Stidpendiat Simon Malkenes. Foto: Ragnhild Vartdal

Helgeintervju med den ferske NTNU-stipendiaten: Malkenes vil tenke nytt om skulen

Skulepolitikk. Snart 15 år etter at Kunnskapsløftet tredde i kraft, er ein i ei brytingstid. Det den gong nye paradigmet er blitt gammaldags, meiner Simon Malkenes, som trur tida er inne for å bryte det. Kanskje han blir ein av hjernane bak?

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ein vindfull februarmorgon Khrono møter lektor Simon Malkenes på ein kafé i hovudstaden. Vi drikk kaffi, fleire koppar. Og praten går i eitt mellom slurkane.

Malkenes er like engasjert som han verkar å ha vore i både tekst og tale dei seinare åra. Korleis ein driv ein skule er noko som ligg hjartet hans nær — det er ungane det handlar om for han.

Difor har han, ikkje overraskande, følgt debatten kring den omstridde smilefjes-metoden til skuleforskar Thomas Nordahl tett. Dei to har vore i mang ein polemikk tidlegare.

Fakta

Simon Malkenes

Simon Malkenes (46) er frå Florø i Vestland fylke.

Han er litteraturvitar, lektor og stipendiat ved NTNU. Han sit også i sentralstyret i Utdanningsforbundet.

Han har teke permisjon frå stillinga si som lærar ved Hauge skule i Bremanger.

Malkenes har skrive fleire bøker om skulepolitikk, blant dei Bak fasaden i Osloskolen (2014) og Det store skoleeksperimentet (2018).

I 2018 fekk Malkenes blant anna Fritt Ords honnør for «hans kritiske søkelys på manglande ytringskultur i Oslo-skulen».

Malkenes meiner retorikken rundt styring og testing i skulen, mellom dei som snakkar om den kunnskapsbaserte og den erfaringsbaserte skulen, har blitt svært skarp.

— Dei som snakkar for det dei sjølve omtalar som den «kunnskapsbaserte» skulen (Thomas Nordahl m.fl., journ. anm.), opphøgjer seg sjølve som dei einaste som forfektar sanninga, og avviser alle andre kunnskapsformer. Men erfaringskunnskap er også viktig kunnskap, i alle fall i klasserommet, seier Malkenes.

Han meiner fleire kunnskapsformer må til for å forstå noko godt. Dess fleire måtar ein kan beskrive ting på, dess betre forståing får ein.

— I retorikken sin hevdar dei (som snakkar om den kunnskapsbaserte skulen, journ. anm.) representerer det nye paradigmet i skuleforskinga, medan erfaringskunnskap er det middelalderske. Ei slik kategorisk forståing synest eg er skummel. Om ein ikkje opnar opp for andre forståingar, er ein også på eit vis ein kunnskapsfornektar, seier Malkenes og spør om ikkje vi skal hente oss ein kaffi til.

Vi skiftar tema ei stund, og byrjar å prate om det lektoren frå Florø no har kasta seg inn i.

Praten og kaffikoppane sat like laust som i eit kaffislabberas. Her er Malkenes på andre koppen. Foto: Ragnhild Vartdal

Ytringsfridom

For no ser og tek Malkenes for første gong del i debatten kring skulen frå same sida av bordet som skuleforskar Thomas Nordahl.

Bremanger-læraren har nemleg teke permisjon, og har nettopp byrja på ein doktorgrad ved NTNU. Men han er altså verken i Trondheim, Gjøvik eller Ålesund der universitetet held hus. Han er tilbake i Oslo, og skal pendle frå hovudstaden, der alt oppstyret starta.

Men det er framleis mange som opplever at det ikkje er velkome å snakke om problem i skulen. Difor er det nok mange der ute som burde seie ifrå, men som ikkje tør. Det råkar til slutt ungane.

Simon Malkenes

Noreg vart for alvor kjend med lektor Simon Malkenes i mars 2018 då han figurerte i NRK sitt debattprogram Dagsnytt 18. Då prøvde han, som lærar ved Ulsrud vidaregåande skule i Oslo, på kreativt vis å varsle og kritisere det han meiner er dei negative konsekvensane av inntakssystemet i osloskulen.

Men i staden for at det blei ein debatt om inntakssystemet, enda det opp med å bli ein års lang debatt rundt ytringskåra og fryktkulturen i skulen.

— Det seier berre kor betent dette var. Heldigvis er det i endring, og fleire tør å seie ifrå om problematiske sider i skulen. Men det er framleis mange som opplever at det ikkje er velkome å snakke om problem i skulen. Difor er det nok mange der ute som burde seie ifrå, men som ikkje tør. Det råkar til slutt ungane, seier Malkenes.

Etter eitt år med varsling og høyringar som til slutt felte skuledirektør i Oslo, Astrid Søgnen, kunne Malkenes endeleg konsentrere seg om det han eigentleg prøvde å bringe til torgs. Inntakssystemet.

På andre sida av bordet

Og det, og meir til, kan han endeleg fordjupe seg meir i når han no tek fatt på fire år som stipendiat i prosjektet Privatisering i og av utdanning ved institutt for lærarutdanning ved NTNU.

— Var det oppgjeret med osloskulen og alt rabalderet som kom etterpå som har gjort at du no har søkt deg mot ein doktorgrad?

— Tja, det er jo luksus å få lov til å begrave seg i slikt i fire år. Tidelagare har eg jo skrive bøker om skulepolitikk om kveldane. Det å no endeleg kunne få bruke dagane til slikt er jo ein ting. Så er det kanskje på tide med noko nytt, og prøve seg i akademia, seier Malkenes.

Prosjektet hans dreier seg om privatisering av skulen. Og nei, privatisering er ikkje berre private skular eller bruken av private aktørar i skulen, påpeiker han. Det er òg kva som skjer når ein organiserer skulen etter modell frå privat næringsliv. Eller kva som skjer når ein lagar skuleleiarutdanningar som om dei driv eit konsern.

— Ja, alle desse problematikkane og korleis dei formar skulen og dei som jobbar der. Privatisering handlar ikkje berre om å kjøpe tenester. Det er også privatisering når konkurranse blir drivkrafta i skulen og testresultat blir «botnlinja» i skulekonsernet, seier Malkenes.

— Du blir jo på eit vis skuleforskar no. Du har jo kritisert både dei som styrer skulen, skuleforskarar og politikarar for å sitte for langt unna den verkelegheita dei skal ta avgjerder for eller forstå. Korleis skal du unngå å hamne i same situasjon?

Det veit eg ikkje heilt, for eg er jo ikkje lenger i klasserommet. Men det eg har kritisert er ikkje nødvendigvis at dei ikkje har vore i klasserommet sjølve, men meir at dei ikkje høyrer på dei som er i klasserommet. Men mi 20 år lange erfaring i klasserommet blir ikkje vekke den heller, seier Malkenes.

Han koblar det heile opp mot den ytringsfridomsdebatten som han sjølv etterkvart vart eit symbol på.

— Om ein ønskjer å reformere skulen og ikkje involverer dei som jobbar eller går på skulen i utforming og implementering, så aukar sjansen for at du får dårleg ytringskultur og eit dårleg klima for kritikk, seier Malkenes.

Malkenes retter eit kritisk blikk mot testing og formålet med det. Foto: Ragnhild Vartdal

Testingslogikk

Det er ikkje berre mangelen på klasseromperspektivet Malkenes har kritistert skulestyrarar, forskrar og politikarar for. Kritikken går også på eit overdrive fokus på kva testing og kartleggingar faktisk kan fortelje oss om tilstanden i den norske skulen.

Malkenes meiner debatten sporar fullstendig av dersom ein skal få dette til å handle om at ein er for eller mot testing på generell basis.

— Dette handlar om korleis prøvene eller testane blir brukte. Testing kan vere bra for å finne ut om ein elev har dysleksi. Og ein historielærar lagar jo ei prøve med eit bestemt formål. Men dersom du byrjar å ansvarleggjere dei i skulen, lærarar og rektorar, for testresultat, så står problema i kø, seier Malkenes.

... når styringslogikken overstyrer det praktiske i skulen, så sporar det verkeleg av.

Simon Malkenes

Det handlar om korleis testresultat blir tolka og kva slags konsekvensar den tolkinga får, meiner Malkenes. Han fortel om dei nasjonale prøvene, om korleis han opplever at det har blitt eit res om å bli best på akkurat denne prøva.

— Denne «stikkprøva» blir viktigare enn heilskapen den representerer. Når kommunane vert ansvarleggjorde for resultatet blir borna målepunkt for om kommunen sin skulepolitikk er vellukka. Men ein har jo dei ungane ein har i ein kommune. Ein kan jo ikkje bytte dei ut, seier Malkenes.

Han fortel også om rektorane i Oslo som for eksempel hadde resultatbaserte kontraktar der løna deira var knytt til testresultata.

— Det er jo utan tvil i konflikt med formålet med skulen, seier Malkenes.

Kva resultata fortel

Det er som metodebruk i forsking, der ein må vere varsom med kva eit resultat faktisk fortel oss, meiner Malkenes.

— Om ein ikkje heilt veit kva eit resultat skal fortelje oss eller kva det faktisk seier oss, så har vi eit systemproblem. Det verste eksempelet er kartleggingsprøvejukset i osloskulen. Prøvene er diagnostiske. Men i Oslo mål- og resultatstyrte Høgre etter dei også, mot å ikkje finne born som trengte ekstra oppfølging. Nokre skular hadde som mål å ikkje finne born som trengte ekstra hjelp til lesing og skriving dei neste tre åra. Denne perverterte logikken viser at når styringslogikken overstyrer det praktiske i skulen, så sporar det verkeleg av, seier Malkenes. Han legg til:

— Skulen er utruleg komplisert å forstå. Testresultat forenklar det så mykje at alle skal kunne forstå det. Men det er viktig å hugse på at det er ein stor skilnad mellom ein likeverdig skule for alle og resultatlikskap, seier han, og åtvarar mot den kopieringskulturen han meiner pregar skulepolitikken.

Malkenes har ikkje mykje til overs for Kunnskapsløftet. Foto: Ragnhild Vartdal

At ein skal kopiere dei kommunane og dei skulane som har dei beste resultata.

Det nye testamentet

Malkenes hektar store delar av den logikken han meiner har breidd seg over skulen, på Kunnskapsløftet.

Han meiner at ein med skulereforma som tredde i kraft i august 2006, innførte ein ny danningstradisjon, ein didaktisk tradisjon med anglo-amerikanske anar. Ein som han meiner er i konflikt med den måten ein i Noreg har utdanna lærarar og forstått skulen på.

Denne tysk-kontinentale danningstradisjonen er meir oppteken av eit større perspektiv enn kun dei faglege resultata, meiner Malkenes.

— Det er ungane si eiga modning og forståing av verda som ein skal bygge verda vidare på også. I staden fekk vi med Kunnskapsløftet ein tradisjon der vi i større grad er opptekne av effektivitet, styring og resultat, altså å hente meir samfunnsnytte, seier Malkenes.

Men det er snart 15 år sidan denne skulereforma byrja å setje sitt preg på skulen. Noko er i ferd med å skje, trur han.

— Den måten å tenke skule på er i ferd med å bli gammaldags. Det som ein gong var det nye paradigmet, som ein trudde skulle gi betre og billigare skule, er blitt utdatert og ein har blitt klar over svakheitene. Eg trur tida er inne for å bryte med dette no, seier Malkenes.

Korleis ein skal styre og organisere ein heil sektor i samfunnet er ei svær greie, innrømmer Malkenes. Han spør seg kven som vil gå inn for å bryte det.

— Er det Høgre eller Arbeidarpartiet? Eg trur vi vil ha ein annan skule om 10 år. Og denne gongen må ein passe på at ein involverer dei som er i skulen, seier Malkenes.

— Tenker du at du med doktorgraden vil bidra til å bryte paradigmet?

— Det vil ikkje akkurat bli det nye testamentet og eg har eigentleg ikkje ambisjonar om det. Men ein kan jo håpe? seier Malkenes med eit lurt smil.

Powered by Labrador CMS