Studiested Nesna, Nord universitet. Foto: Eva Tønnessen

Mønstergyldig skadeverk i nord?

Struktur. Universitet som bryt avtalar og snur ryggen til samfunnet. Med nedlegginga av studiestadane Nesna og Sandnessjøen har Nord universitet gjort solid skadeverk. Skal det danna mønster for resten av Noreg?

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennomslaget til strukturreforma i høgare utdanning er boren fram av lovnader om og tiltru til gevinstane av større einingar. Institusjonar som er fusjonerte for å gjera større samfunnsnytte enn tidlegare har eit viktig arbeid føre seg. Men fleir-campus institusjonar i digitale tider fordrar nye forståingar av kva som konstituerer eit fagmiljø. Arbeidet er komplisert. Det fordrar både tolmod og flid for at geografisk spreidde campus skal kunna hausta gevinstar av fusjonerte faglege fellesskap.

Grunnlaget er høg grad av tillit frå samfunnet. Å halda avtalar gir eit stødig utgangspunkt for å byggja kunnskapsallmenningen.

Gunnar Yttri

Fusjonane i høgare utdanning har vore frivillige. Frivillige på det viset at det var styra for dei tidlegare universiteta eller høgskulane som vedtok å gå saman i større einingar. Fundamentet for vedtaka var avtalar. Avtalane var utforma slik at kvar av partane sine interesser kunne fremjast innanfor den fusjonerte fellesskapen. Nokre institusjonar fusjonerte primært med sikte på universitetsstatus. For andre, gjerne høgskular i distrikta, var det dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning som gav sterkast tildriv til å gå inn i ei større eining. Grunnlaget for frivillige fusjonar var i alle fall at kvar av fusjonspartane kritisk vurderte og fann ut at prioriterte interesser vart best tekne i vare og kunne utviklast innanfor ein fusjonert fellesskap.

Å leggja ned studiestadar kort tid etter fusjonane er formalisert er eit openbert og dramatisk avtalebrot. Tilliten mellom akademi og samfunn forsvinn. Nedleggingsvedtak er direkte øydeleggjande for studiestadane og regionane dei er lokalisert i. Den formidable positive innverknaden av lokalisering av høgare utdanning for regionalt arbeids- og samfunnsliv er solid dokumentert i praksis, i politiske styringsdokument og i forsking.

Når tida frå fusjonsavtale til nedleggingsvedtak er kort so kan det tyda på at nedlegging for nokre har vore eit ikkje uttalt mål for fusjonen. Hastverket dokumenterer i alle fall at ein ikkje reelt har prøvd å lata den samla styrken i den nye institusjonen gagna den einskilde studiestaden.

Eit stridspunkt ved Nord universitet er om styret faktisk har eller bør ha rett til å leggja ned studiestadar og flytta store verdiar ut frå ein studiestad og til andre deler av universitetet. Spørsmålet er viktig. Det danna bakgrunn for at eit samla norsk rektor-korps i norske statlege universitet og høgskular på forsommaren trakk «autonomi-kortet». I tider med aukande samarbeid med sterke offentlege og private aktørar og stadige politiske utspel om detaljstyring av høgare utdanning, vakte utspelet til rektorane ei viss undring. Det var spørsmålet om styret ved Nord universitet skulle ha rett til å leggja ned studiestadar som fekk rektorane til å slå alarm. Bodskapen var at statsråden ikkje skulle røra dette.

I eit samfunnsperspektiv er dei ulike studiestadane ved statlege universitet og høgskular oppretta og vedlikehaldne gjennom politiske vedtak og årlege løyvingar i Stortinget. Studiestadane kan slik sjåast på som den generelle ramma universitet og høgskular har å arbeida innanfor. Det er del av den statlege, føreseielege ramma for deira sjølvstyre, ramma for å fremja og verna om akademisk fridom.

Rektorane sitt rop om autonomi kan i den gitte samanhengen like mykje sjåast på som eit krav om universitet og høgskular sin rett til ståande fellingsløyve. Studiestadar som ikkje leverer på studiepoeng-produksjon og vitskapleg publisering kan uavhengig av intensjonar og fusjonsavtalar, og utan omsyn til samfunnet ikring, takast snøgt og effektivt ut av det til ei kvar tid sitjande styre.

Statsråd Iselin Nybø stadfesta i slutten av juni at ho ikkje ville overprøva styrevedtak ved Nord universitet om å leggja ned studiestadane Nesna og Sandnessjøen. Statsråden synte då til universitets- og høgskulelova der det går fram at styret sjølv fastset verksemdas organisering på alle nivå.

Både statsrådens vurdering og Nord universitet si framferd er omstridd. Måndag førstkomande vert eit Dokument 8-framlegg lagt fram i Stortinget som både rører ved Nord universitet særskilt og strukturen i høgare utdanning generelt.

Mykje står på spel. Statlege universitet og høgskular treng føreseielege vilkår for god utdanning, forsking og formidling. Grunnlaget er høg grad av tillit frå samfunnet. Å halda avtalar gir eit stødig utgangspunkt for å byggja kunnskapsallmenningen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS