Omorganisering
Fryktar nytt direktorat i Bergen skal bli styrt frå Oslo
Nytt stordirektorat for høgare utdanning skal ha hovudkontor i Bergen, har departementet bestemt. Men få dagar før søknadsfristen er det ikkje klart kor direktøren skal ha arbeidsplass.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I svarbrev til ei rad fagorganisasjonar og tillitsvalde har Kunnskapsdepartementet (KD) skrive at dei meiner det er tilstrekkeleg med ei «forventning om at direktøren er mye tilstede der».
Det meiner nestleiar for Forskerforbundet ved Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) er eit lite tilfredsstillande svar. Diku med sine 150 tilsette har alt hovudkontor i Bergen og alle tilsette skal inn i det nye direktoratet.
— Når den politiske avgjersla om at hovudkontoret til det nye direktoratet skal ligge i Bergen ikkje blir gitt noko konkret innhald frå KDs side, framstår dette meir som luftig intensjon enn som ei reell avgjersle, seier Tordis Marie Espeland, nestleiar i Forskerforbundet ved Diku.
— Vi er urolege for at prosessen med å tilsetje direktør går for raskt og at den endar med at direktøren blir sitjande i Oslo, legg ho til.
— Avgjerande for tyngdepunktet
Saman med tillitsvalde frå fleire fagforeiningar er ønsket om at jobbannonsen eksplisitt skulle definere Bergen som arbeidsstad tidlegare blitt spelt inn. Men dette har altså KD ikkje tatt omsyn til. I Bergen ligg også NSD – Norsk senter for forskingsdata, som med 18 tilsette i DBH (Database for statistikk om høgare utdanning) er tenkt inn i det nye direktoratet.
Espeland seier dei tillitsvalde synest det vanskeleg å forstå kva ein faktisk legg i å plassere hovudkontoret i Bergen, utan å definere kva det betyr.
— Det er klart at kvar direktøren har arbeidsstaden sin er avgjerande for kor tyngdepunktet i realiteten blir, seier ho.
Noverande direktør i Diku, Harald Nybølet, seier til Khrono at han søker stillinga som direktør i det nye direktoratet. Han er per i dag busett i og arbeider frå Bergen.
Kan flytte delar av Nokut
I tillegg til Diku og delar av NSD i Bergen, skal også delar av to andre direktorat inn i den nye organisasjonen.
Det er Kompetanse Norge, som har hovudkontor i Oslo og Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning), som har base i Trondheim. Ifølgje departementet skal lokaliseringane i Trondheim, Oslo og Tromsø (avdeling av Diku) oppretthaldast.
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Asheim: — Frustrasjon i sektoren
I februar sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim dette til Khrono, etter planane om det nye stordirektoratet vart offentlegjort:
— Det er frustrasjon i sektoren over at det er så mange direktorat. Vi gjer dette for at det skal bli forståeleg for tilsette og studentar i høgare utdanning.
Ekspedisjonssjef Eivind Heder i KD seier at valet om å ikkje ta med formuleringa om arbeidsstad i utlysinga til stillinga vart gjort fordi dei mein ner det er tilstrekkeleg at det står at hovudkontoret blir i Bergen.
— Sjølv om hovudkontoret er i Bergen, vil ein betydeleg del av dei tilsette vera i dei tre andre byane. Direktøren må derfor legga opp til å vera til stades på kontora òg i desse byane, seier Heder.
Totalt vil det nye direktoratet ha cirka 400 arbeidsplassar, fordelt på alle stadene.
Søkndnasfristen på direktørstillinga går ut fredag 7. mai.
* Artikkelen er oppdatert 3.5. kl. 17.07 med sitat frå ekspedisjonssjef i KD, Eivind Heder.
Nylige artikler
Professor med bokanmeldelse på 203 sider: «Blottet for intellektuelt innhold»
Trump med enda et slag mot internasjonal forskning
Akademisk frihet er ikke bare et prinsipp — det er et handlingsrom
Vi har skabt et system, der styrer forskere som hjerneløse robotsoldater
Universitet må selge splitter ny milliard-campus for å dekke underskudd
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
— Det er ingen grunn til å tro at vi uten videre kan stole på universitetene i krisetider