Latin-amerika
Høgare utdanning under angrep: Stenger ned åtte universitet i Nicaragua
Studentar og akademikarar er blitt fengsla og tvinga i eksil. No stenger president Daniel Ortegas regjering ned åtte private universitet i Nicaragua.
Sidan februar er åtte uavhengige universitet i det latinamerikanske landet blitt stengde ned og fått konfiskert eigedelar. Økonomiske og administrative problem skal ifølgje det nicaraguanske parlamentet vere grunnen.
Dét er ein versjon få andre støttar seg til:
Tvert imot blir grepet sett på som målretta angrep på utdanning og forsking, og ledd i ein stadig meir omfattande og brutal kampanje for å stagge opposisjon mot det sitjande styret og president Daniel Ortega.
Drap på 300
— Alle desse tiltaka blir gjort for å stilne kritiske stemmer i akademia og kvele kritisk tenking, seier Ernesto Medina til Science, tidlegare dekan ved Universidad Americana, som så langt ikkje er stengt.
Medina tok i 2018 offentleg til orde mot valden frå Ortegas regime. Han vart deretter tvinga til å forlate stillinga si på universitetet og lever i dag i eksil i Tyskland.
Regimet har også slått hardt ned på kritisk presse, meir enn 20 ikkje-statlege organisasjonar (NGOar) skal ha blitt forbode. Blant desse er kommisjonen som dokumentere regjeringas menneskerettsbrot under store studentdemonstrasjonar mot regjeringa i april 2018.
Politiet og paramilitære grupper skal den gongen ha vore ansvarleg for drap på meir enn 300 menneske. Minst 1000 vart arresterte, dei fleste av dei studentar. Sidan er 200 000 nicaraguanarar reist i eksil, og fleire kritikarar av regimet er blitt fengsla.
Ifølgje Science må forskarar i Nicaragua vere særleg forsiktige med alt arbeid som kan bli sett på som politisk. Det gjeld særleg forsking knytt til demokrati, kjønn og menneskerettar.
Vanskeleg samarbeid
Internasjonalt forskar- og studentsamarbeid er blitt vanskelegare og meir risikabelt. Hausten 2020 vedtok parlamentet ei lov som krev at alle nicaraguanarar som samarbeider med internasjonale organisasjonar blir kategorisert som «framand agent».
President Daniel Ortega leia den sandinistiske frigjeringsfronten som i 1979 styrta Den USA-støtta diktatoren Anastazio Somosa, som hadde styrt landet i 40 år. Sidan vart Ortega sjølv president i fleire periodar. Han vart gjenvalt i 2011 og 2016 i det som er blitt sett på som høgst ureglementerte val.
Under valet i 2021 sikra Ortega ny «valsiger» der han gjorde kona, Rosario Murillo, til visepresident, samstundes som ei rad opposisjonelle kandidatar vart fengsla.
Nyeste artikler
Mener UiO må bli mer synlige: — Mange av de samme ansiktene som går igjen
Rektor og direktør krangla i styremøte: — Oppteken av å visa at rektor har gjort feil
Ledere om økonomisk krise ved NTNU: — Det er alltid ønske om en omkamp
Exit for Oddmund Hoel etter ett år og en uke
Disse kan bli ny statsråd etter Hoel
Mest lest
Ansatte reagerer på krav om høflighet på jobben i Sørøst
Meiner NTNU-rektor må forklare seg om kontakt med PST. — Stalinistisk
Snart kan ingen lære norske elever fremmedspråk
20 varsel mot Søreide: — Jeg blir framstilt som en tyrann
I denne gata fikk bare akademikere bo. Helle (90) har bodd her i snart 60 år