UIT
Fryktar styreleiars rolle i kinesisk-eigd gruveselskap kan skade universitetet
Styreleiar ved UiT Noregs arktiske universitet, Marianne Johnsen, sit i styret i Elkem som vil ekspropriere samiske reindriftsområde i Nordland. Både folkeretten og UiTs profil blir sett på spel, meiner professor.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Etter at stormen kring tilsetjinga av Dag Rune Olsen som rektor ved Noregs arktiske universitet har lagt seg, kan ein annan vere i emning. Det meiner i alle fall professor emeritus i kulturvitskap, Ivar Bjørklund, ved Universitetsmuseet i Tromsø det er grunnlag for.
Grunnen er den nytilsette styreleiaren Marianne Johnsens tette band til industriselskap i «nærmest kontinuerlig konflikt» med samiske interesser. Samisk forsking og urfolk står sentralt i UiTs strategi og profil.
«Savner sidestykke»
Det er særleg Johnsens styreverv i styreverv i det kinesisk-eigde storselskapet Elkem ASA, professoren meiner er problematisk. Elkem blir av samiske interesser frå både norsk og svensk side skulda for å køyre over fem reinbeitedistrikt gjennom planlagde gruveprosjekt på Saltfjellet i Nordland.
I eit debattinnlegg i Khrono kritiserer Bjørklund valet av Johnsen som styreleiar. Ifølgje professoren har UiT skapt «en situasjon hvor et kinesisk selskap, med deltagelse fra UiT sin styreleder, søker å ekspropriere reindriftssamiske rettigheter og derved overta kontrollen over samisk kultur- og ressursgrunnlag». Klart i strid med internasjonal folkerett (FNs konvensjon for urfolksrettar (ILO-konvensjonen)) som Noreg har forplikta seg til og UiT vore involvert i å utforme.
— Som styreleiar ved UiT kan du ikkje ha bindingar til føretak som ikkje opptrer i samsvar med folkerettslege prinsipp, seier Bjørklund til Khrono.
I debattinnlegget gjer han Johnsen, i kraft av styrevervet i Elkem, «medansvarlig i bruddene på disse folkerettslige forpliktelsen». Og vidare: «Elkems adferd savner sidestykke i norsk samepolitikk og er en lite flatterende del av Marianne Johnsens og UiTs portefølje.
Bjørklund viser til at UiT ønskjer å vere internasjonalt leiande innan urfolksforsking «samiske språk, kultur, og livskvalitet». «Med et eget Senter for samisk forskning, omfattende undervisning og formidling innen samisk språk og kultur samt Ole Henrik Magga og Mari Boine som æresdoktorer, har UiT profilert seg som det universitet i Norge som ivaretar samiske interesser», skriv han.
— Det eine er habiliteten, men ein må også spørje seg kva Johnsen som styreleiar gjer med legitimiteten. UiT har profilert seg som eit universitet med særleg ansvar for «urfolk og minoriteter i nordområdene», det er eitt av hovudpunkta i strategien, seier Bjørklund.
Johnsen viser til departementet
Styreleiar Johnsen ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå Bjørklund.
«Jeg er trygg på at departementet har vurdert habilitet og legitimitet i forhold til de eksterne styremedlemmene og finner det riktig at de svarer ut evt spørsmål knyttet til dette», skriv ho i ein e-post til Khrono.
Frå Kunnskapsdepartementet (KD) har Khrono fått følgjande svar:
«Kunnskapsdepartementet oppnevner styreledere og styremedlemmer til universitets- og høyskolestyrene slik at deres samlede kompetanse og erfaring utfyller hverandre og samsvarer med de utfordringene og mulighetene institusjonene står overfor. Generelt gjelder det at alle styremedlemmer vurderer sin habilitet i konkrete saker og tar hensyn til all relevant informasjon. Kunnskapsdepartementet har tillit til at styreleder og styremedlemmer ved UiT og alle andre styremedlemmer ved våre universiteter og høyskoler gjør dette».
Johnsen var utnemnd av departementet til ny styreleiar i sommar etter at universitetet gjorde eit omstridd vedtak og endra styringsmodell frå valt til tilsett rektor og ekstern styreleiar.
I tillegg til styreverv i Elkem er Johnsen styreleiar i Norsk sjømatråd, og ho sit i styret for oppdrettsselskapet Norwegian Royal Salmon. Med den breie næringsbakgrunnen er dermed utnemninga av Johnsen i tråd med tidlegare rektor Anne Husebekks ønskje om å knytte UiT tettare til næringslivet.
I eit tidlegare intervju med Khrono har Johnsen sjølv gitt uttrykk for at ho trur at det å leie eit universitet ikkje er så ulikt det å leie ei bedrift:
«Jeg har jobbet både nasjonalt og internasjonalt, drevet med privat næringsliv og offentlig forvaltning, og jobbet i kunnskapsbedrifter som Oslo universitetssykehus. Jeg har en bakgrunn som er såpass bred at det nok kommer greit med som erfaringsgrunnlag, når jeg skal være med å utvikle og lede en så spennende kunnskapsbedrift som UiT er».
Håper på diskusjon
Kandidat til vervet som sametingspresident og tidlegare styremedlem ved UiT, Silje Karine Muotka, seier Bjørklund stiller viktige spørsmål.
—UiT-styret har stor betydning for det samiske, seier ho.
Om utnemninga av Johnsen set UiT i habilitets- og omdømmeskvis, vil ho derimot ikkje ta stilling til.
— Når og om konkrete konfliktar dukkar opp, forventar eg at dei som er inhabile melder seg inhabile, seier Muotka, og legg til at det også gjeld styreleiaren og konflikten rundt Saltfjellet.
— Eg håper Bjørklunds kritikk kan føre til diskusjon i styret om urfolk og urfolks rettar i ulike samanhengar. Dette kan for eksempel handle om korleis UiT bør handtere urfolkpørsmål knytt til arealkonfliktar.
UiT-professor Bjørklund meiner vervet i Elkem er det største problemet, men peikar også på Johnsens viktige verv i oppdrettsnæringa.
— Bør tenke gjennom dobbeltroller
I debattinnlegget skriv Bjørklund at oppdrettsnæringa «nærmest kontinuerlig er i konflikt med sjøsamiske interesser i Finnmark og Nord-Troms. Royal Salmon har konsesjoner på Sørøya, Stjernøya, i Kokelv og Måsøy. Alt dette er legitime engasjement, om enn noe spesielt for en styreleder ved et universitet som også skal fremme samiske hensyn.»
— Samarbeid med næringslivet er ikkje noko nytt, og ikkje noko eg er imot. Men når næringslivet skal inn i styrande organ, og i ein så sentral posisjon, bør ein på førehand tenke gjennom kva problem dobbeltroller og habilitet- og legitimitetsproblem som kan dukke opp. Det verkar som det ikkje er blitt gjort her, seier Bjørklund.
Neste styremøte ved UiT er 21. september.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut