semesterstart

Her er planane for haustsemesteret

Så mykje fysisk undervisning og andre aktivitetar som mogleg. Back to campus-program og regler for heimekontor er nokre av planane.

Nei, slik såg det ikkje ut hausten 2020. Og ikkje vert det fullt så mange samla hausten 2021 heller, men Universitetet i Oslo vil samla studentar, tilsette og gjestar på Universitetsplassen.
Publisert Oppdatert

Fysisk, fysisk og meir fysisk.

Det er svaret når Khrono har spurt universitet og høgskular om korleis dei no ser føre seg at haustsemesteret vert. Institusjonane ønskjer både studentar og tilsette attende, men er samstundes tydelege på at det vil kunne verta noko digital undervisning - og at det framleis vil vera fare for at ein må endra dette i løpet av kort tid.

Vi er no inne i trinn 3 i gjenopningsplanen. I regjeringa sin plan for trinn 4 står dette når det gjeld universitet, høgskular og fagskular:

«Generelle smitteverntiltak. Bør planlegge for fysisk undervisning på høstsemesteret og for at det gis unntak fra avstandskrav der det er nødvendig i undervisningen. »

— Me satsar på at all undervisning skal vera fysisk. Me har øvd på å snu oss rundt dersom det vert naudsynt, seier Hilde Brekke Møller, som er studiedirektør ved MF vitskapelege høgskole.

Leiger lokale for å få plass

Nord universitetet har leigd ein idrettshall, og Universitetet i Agder og Høgskulen i Volda har også leigd lokale for å få plass til flest mogleg studentar samstundes.

— Skulle reglane verta endra så er det naturlegvis ikkje noko problem å legga om til tettsittande klasseromsundervisning, skriv rektor Johann Roppen i ein e-post til Khrono.

På gjenopningsnivå tre, som no er innført, heiter det at det kan vera meir fysisk undervisning for høgskular og universitet. Men regelen om ein meter avstand til andre er framleis grunnregelen i smittevernet. I tillegg er det og har det vore skilnader i smittetrykk mellom studiestadane.

— Me reknar med at me må leva med utvida smittevernreglar i ein lenger periode endå, skriv informasjonssjef Tore Petter Engen ved Høgskolen i Østfold i ein e-post til Khrono.

Ein akademisk meter

Universitetet i Bergen (UiB) satsar på å nytta det rektor Margareth Hagen tidlegare har kalla «akademisk meter». Ved å nytta annakvart sete i ein førelesingssal, vil avstanden verta omlag 90 centimeter. Slik får ein inn langt fleire enn dersom ein må halda nøyaktig ein meter avstand. Men UiB leiger òg lokale.

Dersom ein del undervisning vil måtte vera digital, gjer dei fleste som NLA Høgskolen: Prioriterer dei ferskaste studentane samt dei som skal gjera praktiske øvingar. Institusjonane som har mykje praktisk undervisning, som Noregs Musikkhøgskole, oppgir at dei vil prioritera ein til ein-undervisning dersom dei må velja. Høgskulen har allereie lagt opp til mellom anna orkesterundervisning i mindre grupper.

Kombinerer fysisk og digital undervisning

Sjølv om mange ønskjer å gi eit så fysisk tilbod som mogleg, vert det dei fleste dagar òg noko digital undervisning.

Universitetet i Stavanger (UiS) legg opp til at alle studentar skal få noko fysisk undervisning, men ein del vert òg digitalt. Alle skal ha tilbod om fysisk opplegg kvar veke, som gruppeundervisning eller gruppearbeid.

— Me planlegg å ha omlag 80 prosent fysisk undervisning, skriv NTNU sin prorektor for utdanning, Marit Reitan, i ein e-post.

Ho seier at dette er eit gjennomsnitt, og ikkje betyr at kvart emne eller studieprogram skal ha 80 prosent fysisk aktivitet.

— Mange store førelesingar vil gå digitalt. I mindre emne kan all undervisning verta gitt fysisk.

Institusjonane reknar òg med at ikkje alle studentar vil koma til campus.

Høgskolen i Molde oppgir at dei gir eit tilbod om digital undervisning for dei som ikkje kan vera med fysisk.

— Dette er i tråd med tilbodet me har hatt dette studieåret, men dobbelt tilbod om digitalt og fysisk tilbod, skriv informasjonssjef Jens Petter Straumsheim i ein e-post til Khrono.

Mindre grupper

Høgskolen i Innlandet deler studentane inn i mindre grupper.

— Me er budde på at me framleis må kunne hjelpa kommunane med smittesporing dersom det vert behov for det, skriv prorektor for utdanning, Stine Grønvold, i ein e-post.

Arkitektur- og designhøgskolen gjer all teoriundervisning digital, og ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) reknar ein med at mykje vil måtte gå føre seg digitalt, særleg tidleg i semesteret. USN oppgir at dei fleste undervisningsromma har omlag halv kapasitet, nokre har mindre.

— Så fort samfunnet opnar opp igjen, i takt med vaksineringa, vil USN opna for ordinær fysisk undervisning på campus, skriv kommunikasjonsdirektør Reidun Mangrud til Khrono.

