 1.530.0000. Vigdis Namtvedt Kvalheim får 1.450.000 kroner i rolla som «divisjonsdirektør for forsknings- og kunnskapsressurser», og er med det den best betalte kvinna.
Dårlegast betalt er den andre kvinna i toppleiinga, Helga Meisfjord, som må nøye seg med 1,2 millionar kroner i løn.
Ser ein heile leiargruppa i Sikt slik ho er presentert på nettsidene, som inkluderer direktørar og produktområdeleiarar, hamnar snittlønna på oppunder 1,2 millionar kroner.
Sikt har i tillegg to medarbeidarar med tittelen fagdirektør, som begge får godt og vel ein million kroner i året i lønnsposane sine.
I det norske universitets- og høgskulebyråkratiet har Forskingsrådet merkt seg ut med dei høge toppleiarlønningane sine. Administrerande direktør Mari Sundli Tveit har ei årsinntekt på nærare 2,2 millionar. Over 2 millionar har også områdedirektør Anne Kjersti Fahlvik.
I Kunnskapsdepartementet, som fastset lønningane til toppleiarane både i Sikt og Forskingsrådet, tener berre éin medarbeidar over 1,5 millionar kroner: Departementsråden, som er den øvst rangerte embetsmannen.
Mellomleiarlønn: 1.342.900
På nivået under direktørane har Sikt 17 produktområdeleiarar, og 11 av dei tener over ein million. Også denne gruppa kjem dermed over ein million kroner i snittlønn.
Tre av produktområdeleiarane har høgare lønn en den dårlegast betalte divisjonsdirektøren, og aller mest har produktområdeleiar Kjell Sivertsen med 1.342.900 kroner i årsløn.
I tillegg til produktområdeleiarane finst det 23 seksjonssjefar i Sikt. Også fleire av dei bikkar millionen i inntekt, sjølv om majoriteten her tener i overkant av 900.000. Den best betalte seksjonssjefen tener om lag, 1,2 millionar.
Dei best betalte seniorforskarane i den private instituttsektoren har til samanlikning ca. 950 000 kroner i årleg gjennomsnittslønn.
I Sikt er 49 av 370 medarbeidarar i leiande stillingar. 9 av dei er direktørar. Av dei 40 mellomleiarane tener 16 over ein million, 14 over 900.000. Berre to av dei tener under 800.000 kroner i året.
— Oppgjeret tilbake til normalen
Administrerande
direktør Roar Olsen ønskjer ikkje å kommentere si eiga lønn.
Som forklaring på dei relativt høge lønningane i Sikt peikar han på det han omtalar som ein «ekstrem konkurranse» om IT-kompetanse og erfarne leiarar innan digitalisering.
— Den auka konkurransen har gradvis kome dei siste åra, men vart vesentleg sterkare i løpet av fjoråret. For å kunne halde på dei vi har, og rekruttere rett kompetanse i ein slik jobbmarknad, må vi vere konkurransedyktige. Men vi skal ikkje vere lønnsleiande, seier Olsen.
På spørsmål om det vil bli gjort ytterlegare tiltak på sikt for å jamne ut lønnsskilnadane mellom Trondheim, Oslo og Bergen, svarar Olsen dette:
— Vi brukte ein vesentleg andel av ramma for lønnsoppgjeret i 2022 til å bidra til å rette opp dei uforklarlege forskjellane som kom til syne gjennom fusjonen. Frå 2022 vil vi føre lønnsoppgjeret tilbake til normalen i tråd med Hovudtariffavtalen og Sikts lønnspolicy.
Menn får mest
I fjor viste ei intern utgreiing av lønnssituasjonen i Sikt, som Khrono fekk tilgang til, at det var vesentlege forskjellar i lønnsnivå mellom medarbeidarane i dei ulike byane. Trondheim låg i gjennomsnitt godt over Oslo og Bergen.
I år viser tala at gapet er redusert. I Bergen er snittlønna i dag på 714.000, i Trondheim på 788.000. Gjennomsnittslønna for alle fast tilsette i Sikt er no på 763.000 kroner.
Rapporten frå 2022 viste også at menn har høgare gjennomsnittslønn enn kvinner på alle stillingsnivå i Sikt, med unntak for det lågaste. Dette var likt i alle byane.
Sikt har, etter det Khrono får opplyst, så langt ikkje utarbeidd nokon tilsvarande rapport over lønnssituasjonen for 2023.
— Undervurdert risikofaktor
NTL (Norsk Tjenestemannslag) er ei av fleire fagforeiningar i Sikt og organiserer mange av dei med dei lågaste lønnsnivåa i organisasjonen.
— Generelt er NTL opptatt av at alle tilsette, ikkje berre leiarsjiktet, har krav på ei rettvis og god lønnsutvikling. Det betyr at vi må ha ei fordeling som bidrar til å redusere forskjellane mellom dei som tener mest og dei som tener minst, og ikkje minst at forskjellane mellom kvinner og menn blir viska ut, seier Ole-Petter Øvrebø i Sikt NTL.
Øvrebø peikar på lønnspolitikken som ein kjent, men undervurdert risikofaktor i samband med fusjonen av Uninett, NSD og Unit.
— Når det er sagt, gjorde leiinga i 2022 nokre tiltak for å svare på dei største utfordringane. Slik sett går det i rett retning, men eg forstår kvifor Khrono tar opp problemstillinga.
Lønn direktørar
- Olsen, Roar kr 1.650.000 (administrerande direktør)
- Røtting, Tom Are kr 1.600.000 (divisjonsdirektør)
- Mørland, Terje kr 1.530.000 (divisjonsdirektør)
- Kvalheim, Vigdis Namtvedt kr 1.450.000 (divisjonsdirektør)
- Reitan, Anders kr 1.400.000 (avdelingsdirektør)
- Stinussen, Tor Magne kr 1.315.000 (avdelingsdirektør)
- Meisfjord, Helga kr 1.200.000 (avdelingsdirektør)
- Tøndel, Henrik 1.077.901 (fagdirektør)
- Vangen, Geir Magne 1.060.000 (fagdirektør)
Lønn, fem på topp, produktområdeleiarar
- Sivertsen, Kjell kr 1.342.900
- Faltinsen, Vidar kr 1.338.800
- Schjelderup, Olaf kr 1.280.790
- Arntsen, Frode kr 1.180.780
- Kumle, Maria kr 1.170.000
Lønn, fem på topp, seksjonsleiarar
- Lund, Anders 1.213.702
- Skogan, Lars 1.202.901
- Vada, Hildegunn 1.137.000
- Mengshoel, Lars Petter 1.125.000
- Nedrebø, Saltnes Bente 1.016.500
Khrono gjer for ordens skuld merksam på at journalisten frå 2014 til juli 2017 var tilsett i NSD — Norsk senter for forskingsdata, som er ein del av Sikt
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Ansettelsessaken i Bergen: En faglig tautrekking
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm