Inne i avtrekksskapet på mikrobiologisk avdeling er det koronavirus i lufta. På det meste testa Hanne Vasstrand 600 prøvar på ei vakt.

Hanne Vasstrand (sitjande) og Marie Ressem byrja som studentmedarbeidarar hos Mikrobiologisk avdeling. No skal dei jobba her i sommar, og deretter har dei fått stilling ut året.

Sommarjobb: Dei analyserer covidprøvar

Luigi, Mario og ein Panther - anten den rosa eller ein annan - jobbar i sommar. Det gjer Marie Ressem og Hanne Vasstrand òg. Dei to nyutdanna bioingeniørane har fått sommarjobb og deretter vikariat hos Mikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Det er hit koronaprøvane kjem.

Nett no er det Eiril Ekeland, som er ferdig med første året av bachelorgrada, som analyserer. Inne i avtrekksskapet vert prøvane opna, og deretter vert fire og fire mixa, før det vert teke såkalla PCR-test. Dersom den er negativ, er alle fire negative. Dersom testen er positiv, må alle dei fire prøvane testast på nytt, for å finna ut akkurat kven det var som har fått viruset i kroppen.

— Å gjera det på denne måten, gjer at ein sparar mykje tid. Eg testa opp mot 600 prøvar på det meste i løpet av ei vakt, og då var det framleis tusen prøvar att, fortel Vasstrand.

Eiril Ekeland analyserer prøvar for koronavirus. Prøvane vert opna inne i eit avtrekksskap, noko som gjer at dei som testar ikkje sjølve kan verta smitta.

Kunne jobba så mykje ein orka

Leiar Marita Vik fortel at det vert sommarferie for dei fast tilsette no. Men det var ein periode i vår at det verkeleg kokte på laben. Det var då Ressem, Vasstrand og fleire andre vart tilsette.

— Me byrja med ei vakt i veka, men etter kvart vart det til at me kunne jobba så mykje som me orka, seier Vasstrand.

No har seks av dei sju som byrja med deltidsjobb ved avdelinga, fått sommarjobb. Den siste valde å reisa heim til heimbyen etter at studietida var ferdig.

Tigist Gshetu Jemal er òg nyutdanna bioingeniør. Her har ho prøvar som skal testast for koronavirus.

Mange store maskiner

— Servicefolk, seier Ressem når ho skal forklara kva ein bioingeniør eigentleg er.

Bioingeniørane analyserer biologisk materiale av mange slag, og dei kan òg ta nokre av prøvane sjølve. Ein kan fort sjå føre seg at arbeidet skjer med reagensrøyr og petriglas, men slik er det ikkje lenger. Mykje er automatisert, mellom anna skal Ressem analysera prøvar for borrelia og meslingar i sommar på store maskiner.

— Men me skal òg gå såkalla morgonrundar for å hjelpa dei andre avdelingane i sommar, seier ho, og fortel at då går ein rundt med prøveutstyr til nokre av avdelingane på sjukehuset.

— Bakterie-avdelinga har nok meir manuelt arbeid enn her på virus, seier Vasstrand.

Mikrobiologisk avdeling er delt i tre: Virologisk seksjon, molekylærbiologisk seksjon og bakteriologisk seksjon.

Fleire hundre sommarvikarar

Ti sommarvikarar er i sving på Mikrobiologisk avdeling, fortel avdelingsleiar Randi Monsen Nygård. Men på det store Haukeland universitetssjukehus er det langt fleire. Faktisk så mange at ein ikkje har eit konkret samletal.

— Me har gått over til å tilby nyutdanna sjukepleiarar fast jobb når dei er ferdige med studia. Då byrjar dei gjerne om sommaren.

Det fortel Tone Hepsøe, som er fungerande avdelingssjef for bemanningssenteret ved Haukeland universitetssjukehus.

— Men totalt er det nok fleire hundre som har sommarjobb her, seier Hepsøe, og nemner både pleieassistentar, legestudentar, reinhaldspersonale og portørar. Søkjartala er stort sett gode.

— For pleieassistentar ønskjer me at dei me tilset skal ha 400 timar røynsle med pleie frå tidlegare. Det er viktig å hugsa at me har dei aller sjukaste pasientane, seier Hepsøe.

— Er ein sommarjobb på Haukeland noko studentane ser på som taktisk å ha, mellom anna når legestudentar skal søkja LIS-stillingar?

— LIS-stillingane er det ein annan prosedyre knytt til, så då hjelper det ikkje å ha hatt sommarjobb her. Men me ser at studentar er medvitne om å skaffa seg røynsle frå arbeidslivet, uansett om det er forskingsarbeid, reinhald, portørarbeid eller pleie.

Marie Ressem skal berre ha ei veke sommarferie i år. Her er bioingeniøren i sving ved Luigi - fleire av maskinene har kjende namn.

Halve studietida framfor skjerm

På mikrobiologisk avdeling vert det analysert prøvar for både klamydia og gonoré. Men det er ikkje berre på eit sjukehus ein bioingeniør kan jobba.

— Ein av førelesarane sa at me har gullhender, smiler Hanne Vasstrand, og peikar på at både innan oljeindustri og i fiskerisektoren er det behov for tilsette med hennar bakgrunn. Sjølv valde ho bioingeniøryrket fordi ho syntest nettopp lab-arbeid verka spanande.

Men som for så mange andre vart ikkje studietida heilt som planlagt. Dei som avslutta ei bachelorgrad denne våren, har hatt nesten halve studietida si i ein pandemi. Då har det vore fint å ha ein deltidsjobb å gå til, synest Marie Ressem. Med stort sett digital undervisning har bioingeniørkullet vore lite samla.

— Dette har eigentleg vore den einaste sosiale arenaen vår. Og me er gode venninner òg, seier ho, og smiler til venninna.

Powered by Labrador CMS