Ingeniørstudentar skal ha kunnkap i teknologihistorie, skriv Joar Sande ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Benjamin Ward/OsloMet

Er historiekunnskap tom kunnskap for ingeniørar og teknologar?

Historie. I studieplanane til høgskular og universitet står det lite om teknologihistorie. Er læringsutbytet eit tomt mål som ikkje blir teke på alvor, spør Joar Sande.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I desse dagar er serien om det norske oljeeventyret, Lykkeland, i gong. Norske styresmakter hadde ein medviten strategi om at vi skulle styre oljeutvinninga sjølve, men at vi trengde hjelp og kompetanseoverføring i starten. Resultatet er eit av verdas største investeringsfond, Statens pensjonsfond utland, med ein verdi på kring 8000 milliardar kroner.

Noreg har blitt eit lykkeland, og norsk velferd er tufta på menneske med kompetanse. I vikingtida var Noreg ei stormakt, makta var i stor grad bygd på kompetanse i å bygge båtar og navigasjon. På 1700-talet var det stor eksport av trelast, Amsterdam står på pælar av norsk furu. Det var sinnrike system med tømmersluser og tømmerfløyting for å få tømmeret fram til utskipingshamnene. Dei store vasskraftutbyggingane kravde kompetanse i bygging av dammar, røyrgater og kraftstasjonar. Oljeeventyret starta med opninga av Ekofisk i 1971. Norske ingeniørar har sidan det utvikla undervassteknologi som er best i verda.

Vi kan lære mykje av teknologhistoria vår, og dagens ingeniørar treng kunnskapar om fortida for å kunne lage løysingar for framtida.

Joar Sande

Engelsk spinneindustri gjekk gjennom ein revolusjon då spinnemaskina, Spinning Jenny, kom tidleg på 1800-talet. Ludittane knuste maskinene, dei var mot teknologien som tok jobbane frå dei. Eigarane av spinneria henta born frå barneheimar for å jobbe i industrien. Dei var små, og kunne springe fort mellom maskinene for å rette opp feil. Maskinene vart ikkje stoppa, det var tap av pengar. Ulykkene var mange, og dei fleste fekk lemlesta fingrar og armar. Norsk fyrstikkindustri vart etablert på 1850-talet, og mange unge jenter fekk seg arbeid. Dei sto i fosfordampen dag ut og dag inn. Det var ikkje høve til å vaske seg før dei åt nista si. Resultatet var fosfornekrose, som åt opp kjeven. Fyrstikkpikene vart sjølvlysande i mørket, og dersom fosfornekrosen fekk utvikle seg medførte det døden. I 1889 sette eigarane ned løna, og då hadde fyrstikkpikene fått nok. Dei gjekk til streik! Utfallet var ikkje høgare løn, men dei sanitære forholda vart betre. Seinare danna dei fagforeining. Arbeidet til sluskane som bygde dammar, røyrgater og kraftstasjonar la grunnlaget for norsk smelteindustri. Dei hadde erfaring frå arbeidet med å bygge jarnbane. Samfunn vart bygde opp, og eigarane tok vare på arbeidarane sin. Dei bygde bustadar, bad og sjukehus. Det var store utslepp, så det var ikkje lov å drive jordbruk. Seinare kom det strengare krav, og då måtte det utviklast reinseteknologi. I nokre tilfelle vart det som før hadde vore avfall eit produkt det gjekk an å tene pengar på. Norske dykkarar, som seinare fekk store helseplager, var viktige i utviklinga av norsk oljeindustri. Fyrstikkpikene, sluskane og dykkarane har ein stor del av æra for velstanden vår i dag.

Omgrepet nyludittar blir brukt om dei som er skeptiske til spesielt informasjonsteknologi. Smarttelefonen kom i 2007, og i dag er vi online heile tida. Vi kan handle det vi treng på nett, ha nettbank, tilgang til offentlege tenester og kommunisere med telefonen vi har i lomma. Det er ikkje ein telefon, men ei kraftig datamaskin. Største yrkesgruppa i bankvesenet er snart datafolk. Andre yrkesgrupper vil bli automatiserte og robotiserte bort. Kva skjer med yrkesgruppa langtransportsjåførar, som i mange statar i USA er den største, når det kjem sjølvkøyrande bilar?

Norsk ingeniørutdanning fekk nye retningsliner i 2011. Læringsutbytet i all høgare utdanning er delt inn i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. I ingeniørutdanning skal kandidaten ha kunnskap om «teknologiens historie og utvikling, ingeniørens rolle i samfunnet og konsekvenser av utvikling og bruk av teknologi». «Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvenser av produkter og løsninger innenfor sitt fagområde og kan sette disse i et etisk perspektiv og et livsløpsperspektiv» er ein del av den generelle kompetansen. Norske ingeniørar skal ha kunnskapar i teknologihistorie. Men kva er kunnskap? Bloom’s taksonomi i pedagogikken har hugse og forstå i botnen av pyramiden og skape på toppen. Kjem studentane seg over det lågaste nivået i teknologihistorie? Det generelle læringsutbytet er ambisiøst og krev oversikt over mange ulike fagområde. Kva betyr innsikt i? Tanken er at læringsutbytet skal finnast att i dei fleste fag, slik at teknologihistorie og etikk kan vere del av så ulike fag som matematikk og elektriske maskiner. Amerikanske forfattar er flinke til å ta med litt om teknologihistorie i lærebøkene sine. Innan elektro, som eit døme, skriv dei om sentrale personar, frå Michael Faraday til Nikola Tesla, og kva dei har betydd for fagfeltet. Men korleis sikrar ein at teknologihistorie vert ein del av heile fagkrinsen? I studieplanane til høgskular og universitet står det lite om teknologihistorie. Er læringsutbytet eit tomt mål som ikkje blir teke på alvor?

Studentar som har fullført ingeniørutdanninga si skal ha kunnskap i teknologihistorie, ha innsikt i miljø, helse, samfunn og økonomi, og skal òg kunne sjå ting i et etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv. For å kunne sette ting i perspektiv treng du kunnskapar i fjern og nær historie. Dagens retningsliner for ingeniørutdanning var eit steg fram, haldninga før var at ingeniørar ikkje trengde historiekunnskapar. Dei skulle jobbe med teknologi. Vi kan lære mykje av teknologhistoria vår, og dagens ingeniørar treng kunnskapar om fortida for å kunne lage løysingar for framtida.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS