likestilling
Dette vil dei gjera for å få fleire kvinnelege professorar
Fakultetet skulle tilsetja 40 prosent kvinnelege førsteamanuensar, men ser ut til å enda under halvparten. No er fleire institusjonar med i eit prosjekt som skal gjera noko med likestillinga i akademia.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Bergen har 16 prosent kvinnelege professorar. No er fakultetet ein av deltakarane i Forskingsrådet sin nye BalanseHub. Dette skal, ifølgje Forskingsrådet sjølv, vera ein nasjonal læringsarena der ein skal samla og dela nyttig og naudsynt kunnskap frå forskingsfronten, og vera ein arena for utveksling av røynsler.
I Bergen har naturvitarane jobba med likestilling ei stund. I siste fakultetsstyremøte fekk styret ei orientering om korleis det går med handlingsplanen for likestilling. Styret har mellom anna vedteke måltal for kor mange kvinner som skal tilsetjast i vitskapeleg stilling.
«Resultatene viser at fakultetet for andre år på rad er betydelig bak måltallene for tilsetting av kvinnelige førsteamanuenser. Førsteamanuensis er den kategorien med flest antall stillinger og vår inngangsstilling til fast vitenskapelig karriere. Resultatet bidrar dermed til å opprettholde vår skjeve kjønnsbalanse over tid», heiter det. Så langt i år er det tilsett to kvinnelege førsteamanuesar – og ti menn.
Vil læra opp komiteane
Kristine Breivik er assisterande fakultetsdirektør. Ho fortel at fakultetet no, som medlem i BalanseHub, har fleire prosjekt dei vil i gang med, mellom anna eit utviklingsprogram for kvinnelege forskarar. Ein ønskjer òg eit eige toppforsk-program for kvinner, som mellom anna rettar seg mot kvinnene som ønskjer å vera forskingsleiarar.
Ei av utfordingane er at kvinnene forsvinn etter doktorgrad. Konkurransen om dei faste stillingane er hard.
— Det er internasjonal konkurranse om stillingane. Me vil ha dei beste, men internasjonalt er det ikkje mange nok kvinner. Leitekomité er eit tiltak som kan hjelpa kvinner inn på søkjarlista, seier Breivik.
Andre tiltak seier ho kan vera kva nivå ein lyser ut stillingane på, og kor vide utlysingane er.
— Me støttar oss på forsking som viser at ikkje alle utlysingar er heilt nøytrale. Me ønskjer også ei opplæring av komiteane, med fokus på kva dei skal legga vekt på for å unngå fella med umedvitne bias i sine vurderingar, seier Breivik.
Utval er utfordrande for fleire
Fem kvinner Khrono intervjua tidlegare denne månaden, fortalde om alt som et av forskingstida. På den lista står mellom anna ekstra adminsitrative oppgåver, råd og utval.
— Kvinner må verta flinkare til å seia nei, sa prorektor Margareth Hagen.
Men nokre utval skal ha kjønnsbalanse. Det vert utfordrande for institutt som ikkje har så mange kvinner å ta av.
— Me prøver å fordela, og ikkje eta opp tida til dei kvinnene me faktisk har. Men det er utfordrande, seier Breivik.
Det same seier Henriette Hafsaas. Ho er forskingssjef ved Høgskulen i Volda, som òg skal vera med i Balanse Hub.
– Me burde setta av tid til utvalsarbeid og administrative oppgåver før undervisnings- og forskingstida vert fordelt. Slik det er no vert undervisningsoppgåver skjerma medan forskingstid vert brukt til å gjera anna arbeid, seier Hafsaas.
Ho fortel at omlag 70 prosent av dei som tek doktorgrad ved høgskulen er kvinner, men berre 25 prosent av professorane og dosentane.
— No ønskjer me å oppretta eit kvinnenettverk ved høgskulen der kvinner kan koma saman på tvers av fag og kompetanse. Tema me ønskjer å ta opp er mellom anna kva ein treng før ein kan søkja om opprykk til professor. Eg trur ein del kvinner opparbeider seg meir kompetanse enn dei treng før dei vågar å søkja, seier Hafsaas.
