sommarjobb
Halvparten av dei som skal jobba for oljefond-sjefen i sommar kjem frå NTNU
Oljefond-sjef Nicolai Tangen har 29 praktikantar i sommar. 14 av dei kjem frå NTNU.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Allereie i fjor haust starta prosessen med å finna dei som skal vera praktikantar i oljefondet i sommar.
«Vi ser etter studenter med ulike bakgrunner og innfallsvinkler, som liker å ta sjanser. Her er vi ikke redd for å feile, for det er sånn vi lærer og blir enda bedre. Vi både søker etter og hyller mangfold», heitte det i utlysingsteksten. Når dei 29 heldige vart plukka ut, viser det seg at halvparten av dei, nærare bestemt 14, er studentar ved NTNU.
Vil ha IT- og teknologi-kompetanse
Oljefondet, Noreg Bank Investment Management, som dei formelt heiter, skriv på sine nettsider at praktikantane mellom anna skal jobba med forvaltning av kapital, risikostyring og teknologi. Tidlegare år har det mellom anna vore maskinlæring og vurdering av berekraftsinformasjon som har vore i fokus.
Oljefond-leiar Nicolai Tangen seier til Adresseavisen at det er tilfeldig at det kjem så mange studentar frå NTNU, men at det ikkje er tilfeldig at det er mange med bakgrunn frå teknologi og IT-fag som er rekruttert i år.
— Det er nesten ufatteleg at ein så stor del kjem frå NTNY, men så er det jo òg veldig mange flinke folk som vert utdanna i Trondheim, og særleg innan teknologi, seier Tangen til Adressa.
Unngå hacking
Sivert Lundli studerer kommunikasjonsteknologi og digital tryggleik ved NTNU. Saman med fleire andre studentar frå NTNU og ein frå Universitetet i Stavanger, skal han jobba med eit prosjekt innan sky-tryggleik. Han seier til Adressa at han gler seg til å gå i gang med oppgåvene, som mellom anna handlar om å utvikla tryggleiksrutinar for oljefondet sin IT-infrastruktur.
Dei andre studentane frå NTNU har mellom anna bakgrunn frå digital infrastruktur og cyber-tryggleik, informasjonstryggleik, informatikk, sivilingeniør, økonomi og robotikk. Oppgåvene dei skal i gang med er mellom anna å simulera og motverka korleis oljefondet kan verta hacka, undersøka moglege fordelar ved elektrifisering i byggesektoren, og bistå i utvikling av eit internt verktøy for å samla inn og vurdera verksemder sine data knytt til klimarisiko.
— Alle desse områda er så viktige at me treng den siste kunnskapen og dei nyaste teknologiske løysingane, seier Tangen til Adressa.
Nylige artikler
Nye regler for eksportkontroll: Lisensunntak for grunnforskning
Sigrun Aaslands fire valgkampløfter til sektoren
Fra kjøkkenfesten til dansegulvet
Professor foreslår maks én artikkel per forsker i året
Etter tre års studier sliter studentene fortsatt med å lese. — Det er kjedelig
Mest leste artikler
Fugler, stjerner og anatomi. Dette er fagene studentene tror er ren plankekjøring
— Jeg kan fint være inne i to uker i strekk for å jobbe
Han har sett ansatte som har slitt med angst hver gang de skulle komme på jobb
Vil til Noreg fordi det er trygt
Forskningsrådet ga topp- og bunnkarakter til samme søknad: — Usaklige tilbakemeldinger