NTNU treng pengar til forprosjektet for å kunne koma i gang med ny campus. Dette viser korleis det kan verta, frå ei moglegheitsstudie. Dagens hovudbibliotek, ny inngang, bokkafe, infoavdeling, møtestad. Illustrasjon: Bergesen Arkitekter for NTNU

Bovim: Vil ikkje velja mellom havsenter og campus

Politikk. Venstre-leiar Trine Skei Grande innrømmer at det er kamp om midlar til dei store universitetsprosjekta. NTNU-rektor Gunnar Bovim nektar å velja mellom campus-prosjektet og Ocean Space Centre.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— For meg som sit i budsjettkonferansane ser eg at Trondheim har kjørt to prosjekt som toppar seg samstundes. Det er utfordrande når det er to så store løyvingar.

Det sa Venstre-leiar Trine Skei Grande til Adresseavisen førre veke. Adresseavisen har skrive fleire saker om den politiske kampen for å koma i gang med det store campus-prosjektet ved NTNU. Universitetet skal samlokaliserast på Gløshaugen, det har regjeringa vedteke. Men førebels har det ikkje kome pengar frå statsbudsjettet. 100 millionar er det NTNU treng for å koma i gang med forprosjektet. Samla kostnad for campusprosjektet er ni milliardar kroner.

Fakta

Campusutvikling NTNU

NTNU ønskjer å samla alle fagmiljøa i Trondheim i området rundt Gløshaugen.

Planen er 92 000 kvadratmeter nybygg og ombygging av inntil 45 000 kvadratmeter.

Nærare 40 000 studentar og 7 000 tilsette vil då ha arbeids- og studiekvardagen sentralt i Trondheim.

NTNU har òg campus i Ålesund og på Gjøvik.

Samstundes er det eit anna stort prosjekt i Trondheim som er langt frå gratis. Ocean Space Centre skal etter planen byggast på Tyholt, erstatta dagens marintekniske senter, og driftast av NTNU og Sintef. Dette skal verta framtida sitt nasjonale senter for utdanning, forsking og teknologiutvikling for havromsnæringane, skriv NTNU sjølv på sine nettsider. Kostnad for senteret: 6,2 milliardar kroner.

Skeptisk Solberg?

Adresseavisen skriv at statsminister Erna Solberg er ein av dei som er skeptiske til campusprosjektet. Mangel på trøndarar i regjering skal heller ikkje gjera det lettare å få gjennomslag. Universitetsavisa skriv at prosjektet allereie er forseinka, etter planen skulle første spadetak takast rundt årsskiftet 2019/2020.

Når det gjeld Ocean Space Centre, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i juni at dette er eit av Noreg sine viktigaste og største byggeprosjekt på forskingsfronten.

NTNU-rektor Gunnar Bovim har vore tydeleg på twitter. Her peikar han mellom anna på at det er viktig at campus-prosjektet ikkje vert utsett.

— Men dersom du må velja, kva vil du ha først då?

— Me kjem ikkje til å velja, seier Bovim til Khrono.

NTNU-rektor Gunnar Bovim meiner campus-prosjektet må koma i gang snarast. Foto: Tor Farstad

— Eg har forståing for politikken sitt dilemma. Men begge desse prosjekta er viktige, og begge er nasjonale. Begge har i tillegg vist at dei er samfunnsøkonomisk fornuftige, det vil seia at ein får meir ressursar ut av dei enn ein puttar inn.

Tord Lien, tidlegare Frp-politikar og statsråd, er no regiondirektør for NHO i Trøndelag.

— Dette er to nasjonale prosjekt i Trondheim, som tilfeldigvis har oppstart samstundes. At dei kjem på same tid, er ikkje noko argument mot noko av dei, og ville aldri vorte brukt som argument dersom dei låg i Oslo, seier han til Adresseavisen.

Bovim er samd i at dette ikkje er trøndelagsprosjekt.

— Me er eit nasjonalt universitet med eit nasjonalt mandat. Desse prosjekta vil føra landet inn i framtida, og det vil vera både fordyrande og forseinkande å venta, seier NTNU-rektoren.

Nokre vikingskip...

Men i hovudstaden er det òg eit stort byggeprosjekt som ventar på midlar over statsbudsjettet. Planane for vikingtidsmuseum på Bygdøy er klare, og vert nemnt av Skei Grande. Ho seier til Adresseavisen at det er ein hard kamp der Venstre treng mykje støtte for å få til dei prosjekta i Trondheim.

UiO-rektor meiner det ikkje går an å setja NTNU-campus og vikingtidsmuseum opp mot kvarandre. Foto: Runhild Heggem

— Det er ein viss debatt om nokre vikingskip i Oslo òg.

Ved UiO og Kulturhistorisk museum var ein svært skuffa då det ikkje kom pengar til nytt vikingtidsmuseum i revidert nasjonalbudsjett i vår. Uniforum har skrive fleire saker om tilstanden til dei gamle skipa, og pengar til vikingtidsmuseum ligg inne i regjeringa si Granavolden-erklæring. Der heiter det at ein vil starta arbeidet med bygging av museum.

— For meg er det soleklart at ein ikkje kan setja desse prosjekta opp mot kvarandre, seier UiO-rektor Svein Stølen til Khrono.

— Vikingskipa er ikkje eit Oslo-prosjekt, dette er Noreg, og ei verdsarv me forvaltar på vegne av heile nasjonen. Me ser sprekkane i dei gamle skipa, og den politikaren som ikkje tek ansvar for å gjera noko med dette, er modig, seier Stølen.

For meg er det soleklart at ein ikkje kan setja desse prosjekta opp mot kvarandre.

Svein Stølen

Nytt musuem skal kosta to milliardar kroner.

— Er de trygge på at det kjem pengar til hausten?

— Me kan ikkje vera trygge før pengane er der, men me ser at det er eit enormt press i heile nasjonen for å skaffa eit trygt tilvere for vikingskipa. Og sjå berre korleis franskmennene reagerte då Notre-Dame brann, seier Stølen.

Forslaget til statsbudsjett for 2020 vert presentert 7. oktober.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS