høgskulen i volda
Høgskulen i Volda avsluttar omstridt avtale. Får tilbake 600.000 kroner
Høgskulen i Volda har no avslutta den omstridde samarbeidsavtalen med Sunnmøre kulturnæringshage. Dette er blant sakene på styret sitt sakskart — sjå møtet direkte her.
Høgskulen i Volda (HVO) får tilbake over 600.000 kroner frå Sunnmøre kulturnæringshage. Det kjem fram i ei sak som skal opp i styremøtet ved høgskulen 24. oktober.
Saka er ei oppfølging av ei sak frå juni der styret bad om stadfesting på at avtalen er avslutta.
Møtet kan du sjå direkte her frå klokka 10.
Khrono har i år skrive fleire saker om samarbeidet mellom høgskulen og kulturnæringshagen. Det har vore stilt spørsmål ved pengeoverføringar og ved om samarbeidsprosjekta er innanfor det ein høgskule skal driva med. I september vedtok styret at det skulle be om å få tilbake pengar som har stått på konto hos kulturnæringshagen.
Det skal høgskulen no få, kjem det fram i sakspapira og i vedlagt korrespondanse mellom HVO og kulturnæringshagen.
Sluttfaktura på 641.950
Bakgrunnen for styresaka er at Avdeling for kulturfag ved høgskulen både i 2021 og 2022 overførte om lag ein million kroner til kulturnæringshagen på tampen av året.
Dette er overføringar både noverande og tidlegare rektor har stilt spørsmål ved, og som òg har vore problematisert i styret i fleire møte.
— Det er for så vidt positivt at høgskulen spelar på lag med samfunnet rundt og driv med kulturvern og anna. Men kva er det rett at våre midlar vert brukte til, spurde styremedlem Per Halse i juni.
Han viste då til at det i sakspapira stod at det var vel 600.000 kroner igjen hos kulturnæringshagen. I eit brev til kulturnæringshagen i august skreiv høgskulen sjølve at det var vel 400.000 kroner som ikkje var disponerte, men no er det altså sendt sluttfaktura på 641.950 kroner.
To av tre samarbeidsprosjekt er no avslutta, og det siste er eksternfinansiert og skal gå ut første kvartal i 2025, kjem det fram i eit brev som låg ved styrepapira til september-møtet.
Oppteken av omdømme
Sunnmøre kulturnæringshage (SKNH) har tidlegare sagt at dei meiner høgskulen har skada omdømmet deira.
I eit brev sendt til mellom anna Khrono i juni skreiv dagleg leiar Martin Folldal og styreleiar Jan Thormodsæter at dei er kritiske til at høgskulestyret «utan tilstrekkeleg dokumentasjon og saksgrunnlag, gjentekne gongar spekulerer i rykte om bakgrunn, underavtalar, økonomiske fordelar og påstandar om regelbrot i saka. Høgskulestyret si eiga vurdering av denne avtalen burde etter vårt syn venta på at fakta var godt nok opplyst til at styret kunne gjere eit vedtak».
I møteprotokollen frå HVO sitt styremøte 20. juni er det spesifisert følgjande:
«Styret ser på dette primært som ei intern sak ved HVO, og har ikkje gått inn i SKNH si rolle i
dette prosjektet. Styret er positive til å fortsetje andre samarbeidsprosjekt med SKNH framover».
Dette er viktig, skriv Folldal i eit brev til høgskulen i samband med tilbakeføring av ubrukte midlar. Han skriv at kulturnæringshagen ser det som viktig at HVO-styret gjennom denne protokollføringa er tydelege på at HVO ikkje er kritiske til SKNH si rolle, medfinansiering eller samarbeid med HVO i prosjektet.
Men ei orsaking, slik Folldal og Thormodsæter foreslo i brevet i juni, har dei ikkje fått. Det seier Folldal no til Møre-Nytt.
Vurderer helseutdanning
Styret ved Høgskulen i Bolda skal på møtet torsdag òg verta orienterte om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, dei skal handsama ei sak om opptaksrapport og ny budsjettmodell for høgskulen, og dei skal koma med satsingsforslag utanfor ramma. Her er forslaget frå administrasjonen at HVO skal be om studieplassar til studietilbod i sjukepleie og vernepleie. Utdanninga vil vera på deltid, kjem det fram i saksframstillinga.
Dette var ei sak som var oppe i høgskulestyret allereie i fjor haust.
— Her hos oss har både lokalpolitikarar og helsemiljø spurt om det er aktuelt for oss å starta opp slike studium, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim då, og viste til at for innbyggjarar i Volda kommune er det for langt å pendla til Ålesund eller Molde for å ta helseutdanning. Samstundes er det sjukehus både i Volda og på Nordfjordeid, der ein kan bu og samstundes pendla til Volda.
No kjem saka attende i desembermøtet, heiter det, og styret vil då få ei vurdering av mellom anna dei økonomiske konsekvensane med å starta desse nye utdanningane ved HVO.
Dette skal dei drøfta
Her er heile sakskartet:
- 103/24 — Godkjenning av innkalling og sakliste
- 104/24 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 5.9.2024
- 105/24 — Orientering frå rektor
- 106/24 — Rekneskapsrapportering 2. tertial 2024
- 107/24 — Orientering om forslag til statsbudsjett 2025
- 108/24 — Satsingsforslag utanfor ramme 2026
- 109/24 — Opptaksrapport 2024
- 110/24 — Nye styringsparameter for Høgskulen i Volda
- 111/24 — Revisjon av budsjettmodell for HVO 2024
- 112/24 — Planar 2025 — strategi og planlegging
- 113/24 — Avvikling av samarbeid med SKNH — IOA-prosjektet
- 114/24 — Tildeling av graden Philosophiae doctor (ph.d.) — Kirsti Kverndokk Bjerkan
- 115/24 — Styreevaluering 2024
- 116/24 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
- 117/24 — Ymse
- 118/24 — Godkjenning av Møteprotokoll frå Høgskulestyret 26.09.2024, 07.10.2024, 08.10.2024