«Krigen» om krigen

Historikar sensurerer seg sjølv i frykt for søksmål

Forskarar er hardt pressa av styresmaktene i Polen, som ønskjer å fjerne forteljingar om polsk medverknad i holocaust.

Benjamin Lesser (til venstre), Alina Dabrowska og Leon Weintraub overlevde Auschwitz. I 2020 var dei tilbake i byen rett ved dødsleiren under ei 75-årsmarkering. Ifølgje polsk lov kan ein bli domfelt for å kalle Auschwitz for polske dødsleirar. Lova er blitt kritisert for å undergrave ytringsfridom og akademisk fridom.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Presset mot forskarar som vågar å omtale polsk deltaking i forfølgjinga av jødar under andre verdskrigen aukar, ifølgje Times Higher Education.

Historikaren Audrey Kichelewski, som skriv bok om rettsoppgjeret etter andre verdskrigen i Polen, vil vere «svært forsiktig med kva ord ho brukar», ifølgje avisa. Kichelewski vil unngå å namngi aktørane ho skriv om, i frykt for søksmål frå etterkomarane.

Bak sjølvsensuren ligg den nasjonalkonservative polske regjeringas kampanje mot historikarar og andre som omtalar polske borgarar som delaktige i holocaust, masseutryddinga av jødar.

Direktør ved det norske Holocaustsenteret (HL-senteret), historikar og journalist Guri Hjeltnes, er blant dei som ser med uro på utviklinga.

— Til liks med ei rad andre historikarar i verda, ser eg med bekymring på den kontrollen den polske regjeringa i aukande grad utøver i representasjonen av polsk i historie i andre verdskrigen, spesielt holocaust, seier ho til Khrono.

I 2018 vedtok den polske nasjonalforsamlinga ei lov som kriminaliserer utsegner som set Polen eller polske borgarar i samanheng med holocaust. I utgangspunktet risikerte «lovbrytarar» opptil tre års fengsel, ifølgje lova, men etter internasjonalt press er paragrafane og strafferammene blitt justerte.

Guri Hjeltnes er uroa over statens forsøk på å kontrollere historieforskinga i Polen. Her er ho på 75 års minnemarkering for deportasjonen av jødene i Norge.

I februar blei to forskarar for første gong dømde: Barbara Engelking, direktør ved det Det polske senteret for holocaust-forsking , og Jan Grabowski, professor i historie ved Universitetet i Ottawa. Ifølgje dommen må dei be om unnskyldning etter at dei publiserte forsking om at innbyggarar i ein polsk landsby skal ha angitt ei gruppe jødar, som deretter vart avretta av nazistane.

Også fleire andre saker vitnar om det aukande presset mot både akademikarar og journalistar.

«I sjokk» over The New Yorker

Ein polsk journalist skal i februar, ifølgje Times Higher Education, ha fortalt at ho vart sett under forhøyr av politiet for å ha skrive at polsk medverknad i jødeforfølgingane var eit «historisk faktum».

I mars skal ei ultra-konservativ, katolsk gruppe ha trua ein fransk radiokanal med søksmål for å ha sett Polens rykte i vanry, fordi kanalen i eit program skal ha implisert Polen i nazistiske brotsverk under krigen.

Ein nasjonalistisk organisasjon med band til den polske regjeringa, Den polske foreiniga mot ærekrenkingar (The Polish League Against Defamation) har fleire søksmål på trappene mot ulike medium i Spania, Italia og Tyskland.

Organisasjonen har nyleg uttrykt «sjokk» over ein artikkel i det velrenommerte amerikanske magasinet The New Yorker etter ein artikkel om angrepa på forskarar som tar opp Polen eller polakkars rolle i holocaust.

Redaktørane i The New Yorker blir skulda for å vere «så anti-polske at dei er villige til å omskrive historia med mål om å legge skulda på ofra».

— Kan ikkje godta sjølvsensur

Ifølgje Times Higher Education åtvarar no fleire leiande forskarar om konsekvensen av det polske presset på holocaust-forskinga.

— Eg fryktar allereie «nedkjølingseffekten», men eg kan ikkje bevise den, sidan den er usynleg, seier Dariusz Stola, professor i historie ved Institute of Political Studies of the Polish Academy of Sciences.

Barbare Enkelking, ein av forskarane som vart dømd til å be om unnskyldning, seier:

— Dersom nokon sensurerer sitt eige arbeid, vil dei ikkje skryte av det, og vi vil lese teksten utan å vite om sensuren. Mi oppfatning er at akademia ikkje kan godta sjølvsensur eller truslar.

Det er også bodskapen til Guri Hjeltnes.

— Akademisk forsking og dei faglege kriteria som styrer denne må ikkje bli sensurerte av ein stat.

Powered by Labrador CMS