I Trondheim satsar Dronning Maud Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning at all undervisning kan vera fysisk. Men alle dei store førelesingane vil òg verta sendt digitalt.

VID vitskapelege høgskole seier at dei legg opp til ein kombinasjon av fysisk og digital undervisning fram til haustferien.

Fadderveker og arrangement for andreåringane

I fjor hadde dei aller fleste utdanningsinstitusjonane fysiske fadderveker. Men det gjekk ikkje så mange dagar før det kom smitteutbrot. I tillegg vart presset mot studentane stort, og mellom andre Universitetet i Bergen (UiB) valde å avlysa dei fysiske kveldsarrangementa.

Også i år planlegg dei fleste institusjonane fysiske fadderveker og velkomsttilbod. Unntaket er Kunsthøgskolen i Oslo, som ikkje skal ha fysisk fadderveke.

— Eg ønskjer eit universitet som myldrar av liv!

Det sa UiB-rektor Margareth Hagen då universitetet hadde informasjonsmøte for både studentar og tilsette 21. juni.

Hagen sa òg at UiB planlegg fysisk semesterstart.

— Det er planlagt fysisk velkomstseremoni 16.august utandørs, med så mange studentar, tilsette og studentar som er mogleg innanfor gjeldande smittevernreglar, utdjupar kommunikasjonsavdelinga i ein e-post.

Studentane vil verta delt opp i mindre grupper som kan møtast fysisk, og faddervekeaktivitetane som er planlagt kan skalerast opp eller ned for å vera tilpassa ulike smittevernsituasjonar.

Samling på universitetsplassen i Oslo

I Oslo skal det vera folk på Universitetsplassen den første dagen i det nye studieåret.

— Dei fleste studiestartsarrangementa vert interne på program- og instituttnivå, men me klarar òg å tilpassa nokre større arrangement med enkelte tilpassingar, til dømes velkomstseremonien med eit nedskalert publikum og med strøyming, skriv universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ein e-post.

UiO planlegg med så små faddergrupper at studentane skal kunne verta kjende med kvarandre og samstundes minst mogleg sårbare for at situasjonen framleis ikkje er veldig føreseieleg.

Også Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet planlegg fysiske velkomstarrangement, både i Alta, Harstad, Narvik og Tromsø. Den store felles, velkomsten vil vera digital, allereie 9.august.

De fleste andre universitet og høgskular har oppstart 16.august.

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) tek studentregistreringa over fleire dagar enn vanleg, for å ikkje samla for mange samstundes.

Høyskolen Kristiania har eit eige opplegg for dei som allereie har vore studentar. Det skriv kommunikasjonssjef Anette Johnsrud Larsåsen i ein e-post.

— I tillegg til fadderveke vil me ha eit eige «Back to campus»-program. Det består at mellom anna konsertar, båtturar og føredrag dei første to vekene av semesteret, og i tillegg ei rekkje lågtersketilbod spreidd utover hasuten. Studentane har hatt eit tøft år, med lite kontakt med medstudentane sine. No skal me alle saman re-sosialiserast, og det gler me oss til.

Avstand mellom studentane då OsloMet hadde fadderveke i 2020. Avstand vert nok regelen under fadderveka i 2021 òg, men instituasjonane legg opp til fysiske arrangement for studentane.

Skal laga prinsipp for heimekontor

— Me planlegg at både studentar og tilsette skal ta campusane våre attende i haust. Er det noko pandemien har lært oss, er det verdien av levande campus, skriv Universitetet i Agder sin kommunikasjonsdirektør Øyvind Eskedal i ein e-post til Khrono.

Han seier at universitetsstyret nyleg løyvde to millionar kroner til tiltak som skal gå til tiltak som gjer at det vert godt for både studentar og tilsette å koma attende.

Men truleg vert nokre tilsette framleis sitjande heime.

Framleis noko heimekontor

I Oslo melder både UiO og OsloMet at dei framleis ser føre seg at det vert heimekontor - som òg ligg inne i gjenopningstrinn tre. Det same gjer Høgskolen i Østfold. Dei seier at ein del tilsette truleg vil jobba heimefrå, i alle fall til dei er fullvaksinerte. I Bergen melder både Høgskulen på Vestlandet og Norges Handelshøyskole (NHH) at det framleis ligg an til heimekontor.

Ved OsloMet er det bestemt ei prioriteringsrekkefølgje for kven som får koma først attende til kontoret. Parallelt med dette vert det no utvikla eit forslag til regelverk for bruk av heimekontor.

Nokre dagar på heimekontor

Nokre institusjonar, som Universitet i Bergen og NTNU, har allereie laga retningslinjer for kor mange dagar i veka tilsette kan jobba heimefrå. Andre, som Universitetet i Agder, Arkitektur- og designhøgskolen, Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet, VID og NLA og Universitetet i Søraust-Noreg, oppgjer at retningslinjer for heimekontor står på agendaen til hausten.

— August vert ein overgangsmånad til den nye normalen, melder Noregs miljø- og biovitskapelege universitet.

Dei ser føre seg at tilsette kan jobba digitalt, det vil seia heimanfrå eller frå andre stader ein til to dagar i veka.

Powered by Labrador CMS