Kortnytt
Haukeland avlyser praksis
Bergen kommune har mange nye smittetilfelle, og fleire av dei knytt til Haukeland universitetssjukehus. No avlyser sjukehuset utplassering i tidlig praksis, i dialog med Universitet i Bergen.

— Dette gjer me for å ta ned det totale presset i sjukehuset, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen til Bergens Tidende.
Gruppa skulle starta onsdag, og studentane som ikkje får starta i praksis har fått beskjed. Anna klinisk undervisning og praksis held førebels fram som normalt.
Bergen kommune har utsett praksis for studentar som skulle ha praksis i kommunale tenester.
– Utdanning er ein viktig del av vår verksemd, så vi tilstreber å få det til. Sjølvsagt etter gjeldande smittevernreglar, seier Vigander.
Bergen kommune har vedtatt å utsetje praksisplass for studentar i kommunale tenester.
(Hilde Kristin Strand / Khrono)