6-5 mot «f-ordet» under avrøysting i styret ved Høgskulen i Volda. Mindretalet var: Tor-Johan Ekeland, prorektor Jens Standal Groven, Terje Heggem, Oddbjørn Følsvik og Ingrid Østensjø. Foto: Skjermdump frå video

Styret i Volda splitta om «f-ordet»

Fusjons-splitt. Viss Volda vil, så er både Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet positive til å gå i fusjonsforhandlingar med dei. Rektor og prorektor ved Høgskulen i Volda står på kvar si side i synet på fusjon, og styret er delt på midten.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Selvstendighet er et tydelig førstevalg for Volda, sa rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda i eit intervju med Khrono same dag som siste styremøte ved høgskulen fann stad, torsdag 7.mars.

Men heile styret til den valde rektor og styreleiar Roppen er ikkje samde i dette.

Styret ved Høgskulen i Volda er delt på midten i synet på fusjon, eller rettare: bruk av «f-ordet» i styrevedtak, som Roppen sjølv kalla det på styremøte.

Inge realitetsdebatt

Under torsdagens styremøte blei det aldri nokon realitetsdebatt om høgskulen skulle fusjonere med nokon, eller eventuelt med kven. Debatten, og den påfølgande kampvoteringa, handla om ordet «fusjonsalternativ» skulle vere med i vedtaket om framtidig strategisk strukturarbeid eller ikkje.

Rektor Roppen hadde sjølv foreslått eit vedtak der det sto: «Høgskulen i Volda skal også i tida framover ha ein aktiv og samarbeidssøkande strategi til nærliggande institusjonar både i strukturspørsmålet og i faglege samarbeid.»

Men tilsettrepresentant Tor-Johan Ekeland fremja forslag til vedtak der det heitte at Høgskulen i Volda «skal ha ein aktiv strategi for å avklare moglege fusjonslaternativ og samarbeid...», altså «f-ordet» inkludert.

Det er ingen som kjem til å legge oss ned, men vi må klare oss åleine. Det kan føre til at vi kjem til å vere ein rein bachelorfabrikk om 15 år.

Tor-Johan Ekeland

Kritikk mot Khrono-intervju og «motbakkeløp»

Tor-Johan Ekeland var, saman med ekstern representant Terje Heggem, blant rektor Roppens sterkaste kritikarar i struktursaka.

— Eg ser at rektor er intevjua i Khrono i dag der han seier at sjølvstende er det einaste som gjeld for Høgskulen i Volda. Har han heile styret i ryggen på dette? Eg trur ikkje det, sa Ekeland på møtet og heldt fram:

— Korleis har vi kome dit vi er i dag? Er det fordi vi ville det, eller fordi det berre blei slik? Eg har ei anna oppfatning enn rektor som ønska at det skulle bli slik. Eg meiner at vi har undervurdert konsekvensane av strukturreformen, og no oppfører vi oss som om vi har «sloppe unna», sa han og advarte mot åleinegang og «motbakkeløp».

— Det er ingen som kjem til å legge oss ned, men vi må klare oss åleine. Det kan føre til at vi kjem til å vere ein rein bachelorfabrikk om 15 år, sa Ekeland.

Heggem: Uryddig

Også Terje Heggem var sterkt kritisk til styreleiar Roppens sologang. Han kritiserte også saksframlegget i styrepapira som Roppen sjølv hadde skrive og karakteriserte det som «eit kåserande blogginnlegg».

Heggem reagerte også på at rektor Roppen argumenterer med at han nettopp har blitt attvald som rektor, framleis på ei sjølvstendig linje og mot at høgskulen skal fusjonere med andre.

— Det er jo eit argument som ikkje held. Det var jo ingen motkandidat til Roppen, men han kan ikkje ta det til inntekt for at alle støttar hans syn på fusjon, sa Heggem.

— Det er også uryddig og vitnar om ei manglande rolleforståing som styreleiar når Roppen let seg intervjue i Khrono same dag som det er styremøte og seier at førstevalet til Høgskulen i Volda er å vere ein sjølvstendig høgskule. Det gir feil signal både utad og internt om korleis vi er posisjonerte, seier Heggem i ein kommentar til Khrono søndag.

