ERC-midler

Halvparten av EU-stipenda til humaniora og samfunnsvitskap

Norske forskarar har henta heim 101 prestisjestipend frå EU. Unge kvinner frå humaniora og samfunnsvitskap har gjort det spesielt bra.

— Dette viser at problemet ikkje er at kvinner ikkje er ambisiøse nok, seier professor Heidi Østbø Haugen.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå nyttår er Horisont2020 historie. Då vert det eit nytt rammeprogram for forsking i EU, Horisont Europa.

Forskingsrådet har sett på kor godt Noreg har gjort det dei siste åra: Medan ein i det sjuande rammeprogrammet for forsking henta heim 44 prestisjestipend, er talet for dei siste sju åra 101.

Særleg peikar samfunnsvitskap og humaniora seg ut, i denne kategorien finn ein halvparten av dei norske ERC-mottakarane. Tala viser òg at kvinnene gjer det sterkt: Frå å ha motteke 26 prosent av ERC-stipenda i åra 2014-16, er 65 prosent av dei som mottek slike stipend i år kvinner.

Vel å kombinera barn og karriere

— Dette viser at problemet ikkje er at kvinner ikkje er ambisiøse nok, seier Heidi Østbø Haugen.

Ho er professor i kinastudium ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo, og leiar prosjektet BROKEX, eit tverrfaleg prosjekt som er finansiert gjennom eit ERC Starting Grant frå 2019. Året før fekk Haugen midlar frå Forskingsrådet i kategorien unge forskartalent.

— Det viktigaste for meg etter at eg fekk midlane var å finna ein arbeidsgivar som kunne tilby fast stilling, seier Haugen.

— For å fokusera fullt og heilt på det faglege i ERC-prosjektet måtte eg først finna ein trygg arbeidsgivar og sleppa uroa for framtida som følgjer med å vera tilsett i mellombels stilling.

For henne vart det då stilling ved Det humanistiske fakultetet - ikkje ved Det samfunnsvitskapelege, der ho hadde vore tilsett i mellombelse stillingar.

Ho fortel at ho var utanfor akademia i fem år, og at det å vita at ho har fast jobb gjer at det er enklare å handtera ein hektisk kvardag.

— Ein skal vera i forskingsfronten, ein skal vera forskingsleiar og ein skal vera ein administrativ leiar. Det er veldig krevjande å kombinera dette med eit liv utanom, men både eg og andre kvinner vel å gjera det, seier Haugen, som har små barn.

Professor Heidi Østbø Haugen ved Universitetet i Oslo er blant dei første ved Det humanistiske fakultet som har fått prestisjestipend frå EU.

Ho er blant dei første ved Det humanistiske fakultetet som har fått eit slikt stipend, og fortel at det er ein del praktiske ting, som datalagring, ho må finna ut av. I tillegg har ho gjort noko som ikkje er så vanleg innan humaniora: Bygd opp ei forskingsgruppe. Saman forskar dei på Kina sin plass, som eit land som er meir og meir involvert i resten av verda. Men det er store skilnader i korleis Kina er involvert, og prosjektet ser mellom anna på kven som skaper band mellom Kina og andre land, og kven som er aktørane.

— Eg har tilsett både stipendiatar, postdoktorar frå ein internasjonal marknad og invitert gjesteforskarar, og eg er oppteken av å skapa noko som er fagleg større enn det kvar enkelt klarar å få til åleine, seier Haugen.

Difor har ho innført ei kjernearbeidstid på fem timar, der det er forventa at forskarane er på campus.

— Slik kan ein ha uformelle møte, og skapa eit arbeidsmiljø. Me har mellom anna ei ordning der me presenterer noko som har inspirert oss fagleg for dei andre, seier Haugen, og legg til at nokre har sett på grepet som kontroversielt.

Håpar på fleire kvinnelege professorar

Ingrid Lossius Falkum kombinerer òg forskarliv og morsrolle, og prisar besteforeldre. Søknaden hennar til ERC skreiv ho for to år sidan og vart mellom anna skriven på kveldstid og i helgane, og no leiar ho prosjektet DEVCOM, som ser på barn si kommunikasjonsutvikling og ikkje-bokstavelege språkbruk. Prosjektet er òg eit Starting Grant.

Ingrid Lossius Falkum seier det var svært mykje arbeid med ERC-søknaden. No har ho fått eksterne midlar for dei fire neste åra.

