UiB-rektor Dag Rune Olsen har retta blikket mot Volda for å få til ei nærmare samarbeid, mellom anna i journalistikk og media. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
UiB-rektor Dag Rune Olsen har retta blikket mot Volda for å få til ei nærmare samarbeid, mellom anna i journalistikk og media. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Bergen flørtar med Volda

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, inviterer Høgskulen i Volda til nærmare samarbeid. Volda-rektor Johann Roppen er smigra, men går i tenkjeboksen.

Publisert   Sist oppdatert

Det skjer ting på Vestlandet. Fleire av utdanningsinstitusjonane har fått nye styre og tidlegare denne veka møttest alle leiarane ved høgskuler og universitet til dialogkonferanse i Bergen, initiert av Kunnskapsdepartementet. Og oppsummeringa etterpå er at det kan nærme seg ei løysing på fusjonsfolka i vest. Det er vestlendingane som har vore mest skeptiske til regjeringa sine krav om større institusjonar. 

Les også: Tre høgskular kan bli til eit nytt universitet på Vestlandet 

Profesjonsuniversitet i vest

Etter konferansen blei det klart at Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er klare for å utgreiie eit nytt profesjonsuniversitet på Vestlandet. 

Og no legg altså rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen opp til ein flørt med Høgskulen i Volda, samstundes som han held fram med planane om tettare samarbeid, og kan hende samlokalisering i såkalte kunnskapsklynger, med Høgskolen i Bergen (HiB), Norges Handelshøgskole (NHH) og Kunsthøgskolen i Bergen (KHIB).

Olsen har peika ut dei fire samarbeidspartnarane for å utvikle forsking og høgare utdanning på Vestlandet. Dette kom fram på Kunnskapsdepartementets dialogkonferanse om høgare utdanning på Vestlandet i Bergen 7.-8. september.

Olsen positiv til nytt universitet

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen er positiv til planane om eit nytt profesjonsuniversitet i Bergen. 

Dette er nokså nytt, og vi må tenkje gjennom kva det har å seie for høgskulen og for Volda som studiestad å gå inn i eit meir forpliktande samarbeid med eitt av dei store breidde-universiteta i Norge.

Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

— Det støttar eg fullt ut. Å få ei robust profesjonsutdanning på Vestlandet er veldig bra, seier han til Khrono.

Universitetet i Bergen har lenge vore i prosess om nærmare samarbeid med Høgskolen i Bergen både når det gjeld helse og omsorg, teknologi o glærarutdanning blant anna. 

No seier han at at Høgskulen i Volda har fleire interessante fagmiljø som passar godt inn i Universitetet i Bergens faglege profil. Det er særleg innanfor samfunnsfag og humanistiske fag at det kan vere aktuelt med eit meir formalisert samarbeid mellom institusjonane.

— Dei er ein interessant samarbeidspartnar for oss sjølv om det reint geografisk ikkje vil bli snakk om samlokalisering, så vil vi kunne finne andre løysingar, seier Olsen, som understreker at det ikkje er snakk om fusjon. 

— Fusjon er det ingen av styene ved institusjonane som har sagt ja til, seier Olsen. 

— Men kven veit kva som kan skje på sikt? 

— Nei, kven veit. Styrene har ei funksjonstid på fire år og nye ting kan skje etter det, seier Olsen, som også understreker at han no tar statsråden på ordet: 

— Departementet har sagt at dei ønsker faglege gode fusjonar og at det ikkje berre skal vere administrative fusjonar. No vil vi kunne teste ut fagleg samarbeid i fred og ro over lengre tid, der det er forskning og undervisning som skal vere det viktigaste, seier Olsen som meiner det er ein stor fordel at Høgskulen i Volda er så sterke åleine at dei ikkje vil bli «avskilta» etter 2017 då det kjem nye krav. 

(Rektor Johann Roppen i Volda (t.v.) og rektor Hallgeir Gammelsæter i Molde skal framleis jobba for allianse). 

Roppen set pris på invitasjonen

Høgskulen i Volda har lenge vore blant dei fremste utdanningsinstitusjonane på praktiske medieutdanningar, medan Universitetet  i Bergen står sentralt i etableringa av Bergen Media By (2017), som blir ei viktig nyvinning i norsk medielandskap også innanfor medieforsking og medieutdanning. Dei to institusjonane har også sterke fagmiljø blant anna innanfor nynorsk, og arbeider i lag for å få vidareført arbeidet med Norsk ordbok til dei to institusjonane i fellesskap,  i samarbeid med Ivar Aasen-museet i Hovdebygda i Ørsta kommune. Også på andre område er det alt etablert samarbeid mellom dei to institusjonane, skrive .

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda set pris på invitasjonen frå Universitetet i Bergen og legg vekt på at invitasjonen tek utgangspunkt i fagleg utvikling og fellesskap. Han seier vidare at høgskulen i mange år har hatt eit godt samarbeid med universitetet, og at dei to institusjonane tenkjer likt om sentrale spørsmål i forsking og høgare utdanning.

– Fagleg sett er vi nok litt stolte over at Universitetet i Bergen har lagt merke til det gode arbeidet som skjer ved Høgskulen i Volda, og universitetet har nok lagt mest vekt på det samla omfanget av forskinga i Volda, seier Roppen.

Roppen i tenkjeboksen

– På den andre sida er dette nokså nytt, og vi må tenkje gjennom kva det har å seie for høgskulen og for Volda som studiestad å gå inn i eit meir forpliktande samarbeid med eitt av dei store breiddeuniversiteta i Norge, seier Roppen.

— Høgskulen i Volda har i haust fått nytt styre som skal møtast for første gong 24. september, og spørsmålet om ein skal gå vidare med invitasjonen frå Universitetet i Bergen vil bli drøfta på styremøtet, seier Roppen, som er spent på kva styret vil seie om saka.

Framleis alliansejobbing

Det førre styret ved Høgskulen i Volda meinte i 2014 at Høgskulen i Volda burde arbeide for ein felles høgskule i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Men etter dette har Høgskolen i Ålesund vedtatt å bli ein del av NTNU, samtidig som Høgskulen i Sogn og Fjordane har orientert seg meir mot Bergen. 

I januar 2015 vedtok styret ved Høgskulen i Volda at høgskulen skulle undersøke om det var muleg å få til eit samarbeid som omfatta Høgskolen på Lillehammer i tillegg til Høgskolen i Molde. Dei tre høgskulane har sidan då arbeidd i retning av å byggje ein høgskuleallianse mellom sjølvstendige institusjonar.

Rektor Johann Roppen seier at dette arbeidet vil halde fram parallelt med at høgskulen diskuterer invitasjonen frå Universitetet i Bergen. Høgskulen i Volda vil truleg også ha samtalar med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Rektor Dag Rune Olsen i Bergen seier også at dei vil halde fram med eit tettare samarbeid med Høgskolen i Bergen sjølv etter at dei mulegvis har blitt eit profesjonsuniversitet.