Kjempar mot studenteinsemd

Har lansert sosial aktivitetsordning: — Ikkje kleint i det heile

Lise-May Sæle håpar den nye trefftenesta bidreg til at studentar får ein betre kvardag. Måndag prøvde ho sjølv ut den nye ordninga.

Lise-May Sæle og NHHS har iverksett ordninga «NHHS blir kjent», og melder om god respons. — Dette er eit vertkøy som skal hjelpa studentar med å vera sosiale, sier Sæle til Khrono.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag førre veke lanserte Norges Handelshøyskoles Studentforening (NHHS) tenesta «NHHS blir kjent». På under ei veke har over 100 studentar meldt si interesse.

— Responsen har vore overveldande, seier eksternansvarleg og styremedlem i NHHS, Lise-May Sæle, til Khrono.

Ikkje ei datingteneste

Ho er primus motor for den nye tenesta, som kort fortalt går ut på å matcha studentar ved Norges Handelshøyskole (NHH) som ynskjer å vera sosiale, men som gjerne treng ei hjelpande hand for å få det til.

— Bakgrunnen for denne ordninga er ei aukande bekymring for at studentar føler seg einsame. I ei tid der dei fysiske møta med andre gjerne blir avgrensa, er det fort gjort å kjenna på at ein føler seg åleine, kjem det frå Sæle.

— Korleis fungerer denne tenesta?

— Studentane får tilgang til eit skjema via Google, der dei fyller inn namn, kjønn, alder, kull, kva kjønn dei vil møta og ikkje minst kva aktivitet dei ynskjer å finna på. Så sender det dei inn til oss, og deretter gjer me det me kan for å finna ein passande match, forklarar Sæle.

Dette er eit enkelt lågterskeltilbod, som ikkje er vanskeleg å organisera. Her handlar det om å ta tak i problemet og faktisk gjera noko med det i staden for berre å snakka om det.

Lise-May Sæle, eksternansvarleg og styremedlem, NHHS

— Det høyrest nesten ut som ei datingteneste dette?

— Det er det ikkje! Dette er rett og slett eit vertkøy som skal hjelpa studentar med å vera sosiale, er Sæle snart med å understreka, før ho legg til:

— Men om noko av dette skulle resultera i noko meir enn berre venskap, er det sjølvsagt berre morosamt.

Sæle kan avsløra at ho sjølv faktisk prøvde ut ordninga måndag som var.

— Eg gjekk tur til Ulriken med ein av dei som sendte inn skjema, og det var veldig kjekt. Det var ikkje kleint i det heile. Me har hatt kontakt i etterkant, og kjem nok til å gå fleire turar saman, seier Sæle.

Studentar slit

Studentane si helse og trivselsundersøking (SHoT) har i fleire år vist at einsemd og psykiske plagar er langt ifrå uvanleg blant studentane, og det er grunn til å tru at dette har blitt verre i samband med koronapandemien.

Ei undersøking som Studentsamskipnaden i Trondheim (Sit) gjennomførte i april, viste at åtte av ti studentar meinte livet hadde blitt vanskelegare i løpet av den første månaden av koronakrisa.

I august uttalte forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) følgande til Khrono:

— Ei bekymring me alle deler er at sjølv om universiteta og høgskulane er opne, vil mykje skje digitalt. Dette kan føra til einsemd, og difor må me ha god kontakt med studentorganisasjonane og legga til rette for ein så god studiekvardag som mogleg.

— Eit enkelt lågterskeltilbod

Lise-May Sæle håpar og trur at tilbod som det ho og NHHS iverksett no er med å bidra til at studentar for ein betre kvardag.

— Det er det som er målet. Dette er eit enkelt lågterskeltilbod, som ikkje er vanskeleg å organisera. Her handlar det om å ta tak i problemet og faktisk gjera noko med det i staden for berre å snakka om det, seier Sæle, og held fram:

— Me var veldig spente på korleis det skulle bli motteke, men me har berre fått gode tilbakemeldingar.

— Kan de garantera at de greier å matcha alle som leverer inn skjema?

— Ja, dette får me til. Skulle det visa seg vanskeleg, ordnar me det på anna vis, svarar Sæle avslutningsvis.

Powered by Labrador CMS