styremøte
Har koronatesta 13.000 studentar
Sidan studiestart i august har Universitetet i Bergen hurtigtesta omlag 13 000 studentar. 99 har fått påvist smitte. Torsdag skal universitetsstyret orienterast om koronasituasjonen, og du kan sjå møtet direkte her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Smittetala i Bergen har vore høge sidan tidleg i august, men er no på veg nedover. Mange av dei smitta har vore studentar eller andre unge menneske. Berre eit par dagar før studiestart fekk Universitetet i Bergen (UiB) og dei andre utdanningsinstitusjonane beskjed om at fadderveka måtte leggast om, på grunn av lokale retningslinjer i Bergen.
Etter eit år der studentane stort sett har hatt digital undervisning, har det vore viktig for universitet og høgskular at særleg dei ferske studentane kunne møta fysisk på campus til både fadderveke og undervisning. UiB snudde seg difor kjapt rundt, heiter det i sakspapira til torsdagens universitetsstyremøte: 14 stader, nokre av dei telt og nokre kantiner, vart brukt til faddervekearrangement. Her var det godkjent alkoholservering, smittevernvakter og tilsyn frå vektarselskap.
99 positive testar
Hurtigtest av studentar vart òg gjennomført dei første vekene av studieåret. Per 30.8 hadde det vorte gjennomført 13 000 slike testar. 99 var positive. Av desse var vel 40 heimehøyrande ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.
Universitetsstyret har orientering om koronasituasjonen som ei av sakene på møtet sitt 9. september. Møtet ser du direkte her.
Klima og ex fac
Andre saker styret skal drøfta er mellom anna om UiB ikkje lenger skal ha krav om examen facultatum, eigarskap og klimarekneskap.
Dette er heile sakslista:
S 98/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 99/21 Godkjenning av protokoll fra møte 26.08.2021
S 100/21 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 101/21 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
S 102/21 Universitetets klimaregnskap 2020
S 103/21 NOKUT-evaluering av UiBs systematiske kvalitetsarbeid
S 104/21 Forslag om endring i UiBs grads- og studieforskrift
S 105/21 Ph.d.-utdanningsmeldingen 2020
S 106/21 BOTT Økonomi og lønn. Status for prosjektet og innføring på UiB
S 107/21 Etatsstyring 2021. Tilbakemelding til Universitetet i Bergen
S 108/21 Universitetets forvaltning av eierinteresser
S 109/21 Sarssenteret. Organisering og finansiering
S 110/21 Oppnevning av medlemmer til sentrale råd og utvalg for perioden 1.8.2021-31.7.2025
S 111/21 Universitetsdirektøren si resultatoppnåing 2021 og resultatmål for 2022
S 112/21 Delegasjon av sak til Den sentrale klagenemnd - vurdering av salærnedsettelse - uhl. § 4-8 (5)Unntatt offentlighet
Orienteringer
Eventuelt