Minnesmerke Sogndal
HVL-rektoren deltok i minnemarkering i Sogndal
Rektor Gunnar Yttri kan ikkje utelukke at nokon kan ha hatt opplevingar ved Høgskulen på Vestlandet «der rasisme gjer seg gjeldande».
![HVL-rektor Gunnar Yttri var ein av fleire som heldt tale under avdukinga av minnesmerket for Arve Beheim Karlsen i Sogndal 28. april 2024.](https://image.khrono.no/869374.webp?imageId=869374&width=960&height=548&format=jpg)
Sundag deltok HVL-rektoren og fleire frå Høgskulen på Vestlandet saman med ei rekkje andre under markeringa av at det var 25 år sidan den då 17 år gamle Arve Beheim Karlsen blei funnen drukna i Sogndalselvi.
Beheim Karlsen, som var adoptert frå India, blei jaga av ein gutegjeng gjennom Sogndal sentrum som ropte «drep den negeren», etter han.
Jakt ende i døden
Løpet og jakta enda med at den adopterte guten gjekk i elva og blei funnen drukna dagen etter:
![Forfattar Brynjulf Jung Tjønn voks opp med Arve Beheim Karlsen - her les han opp diktet sitt i minnemarkeringa sundag.](https://image.khrono.no/869378.webp?imageId=869378&width=960&height=548&format=jpg)
— Me treng dette minnesmerket i nærleiken av der ugjerninga fann stad. Uretten kan ikkje rettast opp. Men me kan gjera dei bitraste og såraste lærdommar om til gode gjerningar. Me vil minna kvarandre på ugjerninga som skjedde og gjera vårt for at det ikkje skjer igjen, ikkje i Sogndal, ikkje på Vestlandet, ikkje nokon stad, sa rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri, i sin appell ved minnesmerket etter Arve Beheim Karlsen som vart avduka ved breidda av Sogndalselvi sundag.
- Kva skjedde med Arve Beheim Karlsen? Høyr podkastserien frå 2022 som NRK laga om det som hende i Sogndal for 25 år sidan.
Kjenner ikkje til konkrete hendingar
— Ein gjeng sprang etter Arve Beheim Karlsen og ropte «Drep den negeren». Har det vore hendingar knytt til rasisme ved Høgskulen på Vestlandet?
— Eg kjenner ikkje til konkrete hendingar eller at det har vore meldt om rasisme. Men eg kan ikkje utelukke at nokon kan ha hatt opplevingar der rasisme gjer seg gjeldande, seier rektor Yttri til Khrono sundag kveld.
![Gunnar Yttri og folk frå HVL på studenthuset Meieriet før avdukinga](https://image.khrono.no/869376.webp?imageId=869376&width=960&height=548&format=jpg)
— Er rasisme og antirasisme tema som blir diskutert og snakka om ved høgskulen?
— Ja, men eg trur at rasisme oftast ikkje vert omtala direkte som ei eiga sak, men heller vert ein del av arbeidet for å inkludere og å unngå all diskriminering, seier Yttri.
Skulptur og dikt
Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnar Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery var til stades i Sogndal for å vere med på markeringa på Granden ved Sogndalselvi.
Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnar Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
Forfattar Brynjulf Jung Tjønn deltok på markeringa og las dikt frå den kritikarroste boka si «Kvit, norsk mann» og diktet han har skrive til minnesmerket:
![Minnesmerket for Arve Beheim Karlsen vart avduka i Sogndal 28. april 2024. Skulpturen er laga av kunstnar Tobbe Malm. Minnesmerke for Arve Beheim Karlsen, Sogndal, avduka 28. april 2024. To hender som held ein rund elvestein opp mot himmelen.](https://image.khrono.no/869382.webp?imageId=869382&x=0.00&y=0.00&cropw=81.30&croph=100.00&width=960&height=1576&format=jpg)
ingen skal springe
aleine i mørkeret
ingen skal flykte
ut i ei elv, ein fjord
vi skal reise oss
opp frå botnen av elva
opp frå grumset i fjorden
opp til trea
opp til fjella
opp til snøtoppane
opp til lyset
neste gong nokon spring
aleine i mørkeret
finn ei hand
og spring saman med dei
Forfattar Brynjulf Jung Tjønn har også planar om å skrive bok om Arve Beheim Karlsen og hendingane for 25 år sidan.
Endringslogg: Saka er endra kl 23.47 28.april med diktet som Brynjulf Jung Tjønn har skrive spesielt til minnesmerket.
Nyeste artikler
Botanikarar vil luke ut krenkande plantenamn
Spionsiktet ville ha møte med departement for pengestøtte
Strümke: «KI vil gjere dei dårlege dårlegare og dei gode betre»
Høysesong for opptak. Disse studentene bruker sommeren på søkerne
NMBU-rektor støtter dekanen som har forventning om 25 prosent inntjening av lønn
Mest lest
Her er Nordens beste universitet
Kjerkolifiseringen av norske universiteter må stanses
Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»
Mange blir mer sårbare med ny finansiering. Hvordan skal utslagene fordeles?
Dro inn 150 millioner i 2023 på studenter som henne