studiestart

— Veit de kor baren «Heidis» er?

Når kveld vert til natt, gjer faddervaktene sitt for at sentrum skal vera ein trygg og triveleg plass for ferske studentar.

Kikki Kleiven, Kjersti Fløttum og Gard Skulstad Johanson i godt driv gjennom rolege bergensgater.
Publisert Oppdatert

— Må vi som kjem frå BI òg stå i kø?

Ein ung mann ser på folkemengda som står utanfor Ricks i Bergen. Med restriksjonar på kor mange som kan kome inn, er det eit spesielt armband - og å vere tidleg nok ute - som gjeld.

Ein halv time tidlegare har faddervaktkoordinator Magnus Wethal instruert dei om lag 25 som skal ut i Bergen sentrum denne natta: Alle får med seg munnbind og sprit, og beskjed om å berre vere eit supplement til den beredskapen som elles er i sentrum. Wethal er ute på si fjerde nattevakt, og har følgjande beskjed:

— Det blir pizza til dykk i natt òg, og det blir kaffi og redbull.

— Me har aldri drukke redbull før, seier Kikki Kleiven, og fniser.

Banan-stand

Direkte frå Arendalsuka er den ferske direktøren for Bjerknessenteret klar for å gå faddervakt for femte år på rad. Saman med franskprofessor Kjersti Fløttum har ho gjort ei nattevakt til noko som er viktig for henne i august.

— Dette er ein del av vår semesterstart. Studentane set sånn pris på at vi kjem. Det vert fine samtalar, seier Fløttum.

— Eg har på meg tre lag ull, legg ho til.

Klokka er berre 22, og vêret slett ikkje verst, men etter planen skal dei to kvinnene vere ute til om lag klokka 3 om natta.

Michelle Kasen har funne fram vinterjakka. Saman med Helene Austnes og Martin Belov frå fadderstyret ved VID vitskapelege høgskule står ho stand på Torgallmenningen. Her deler dei ut bananer og vatn, og er ein slags sentral dersom nokon treng hjelp eller lurer på noko.

— Hyggelig å vera her, seier Belov.

Michelle Kasen og Helene Austnes representerer VID vitskapelege høgskule. I Bergen deler utdanningsinstitusjonane på faddervaktansvaret.

Måtte ringje ambulanse

Medisinstudent og universitetsstyremedlem Gard Skulstad Johanson går saman med Kleiven og Fløttum. Også han har vore faddervakt i fleire år.

Medisinkompetansen skal visa seg å kome godt med ganske kjapt. Berre eit par hundre meter unna Torgallmenningen har ei ung jente kollapsa. Vakter frå utestaden ho kom frå har allereie ringt ambulanse.

— Det kjem til å gå bra, seier Johanson, som sit saman med jenta og ein edru fadder heilt til ambulansepersonell støttar jenta inn i bilen.

Kleiven og Fløttum ventar eit stykke unna. Kleiven vert oppteken med noko anna:

— Hei, veit de kor «Heidis» er?

To unge menn kjem bort til faddervaktene på fortauet.

Kleiven prøver å forklare kor ein finn ølstova, som mellom anna reklamerer med allsong, men det er ikkje så lett. For:

— Eg kom hit i dag, seier den eine unge mannen.

Kvinna i den oransje vesten følgjer dei eit stykke på veg.

Quiz i ring

— Eg vil gjerne sjekka at det ikkje ligg nokon i buskene. Det største problemet ei slik natt er faktisk nedkjøling, seier Johanson medan gruppa går gjennom teaterparken. Der er det roleg.

Utanfor Det humanistiske fakultetet er det fleire telt der studentar kan samlast. Både vakter og nokre av studentane har munnbind på, og stemninga er god. Vidare bortover Nygårdshøyden er det roleg. Heile veka har det vore rapportert om feststøy frå Nygårdsparken, men i øvre del er det roleg.

Politiet på veg for å patruljera i nederste del av Nygårdsparken. Seinare same natt fekk politiet mange klagar frå naboar, og tok til slutt med seg eit musikkanlegg.

— Har de det bra, spør Fløttum ei gruppe studentar som sit i ein stor ring.

Det viser seg at det er teatervitskapsstudentar som har quiz. Også her er stemninga god.

Både Fløttum og Kleiven har barn sjølve; Fløttum ei vaksen dotter og Kleiven ein son i tenåra.

— Tenkjer de at de håpar nokon passar eller passa på dykkar studentbarn òg?

— Ja, eg var veldig uroleg då dotra mi reiste til England for å studera, innrømmer Fløttum.

Patruljering

— Å, sjå!

Eit piggsvin på nattevandring på gangvegen i Nygårdsparken vekkjer merksemd. Samstundes kjem ein bil med blå lys køyrande. Det er politiet som er på patruljering. Klokka nærmar seg midnatt, men førebels er det roleg, er rapporten. Piggsvinet kjem seg vekk før politiet køyrer vidare.

Frå nedre del av parken kan ein høyra høg musikk. Andre ruslar med posar frå hurtigmatkjedar, truleg på veg heim.

Men ikkje alle:

— Eg skal på Zachen, gaular ein ung mann til kompisen, som har fått kongekrune på hovudet.

Powered by Labrador CMS