Ho er òg oppteken av leiar sitt ansvar.
— Kva gjer ein til dømes når ein tilsett kjem attende frå foreldrepermisjon? Kanskje er det då vedkomande skal få litt ekstra tid til forsking, og undervisa mindre ein periode? Og er leiarar nok merksame på umedvitne kjønnsfordommar i rekrutterings- og tildelingsprosessar?
Skal evaluera over 15 års arbeid
Ved NTNU har ein jobba med likestilling sidan 2003 i form av ein likestillingsrådgivar og eit budsjett for likestilling som har vore brukt på ei rekke tiltak. I 2015 fekk NTNU eit balanseprosjekt, «Likestilling nedenfra», som har studert kjønnsbalanse på instituttnivå.
— No skal NTNU i gang med å evaluera dei likestillingstiltaka NTNU har hatt på sentralt nivå sidan 2003, og sjå på kva effekt dei har hatt, seier Vivian Anette Lagesen.
Ho er professor ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier og prosjektleiar, og fortel om store skilnader i kjønnsbalanse på det store universitetet. Men det er, kanskje overraskande for nokre, faga med få kvinner som har jobba mest med likestilling.
— Dei har mest røynsle og har vorte pusha på dette i årevis. Fagmiljøa innan til dømes humaniora har mindre røynsle med å tenkja på likestilling, seier Lagesen.
Ho fortel at i å sjå på likestilling nedanfrå, er det særleg instituttleiar si rolle og ansvar ein har sett på.
— Kva ressursar har dei? Kva moglegheiter? Og korleis er engasjementet, spør Lagesen.
Ho peikar, som Breivik, på tilsetjingsprosessane: Det kan vera krevjande å få kvinnelege søkjarar, og ein ønskjer både exceellence og internasjonal rekruttering.
— Men me ser at instituttleiarar ofte ser breiare på det. Det handlar om å finna nokon som passar inn. Av og til kan ei kartlegging av søkjarar på førehand hjelpa, seier Lagesen.
Ser betring ved UiO
Når naturvitarane ved UiB no går i gang med likestillingsprosjekt, ser dei til søsterfakultetet i hovudstaden. Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) er i gang med sitt andre Front-prosjekt. Front 1 stod for Female Researchers On Track, det som pågår no står for Future Research- and Organizational Development in Natural Sciences, Technology and Theology (2019-2022). Front 2 er eit samarbeidsprosjekt mellom Det matematisk-naturvitenskapege fakultetet, Det teologiske fakultetet, Naturhistorisk museum, Senter for tverrfaglig kjønnsforskning og Kungliga Tekniske Høgskolan i Stockholm.
— Mykje av kunnskapen frå Front 1 tek me med oss vidare. Me har ein klar strategi om betre kjønnsbalanse. Samstundes veit me at organisasjons- og kulturendring tek tid, seier seniorrådgivar Marthe Amundsen.
Ho fortel at det er store skilnader mellom institutta, men at fakultetet sett under eitt har vel 21 prosent kvinnelege professorar.
— For førsteamanuensane er talet no 39 prosent. Der har det vore ei god endring sidan 2016, og prosjektet har så langt hatt god effekt.
Hovudmålet med Front 1 var å oppnå ei meir balansert kjønnssamansetjing blant vitskapeleg tilsette. I Front 2 er leiings- og organisasjonsutvikling i fokus, saman med mellom anna å jobba med kjønnsnøytrale tilsetjingsprosessar.
I Front 1 hadde ein mellom anna eit stimuleringstiltak mot enkelte kvinnelege forskarar, mellom anna eit nettverk for kvinnelege toppforskarar.
— Her var det instituttleiar som nominerte dei kvinnene dei meinte dei hadde kapasitet til å leia internasjonale forskingsprosjekt. Det å verta nominert var eit bidrag til at kvinnene inntok nye leiarroller, seier Amundsen.
— Me ser at talet på søknader om eksterne midlar frå toppforskarnettverket er markant høgare enn gjennomsnittet, legg ho til.
Nyeste artikler
Audun Øfsti (1938 - 2024)
Forskjellen må utgjøre en forskjell
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024