— Hos ERC er det mogleg å få støtte til forsking utanfor dei tradisjonelle faggrensene. Eg har fått midlar frå Forskingsrådet tidlegare, men har ikkje opplevd noko særleg interesse for forskinga mi, seier Falkum, som kombinerer lingvistikk og filosofi.

Førsteamanuensen ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk og Institutt for lingvistikk og nordiske studier, gjentek det ho har sagt før: Dei eksterne midlane var det som gjorde at ho fekk fast jobb.

Khrono har skrive at talet på kvinnelege professorar framleis er låg i Noreg.

— Vert vegen til professorkompetanse kortare når ein får slike midlar?

— Ja, absolutt. Ein får tilsetja eit eige team, og aktiviteten vert større, seier Falkum.

Ho har tilsett fire forskarar, og skal tilsetja to til.

— Desse tala viser at det er mange ekstremt dyktige kvinner i akademia, og det er veldig inspirerande å sjå at det går så bra med unge kvinner - det viser at det er mogleg. Så får me tru at talet på kvinnelege professorarar om ikkje så lenge òg vil verta betre.

Ein kan ikkje gjera sitt beste arbeid medan ein er uroa for neste lønsslipp. 

Elisabeth Schober

— Farlegast mellom stipendiat og postdok

Ein tredje ERC-mottakar er Elisabeth Schober. Ho er førsteamanuensis ved Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo. For tida har ho foreldrepermisjon. Det hadde ho òg då ho var postdok.

Elisabeth Schober fekk først eit stipend frå Forskingsrådet. No leiar ho eit stort ERC-prosjekt.

— Eg hugsar ganske godt kor vanskeleg det kan vera når ein ikkje har fast stiling. Den farlegste perioden for unge, kvinnelege talent er sikkert overgangen frå ph.d.-utdanning til postdoktorstilling, saman med overgangen frå postdoktor til fast stilling. Kvinner må aktivt oppmodast under desse perioden, slik at dei kan halda ut og ikkje vera offer for det som vert kalla «the leaky pipeline», skriv Schober i ein epost til Khrono.

Ho åtvarar mot å tenkja at kvinner er sårbare og ikkje produktive nok:

— I staden er det viktig at me skaper ein akademisk kultur der dyktige kvinner kan trivast.

Schober seier det same som Heidi Østbø Haugen: Fast stilling er viktig når ein skal leia eit EU-prsjekt.

— Det er viktig at universiteta kan gi ERC-mottakar fast jobb når dei får eit stipend. Ein kan ikkje gjera sitt beste arbeid medan ein er uroa for neste lønsslipp.

Ho fortel at ho søkte om ERC Starting Grant tre gongar, og var like mange gongar til intervju i Brussel, før ho nådde opp. Ho bestemte seg for å knekka koden, og no leiar ho prosjektet PORTS. Der forskar ho på hamner, særleg kontainerhamner.

— Sjøhandel er heilt sentralt i verdsøkonomien, og det økonomiske tyngdepunktet rører seg frå vest mot aust, det er noko me alle kan kjenna på no med koronaviruset, seier Schober, og viser til uroa i vår, då kinesiske fabrikkar ikkje fungerte som ein er van med,

— Så hamnene er eit godt utgangspunkt dersom me vil vita meir om dei sosiale, politiske og kulturelle endringane som følgjer med dei siste tiåra si økonomiske utvikling, seier Schober.

Ho har tilsett to postdoktorar som skal forska i Rotterdam og Singapore og ein stipendiat som skal jobba i Piraeus i Hellas - eei hamn som nyleg har vorte kjøpt opp av kinesarane.

Flest til UiO

Khrono skreiv nyleg at fem av åtte norske, ferske ERC Consolidator Grant-mottakarar er kvinner. Fire av dei ved Universitetet i Bergen, og av dei kom to frå samfunnvitskap og to frå naturvitskapen.

Tala frå Forskingsrådet viser at det er Universitetet i Oslo som har fått flest ERC-stipend, med 47. Universitetet i Bergen har 24 og NTNU ni. Femti prosent av dei norske prosjekta høyrer til i kategorien samfunnsvitskap og huamiora, 28 prosent i kategorien teknologi og naturvitskap 22 prosent i livsvitskap-kategorien.

– Det norske humsam-miljøet er stort og har over lang tid vore fagleg sterke, seier Kristin Danielsen, områdedirektør for internasjonalisering og forskningssystemet i Forskningsrådet, til eigne nettsider.

I det komande Horisont Europa håpar ho Noreg vil lukkast endå betre òg i dei to andre kategoriane.

Powered by Labrador CMS