Prorektor med ja til f-ordet

Også prorektor Jens Standal Groven, som har styreplass og røysterett, gjekk på møtet imot sin makker Roppen som han stilte til val saman med for snart fire år sidan.

Eg stilte til val i 2015 på ei sjølvstendig linje for høgskulen, men har blitt meir og meir i tvil om det er det rette.

Jens Standal Groven

— Eg stilte til val i 2015 på ei sjølvstendig linje for høgskulen, men har blitt meir og meir i tvil om det er det rette, sa han i møtet. Og under røystinga i struktursaka røysta han mot Roppens forslag til ordlyd.

Rektor sitt framlegg til vedtak - utan f-ordet - fekk knapt fleirtal med 6 mot 5 røyster. Men minst to av dei som røysta mot f-ordet, Ingrid Opedal og Janne Heggvoll, gjorde det klart i si stemmeforklaring før dei røysta at det ikkje betyr at dei ser bort ifrå at Høgskulen i Volda skal utgreie fusjonsalternativ i framtida.

Studentrepresentantane var dei einaste som ikkje tok ordet under strukturdebatten under møtet, men dei røysta begge for Roppens forslag.

Også vikarierande direktør, tidlegare rektor Per Halse, sa i møtet at meininga bak dei to framlegga til vedtak i grunnen var det same.

Styret slutta seg heller ikkje til rektor Roppens orientering og 365-gradars utsyn som låg i styrepapira, Etter påtrykk trekte Roppen forslaget til vedtak om å «ta orienteringa til vitande».

Til Khrono etter møtet seier både Ekeland og Heggem at det var viktig å få klårheit i om rektor hadde full ryggdekning i styret for utspela sine mot fusjon.

— Det viser det seg no at han ikkje har - og det var avklarande, seier Heggem.

UiB og HVL kan fusjonssamtale med Volda

Vi ønsker imidlertid velkommen diskusjoner om faglig, organisatorisk og strukturelt samarbeid med Høgskolen i Volda; dette omfatter diskusjon om fusjon dersom det skulle være ønskelig sett fra Høgskolen i Volda sin side.

Dag Rune Olsen

På same møte kom det fram at rektor ved Universitetet i Bergen er positiv til fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Volda, dersom høgskulen sjølv ønsker det.

Roppen hadde i forkant av møtet 7.mars sendt epost til sine rektorkollegaer ved NTNU, Høgskolen i Molde, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet der han spurde dei om status i fusjonsaka på dei respektive institusjonane og om det var fusjonsplanar.

«Status for Høgskulen i Volda er at dei siste åra har vi ikkje gjort vedtak i retning av å søke fusjonsforhandlingar med andre institusjonar, og det har heller ikkje kome invitasjonar om slike forhandlingar frå andre institusjonar. Men vi tek sikte på å halde fram og vidareutvikle samarbeidsavtalar og elles å følgje med på utviklinga i strukturspørsmålet nasjonalt», skriv Roppen til sine kollegaer.

Deler av svaret frå rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er sitert i styrepapira i Volda på denne måten:

«Vi ønsker imidlertid velkommen diskusjoner om faglig, organisatorisk og strukturelt samarbeid med Høgskolen i Volda; dette omfatter diskusjon om fusjon dersom det skulle være ønskelig sett fra Høgskolen i Volda sin side.»

— Dette var jo ei oppsiktsvekkande nyheit. Det er jo ikkje ofte at UiB-rektor Dag Rune Olsen tek f-ordet i sin munn heller, seier Ekeland til Khrono etter møtet.

HVL positive til fusjonssamtalar

Khrono bad om innsyn i epostane som rektor Roppen hadde sendt til rektorane ved Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Molde og NTNU før styremøtet.

Der kjem det fram at også Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet er positiv til fusjonssamtalar med Høgskulen i Volda. Rokne har ifølg rektor Roppen svart munnleg, men godkjent gjengivinga hans i styrepapira. Der heiter det:

«Spørsmålet om eventuelt fleire fusjonar har ikkje vore tema på styremøte i HVL, og HVL har ikkje planar om å vende seg til andre for å foreslå fusjon. Rektor Rokne vurderer det slik at om spørsmål om eventuell fusjon skulle kome til HVL så ville ikkje dette bli avvist i utgangspunktet. Men for å kunne gi ei seriøs vurdering av spørsmålet så må det kome ein direkte førespurnad som har som mål at ein fusjon skal bli gjennomført, og at det i så fall bør ligge føre ei grunding utgreiing på førehand.»

