Styreval
Hjelseth kvotert ut av verv til NTNU-styret
Førsteamanuensis Arve Hjelseth låg an til å få den tredje varaplassen i NTNU-styret, men vart kvotert ut som følgje av krav til kjønnsbalanse.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er i desse dagar val til fleire styreverv for tilsette til heile ti styre ved universitet og høgskular.
Først ut denne våren var NTNU, som i førre veke valte fleire nye medlemmar til sitt styre.
Men det skjedde ikkje utan dramatikk.
Valstyret vedtok torsdag å ikkje godkjenne valresultatet for mellombels tilsette i undervisning- og forskarstillingar. Dei anbefaler NTNU-styret at det blir gjennomført nytt val i denne stillingskategorien.
Kjønnskvotering
I tillegg måtte valstyret ty til kvotering blant varamedlemmane.
«Det var naudsynt med kvotering for å oppfylle krava til kjønnsbalanse blant varamedlemmane for fast tilsette i undervisnings- og forskarstilling», skriv dei i sin protokoll, som også er formidla på intranettet ved NTNU.
Trass i at førsteamanuensis Arve Hjelseth hamna på ein sjetteplass med 133,91 vekta røyster, rykte professor Gøril Thomassen Hammerstad på sjuande plass (med 130,66 vekta røyster) fram og kapra den tredje varaplassen.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Stussar over dårleg kommunikasjon
Hjelseth seier at han ikkje fekk nokon beskjed frå NTNU eller valstyret om at han hadde mista varaplassen som følgje av kjønnskvotering.
— Eg tok for gitt at det var det dette handla om. Eg har jo mine meiningar om det, men eg veit ikkje kor interessant det er å vere tredje vara heller, så eg har klart å legge det frå meg, seier Hjelseth.
Likevel meiner Hjelseth det er rart at dette ikkje er kommunisert tydelegare frå NTNU si side.
— Fleire har stussa over det og mange, blant dei som har røysta på meg, har kontakta meg og trudd at noko var feil. Det er diffust og ikkje tydeleg korleis dei reknar seg fram til kjønnsbalansen, seier Hjelseth og legg til at mange har lurt på det.
Dette seier lova
Ifølgje universitets- og høgskulelova paragraf 9-4 om val og oppnemning av styret, står det:
«Kravene i likestillings- og diskrimineringsloven § 28 om representasjon av begge kjønn skal være oppfylt innen den enkelte valgkrets».
Kva som blir meint med valkrins her er ikkje heilt tydeleg.
I lova står det at styret skal ha 11 medlemmar, der fire av medlemmane skal veljast blant tilsette i undervisnings- og forskarstillingar. Eitt medlem skal veljast blant dei teknisk og administrativt tilsette, to medlemmar blant studentane og fire skal vere eksterne medlemmar.
Vidare står det at dersom mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar utgjer meir enn 25 prosent av dei tilsette i denne kategorien, så skal denne gruppa velje eitt av styremedlemmane frå dei tilsette i undervisnings- og forskarstillingar.
«Det skal foretas særskilt valg for denne gruppen», står det i lova.
Dermed kan det bety at valet på dei faste tilsette og valet på dei mellombels tilsette i denne stillingskategorien, blir rekna som to ulike valkrinsar.
Rakk ikkje sende ut e-post til alle
Leiar i valstyret ved NTNU, organisasjonsdirektør Ida Munkeby, stadfestar at det er nettopp slik.
— Kravet til kjønnsbalanse skal først vere oppfylt blant dei faste medlemmane, dernest faste og varamedlemmar under eitt, som det står i valreglementet som baserer seg på likestillingslova sine reglar om kjønnsbalanse i valte verv, skriv Munkeby i ein e-post.
— Kvifor har ikkje NTNU kommunisert korleis valreglementet fungerer tydelegare både til Hjelseth, men også til alle andre?
— Vi sender vanlegvis e-post til kandidatane før valresultatetet blir kunngjort, slik at dei kan vere førebudde. Det rakk vi dessverre ikkje å gjere til alle gruppene denne gongen. Kontaktinformasjonen til valsekretariatet er lett tilgjengeleg på valsida. Alle er velkomne til å ta kontakt dersom dei har spørsmål, skriv Munkeby.
Når det gjeld reglane for kvotering, så er denne omtalt i forslagsarket som vert brukt for å fremje forslag på kandidatar og i informasjonsmeldingar når valet startar, opplyser Munkeby.
— Informasjonen er ikkje så detaljert, men det står at kjønnskvotering kan vere naudsynt for å sikre at begge kjønn er representerte. Vi kunne ha skrive at det er for å oppfylle likestillingslova. Det er eit spørsmål om vektlegging av detaljar. Det er mykje informasjon som skal nå fram og vi har fokusert på det vi tenker er viktigast for veljarane; at dei kan røyste på inntil så mange kandidatar som det skal veljast, skriv Munkeby.
Ho opplyser likevel om at valstyret vil gå gjennom valsidene og vurdere om dei bør supplere med enda meir informasjon.
(Saka er oppdatert 30.03 kl. 10.31 med kommentarar frå leiar i valstyret, Ida Munkeby)
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut