Høgskulen i Volda

Høgskuleleiinga er kalla inn på teppet ein gong til

I juni var rektor og direktør ved Høgskulen i Volda kalla inn til eit møte i departementet for å snakka om leiing ved høgskulen. No vil Kunnskapsdepartementet ha eit nytt møte.

Biletet viser ein mann og ei kvinne, under eit styremøte. Dei sit ved møtebordet.
volda ann-kristin emblem odd helge mjellem tonheim høgskueldirektør
Publisert Sist oppdatert

«Vi viser ellers til at forholdene ved høyskolen har vært omtalt i media over tid. Departementet ser derfor behov for en orientering fra høyskolen, som del av den løpende styringsdialogen». 

Det skreiv Kunnskapsdepartementet i eit brev til Høgskulen i Volda (HVO) i mai. Departementet bad om eit møte med direktør og rektor for å drøfta leiinga av høgskulen.

No har rektor Odd Helge Mjellem Tonheim fått eit brev med innkalling til eit nytt møte: Departementet vil følgja opp junimøtet og ber om at representantar frå høgskulen stiller i Oslo 9. oktober.

— Merksemd vekk frå å driva

Dette informerte Tonheim om under møtet i høgskulestyret 26. september — styret sitt femtande møte i år. Berre tre av møta har vore ordinære.

— Dette er ei oppfølging av det førre møtet, seier Tonheim til Khrono.

— Kva tenkjer du om å verta kalla inn til eit nytt møte?

— Eg vil venta og sjå før eg kommenterer det. Me møter departementet med opne kort.

I brevet skriv departementet at det ønskjer at høgskulen orienterer om situasjonen og status, med vekt på utviklinga mellom juni og no. I lys av denne orienteringa ønskjer departementet å eventuelt drøfta mogleg vidare oppfølging, heiter det.

Kunnsskapsdepartementet opplyser i ein e-post til Khrono at dei har møte med utdanningsinstitusjonane ved behov.

— I tilbakemeldinga frå etatsstyringsmøtet viser me til at departementet er bekymra for at den negative utviklinga kan gå ut over kvaliteten på forskinga og utdanninga ved høgskulen. I tillegg er HVO for tida i ein krevjande leiingssituasjon som departementet oppfattar tek merksemd bort frå det å driva høgskulen. Departementet forventar at styret følgjer denne situasjonen tett og sikrar forsvarleg drift. Departementet vil ha dialog med høgskulen om dette, heiter det.

Høgt konfliktnivå

Konfliktnivået har vore høgt ved høgskulen lenge: Styret har sagt opp høgskuledirektøren, ein avtale med ein lokal næringshage har vore kritisert og seinare stoppa, og i sommar vart det kjent at studiedirektøren ved høgskulen hadde sagt opp etter avtale med høgskuledirektør og fått med seg ein sluttpakke.

Denne sluttpakken, og ein annan sluttpakke som skal vera inngått av høgskuledirektøren, var blant sakene i styremøtet torsdag.

— Me har to avtalar som er i direkte strid med regelverket i staten. Det handlar ikkje om vedkomande som har fått avtalen, det handlar om handteringa, sa rektor Tonheim.

Han viste til at sluttavtalen til tidlegare studiedirektør først var sagt å ha ein verdi på 432.000 kroner.

— Men pensjonsutgifter og arbeidsgivaravgift kjem i tillegg. Og 6. september fekk høgskulen ein faktura frå studiedirektøren på 20.000 kroner. I beste fall er det uklart om høgskuledirektøren hadde høve til å inngå denne avtalen, sa Tonheim.

I sakspapira er det vist til ein annan sluttavtale, der det skal vera betalt ut 700.000 kroner til no. Denne har verken styret eller rektor fått innsyn i. Heller ikkje Khrono, som fleire gongar har bede om innsyn i sluttavtalar ved HVO, har fått innsyn i avtalen.

I sommar skreiv Khrono om sluttavtalar ved norske universitet og høgskular. Regelen er at det er Kunnskapsdepartementet som skal avgjera om ein skal inngå sluttavtalar med tilsette eller ikkje. Samstundes gir fullmaktene i tildelingsbrevet utdanningsinstitusjonane høve til å inngå forlik eller innrømma ansvar i saker om erstatning opp til 450.000 kroner.

Som Khrono har skrive, er det fleire av avtalane som institusjonane sjølve har inngått som har ein større verdi enn dette. 

— Me har to avtalar som er i direkte strid med regelverket i staten, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim

Vedtok at dei ikkje har tillit

Fleire av styremedlemmene var kritiske til dei to avtalane.

— Eg har forståing for at ein av og til må inngå avtalar med tilsette, òg avtalar som kan kosta pengar. Men det er minst to sider ved denne saka som er problematiske, sa Per Halse.

Han peika for det første på storleiken på pengesummen og for det andre på at styreleiar ikkje har fått vita om at avtalane er inngått.

— Det opplever eg som veldig alvorleg og som eit brot på tillit, sa Halse.

— Eg synest det er veldig ille at me som styre får vita om fleire og fleire slike avtalar. Det er veldig ubehageleg som styremedlem å få vita om desse, sa Silje Louise Dahl.

— Av og til er det naudsynt med slike verkemiddel. Men det er noko institusjonen må stå samla om, og ein bør òg nytta høvet til å drøfta ting — det er gjerne prinsipielle ting som kjem opp — og ein kan drøfta korleis ein kan hindra å koma i slike situasjonar, sa Kjersti Kleven.

I denne saka vart styret samde om eit vedtak i tre punkt:

  1. Styret ser at det i gjentatte saker har blitt gjort økonomiske disponeringar som er utanfor fullmakta som ligg til høgskuledirektøren.
  2. Styret har ikkje tillit til at høgskuledirektøren utøver sitt mynde innanfor dei rammene som er gitt.
  3. Styret ber styreleiar, snarast, legge fram ei sak for korleis ein kan sikre forsvarleg drift av Høgskulen i Volda innanfor dei rammene som er fastsett av styre og lov.

Lyste ut to, ville tilsetja åtte

Også i ei sak om tilsetjingar i studieadministrasjonen var styret kritisk til direktør si handtering. I saksframstillinga kjem det fram at det før sommaren vart lyst ut to faste stillingar i avdelinga. Direktør ønskjer å tilsetja i seks faste og to mellombelse stillingar.

Etter handsaming i TADM, tilsetjingsorganet for administrative stillingar, har planen vore å tilsetja i seks stillingar.

Rektor understreka at han ikkje såg på det å tilsetja seks personar som ein ulovleg tilsetjingsprosess.

— Men det er uheldig både innetter og utetter, og det har skapt støy og frustrasjon. Eg meiner det er vesentleg å ta ein fot i bakken, sa han.

— Eg kan ikkje ha ansvar dersom de vedtek det som er føreslege, sa høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem.

Ho viste ein presentasjon der det kom fram at det ved høgskulen totalt er nesten 50 færre årsverk som er utført i forhold til det som er planlagt. I fellesadministrasjonen, som studieadministrasjonen, er ein del av, er avviket ti stillingar.

— Ved årsskiftet vil det vera 16,8 stillingar. Dette bør aukast til 26,5, sa Emblem.

Ho viste til at studieadministrasjonen har eit sjukefråvær på nesten 15 prosent. I 2023 var det planlagt 28,35 årsverk i avdelinga, men utført 23,88. I det talet ligg eit tredjedels årsverk i overtid.

Fleire i styret uttrykte at dei syntest det var vanskeleg å gå detaljert inn i saka. Bjørn Gunnar Tafjord uttrykte at han meiner at heile prosessen må stoppast til ny studiedirektør er på plass. 

Styret vedtok at det berre skal tilsetjast i faste stillingar i det omfanget som er lyst ut, og at bemanningsauke skal avgjerast av rektor og direktør saman.

Powered by Labrador CMS