Ingen av desse to utspela, frå UiB og HVL, blei realitetshandsama på styremøtet i Volda 7.mars.

Ikkje noko nytt frå Olsen sidan 2014

På spørsmål frå Khrono om korleis han vil følge opp svaret frå rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, som er positiv til fusjonsforhandlingar dersom Høgskulen i Volda ønsker det, seier Roppen på telefon måndag:

— Dette er ikkje nytt frå UiB-rektoren. Allereide i 2015 signaliserte rektor Olsen ved UiB at han kunne tenkje seg eit nærmare samarbeid med Høgskulen i Volda. I styresak i Volda om strategi på slutten av 2016 blei UiB og Molde rekna som dei to mest nærliggande fusjonsalternativa. Men styret har ikkje då eller seinare gjort vedtak om at vi faktisk skal starte fusjonsforhandlingar med dei to, seier han.

Khrono skreiv om invitasjonen den gongen og då understreka UiB-rektoren at det ikkje var snakk om fusjon.

Og i 2016 då dei to inngjekk ein samarbeidsavtale utelukka ikkje Volda-rektoren at Høgskulen i Volda - på sikt - kunne bli ein del av Universitetet i Bergen.

— Men da må det skje naturlig og organisk, ikkje under press, sa Roppen den gongen.

UiB-rektor Olsen seier til Khrono måndag at han også følgde styremøtet i Volda på stream sist torsdag, og stadfestar at han er presist gjengitt.

— Dersom Volda er interessert så imøteser vi fusjonsavklaringar. Det har eg meint sidan den gongen vi i 2014 diskuterte eit vestlandsuniversitet. Men Volda har så langt ikkje vore interessert, seier rektor Olsen.

Den gongen såg alle høgare utdanningsinstitusjonar frå Volda i nord til Stavanger i sør for seg ei moglegheit til å gå saman i ein foretaksmodell etter modell frå helseforetaka, men fekk etterkvart nei frå departementet.

Det er berre to store saker som har splitta styret, det er spørsmålet om vald eller tilsett rektor og sturktursaka. I begge sakene blei det 6-5, elles er det ikkje eit splitta styre i Volda.

Johann Roppen

No er styret i Volda splitta om ordet fusjonsavklaringar skal stå i eit styrevedtak.

Splitta i to store saker

— Kva tenkjer du om at du har eit splitta styre i ryggen, Roppen?

— Det er berre to store saker som har splitta styret, det er spørsmålet om vald eller tilsett rektor og sturktursaka. I begge sakene blei det 6-5, elles er det ikkje eit splitta styre i Volda, seier han.

Når det gjeld øvrig kritikk frå styremedlemmar så viser Roppen til at det skal vere ei styreevaluering i neste styremøte.

Kommenterar ikkje evt usemje i rektoratet

Roppen ønsker ikkje å kommentere ei eventuell usemje mellom seg sjølv og prorektor Jens Standal Groven.

Her er nyvald prorektor Jens Standal Groven og rektor Johann Roppen i Volda 2015. Pressefoto: Anne Karene Rasmussen

Heller ikkje Standal Groven ønsker å utdjupe det han sa på styremøtet om fusjonstvil nærmare ovanfor Khrono, og heller ikkje kva som har skjedd i samarbeidet med rektor

Standal Groven skriv i ein epost:

— Eg viser til det eg sa i styret og vil helst ikkje drive styrearbeid utafor styret. Når det gjeld det du spør om kva som har skjedd så viser eg til mitt svar sist de hadde problemstillinga oppe.

Den gongen, då det i november 2018 blei kjend at Roppen stilte til val med ein annan prorektor enn Standal Groven, sende Groven ei fråsegn til Khrono. Der heitte det mellom anna at:

— Eg og Johann Roppen har og har hatt eit veldig godt samarbeid, og vi skal stå saman ut inneverande rektorperiode. Dette er noko eg ser fram til.

(Under her ser du opptak frå styremøtet i Volda 7.mars 2019)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS