klimaforsking

Ho er antropolog, klimaforskar – og skodespelar på Zoom

Ragnhild Freng Dale skulle vore i Helsinki. I staden er forskaren med i sitt eige teaterstykke via Zoom.

Saman med kunstnarkollektivet Reality Research Center i Helsinki og Ferske Scener i Tromsø har Ragnhild Freng Dale jobba fram førestillinga
Saman med kunstnarkollektivet Reality Research Center i Helsinki og Ferske Scener i Tromsø har Ragnhild Freng Dale jobba fram førestillinga "Talking in the rain". Framsyninga er digital.
Publisert Oppdatert

Helsinki og Sogndal. Bergen og Hammerfest.

Ragnhild Freng Dale er ein svært aktiv forskar. Men nett no kjem ho seg ikkje så langt vekk frå heimekontoret i Bergen.

Ho skulle vore i Helsinki. Før helga hadde framsyninga «Talking in the rain» premiere på ein teaterfestival der. Ein tidlegare versjon av framsyninga har tidlegare vorte vist i Sogndal og Hammerfest. Men i staden for at ein kunne samlast i den finske hovudstaden, med publikum i salen, vart det denne gongen ei digital framføring.

Vil forstå menneska

Ragnhild Freng Dale har doktorgrad i sosialantropologi, og allereie som ung student vart ho lagt merke til: Ho var uttalt kritisk til Akademiaavtalen, der Equinor har ein økonomisk avtale med fleire utdanningsinstitusjonar.

Sosialantropolog Ragnhild Freng Dale (til høgre) jobbar med klimaomstilling hos Vestlandsforsking, men er aktiv på mange scener. Her saman med Kristin Bjørn fra Ferske Scener.
Sosialantropolog Ragnhild Freng Dale (til høgre) jobbar med klimaomstilling hos Vestlandsforsking, men er aktiv på mange scener. Her saman med Kristin Bjørn fra Ferske Scener.

Like lenge har ho vore interessert i det tverrfaglege, og fortel at ho allereie på bachelor- og masternivå var nyfiken på teater og scenekunst - med sosialantropologen sitt blikk.

— Klimaspørsmålet er prega av naturvitskapane. Men det er mykje me etterkvart veit. Me veit at me må over på fornybar energi, me veit at me må senka forbruket vårt. Men for meg handlar det om å forstå korleis menneska sitt liv vert påverka, seier Dale.

Det handlar om klimaomstilling, om vindkraft og om petroleum, for å nemna noko. Då Dale tok doktorgrad ved universitetet i Cambridge, budde ho halvanna år i Finnmark, mest i Hammerfest og dels i Kautokeino.

— Eg ville særleg sjå på to ting: Korleis er det for Hammerfest å verta ein oljeby når ein elles er i ein fase der ein skal omstilla seg? Og korleis påverkar dette menneska i byen og samiske tilhøve? I området rundt Hammerfest finnes både sjøsamar og reindrift som óg vert påverka av utbyggingar og ringverknadar på land, fortel Dale.

Samarbeid med Traavik

I Finnmark var ho òg med på klimaforsking som scenekunst for første gong. Kunstnaren Morten Traavik stod bak «Århundrets rettssak», politisk teater som tok føre seg klimasøksmålet mot prøveboring i Barentshavet. Dale var researchar og regiassistent.

— Scenekunst opnar andre rom, og ein snakkar med nokon som er utanfor eins eigen boks, seier Dale.

I fjor hadde ho delvis permisjon frå forskarstillinga hos Vestlandsforsking i Sogndal for å driva med teaterkritikk. Prosjektet «RAINTALK» er derimot gjennom forskarstillinga, og finansieringa kjem frå Forskingsrådet, som har eit eige klimakommunikasjonsprogram, og frå Kulturrådets støtteordning for kunst om miljø- og klimakrise. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Ferske Scener i Tromsø og kunstnarkollektivet Reality Research Center i Helsinki.

Fórkrise og trygg is

Dei som har kjøpt billettar til førestellinga i Helsinki får ein pakke med gjenstandar på døra. Så vert dei med i framsyninga - frå si eiga stove.
Dei som har kjøpt billettar til førestellinga i Helsinki får ein pakke med gjenstandar på døra. Så vert dei med i framsyninga - frå si eiga stove.

Det er altså førestillingstid. Sjølv har Dale rigga seg til med eit slags scenerom i si eiga stove. I Helsinki får dei som har kjøpt billett til førestillinga ein pakke levert på døra. Så skrur dei på kamera når dei får beskjed om det, og vert med i framsyninga, med i fellesskapet.

Det handlar, som tittelen seier, om regn. Eller, rettare sagt, om vêret.

— Klima er vanskeleg å snakka om. Det er eit stort tema, og ofte politisk ladd. Men i staden kan ein snakka om vêret - og på den måten snakka om klima, seier Dale.

— Eg såg ut på novemberregnet og lurte på om barna mine får oppleva snø i Bergen denne vinteren...

— Ja, der ser du. Då eg budde i Finnmark, syntest eg det var kjempeskummelt å køyra med scooter på isen fordi det aldri var trygg is her i Bergen då eg vaks opp. I forbindelse med generalprøva til framsyninga vår snakka eg med ei i Kautokeino. Ho hadde høyrt ein uvanleg lyd: Det regna. I november, seier Dale, og legg til:

— Fórkrisa for rein i fjor handla òg om klimaendringar. Vinteren var så ustabil at reinsdyra ikkje kom seg ned til reinlaven - det vart liggande eit frose lag oppå.

Må ikkje gløyma

Khrono har nyleg skrive at klimaforskarar faktisk er blant dei som reiser mest med fly. Men dette året har reisinga vorte stoppa, og utdanningsinstitusjonane, som har mange tilsette som reiser mykje, rapporterer no at dei sparar mykje pengar.

— Kan ein på eit vis seia at pandemien vert eit gode for klimaet?

— Eg trur det vert ei for enkel forklaring. Pandemien viser oss at menneske kan tilpassa seg når me må, og ein kan få til mykje utan å reisa. Men å takla klimaendringar handlar ikkje om at me skal slutta å møta andre menneske, seier Dale, og legg til:

— Det er viktig at me no ikkje gløymer klimakrisa sjølv om me no har mykje anna å tenkja på.

Powered by Labrador CMS