I artikkelserien kjem det fram at nesten 4 av 10 av dei spurte forskarane svarer at dei sjølve har utført ein diskutabel praksis i løpet av dei siste tre åra. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Publiseringspress og pengejag fører til tvilsomme forskingspraksisar

Forskingsetikk. Konkurranse om finansiering, publiseringspress og tellekantsystem påverkar forskingsintegriteten, viser ny rapport.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rapporten «Forskingsintegritet i kontekst» vart i dag lansert i Bergen. Det er tredje og siste delrapport frå prosjektet Research Integrity in Norway (RINO). Rapporten viser resultat frå den kvalitative undersøkinga av prosjektet.

Fakta

RINO-prosjektet

Forkortelse for «Research Integrity in Norway»

Samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen, De nasjonale forskningsetiske komiteene og Høgskulen på Vestlandet.

Tre delrapporter presenterer funn fra en undersøkelse sendt ut til «nesten alle» norske forskere, totalt 31 206 personer.

7291 personer fullførte hele spørreskjemaet i undersøkelsen.

29 personer har deltatt i individuelle- og fokusgruppeintervjuer.

Delrapport 1, Etikk og integritet i forskning ble lagt fram i juni 2018.

Delrapport 2, Diskutabel forskningspraksis: holdninger og handlinger, ble lagt fram 22. januar 2019.

Delrapport 3, Forskningsintegritet i kontekst, ble lagt fram 26. september 2019.

Totalt 29 forskarar har blitt intervjua, fordelt på eit «ungt» universitet, eit «gammalt» universitet og to forskingsinstitusjonar. Dei utvalte personane er forskarar på naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fagfelt.

Eit viktig funn er at det blir sagt heilt eksplisitt at det blir opplevd som vanskeleg at konkurransen om finansiering kan bidra til å flytte fokuset på kva ein forskar på.

Helene Ingierd

Helene Ingierd er ein av forfattarane bak rapportane og er sekretariatsleiar for Den nasjonale forskingsetiske komité for naturvitskap og teknologi.

— Publiseringspress og konkurranse om forskingsfinansiering blir gjennomgåande trekte fram som viktige faktorar som bidreg til at forskrarar tek del i diskutable praksisar, seier Ingierd til Khrono.

Pengar kan flytte forskingsfokus

I artikkelserien kjem det fram at nesten 4 av 10 av dei spurte forskarane svarer at dei sjølve har utført ein diskutabel praksis i løpet av dei siste tre åra, som altså er noko mindre alvorleg enn forskingsjuks.

— Overordna er dette eit overraskande funn og eit høgare tal samalikna med internasjonale funn, seier Ingierd.

Helene Ingierd. FotO: Trond Isaksen/De nasjonale forskningsetiske komiteene

Med diskutable praksisar siktar Ingierd blant anna til praksisar kring medforfatterskap og korleis pengar ofte får makt til å definere forsking.

— Eit viktig funn er at det blir sagt heilt eksplisitt at det blir opplevd som vanskeleg at konkurransen om finansiering kan bidra til å flytte fokuset på kva ein forskar på, at det er med på å definere problemstillingar og omprioritere forskingsområde på ein negativ måte, seier Ingierd.

«Akademisk prostitusjon»

I rapporten peiker ein av forskarane som vart intervjua på systemproblema: «Forskaren kan ikkje bli lasta for å tilpasse seg verkelegheita (finansiering og lønning). Resultatet blir oppsplitting til fleire publikasjonar, av og til tvilsomme medforfattarar og stor grad av eigensitering. Ser ein på dette som eit stort etisk problem må systemet rundt forskinga bli endra, ikkje forskinga.»

Alt frå mellombels tilsette til professorar trekk fram at press og pengekonkurranse også skaper problem for kvaliteten i forskinga meir generelt.

Ein av dei yngre deltakarane i undersøkinga meinte at behovet for økonomisk støtte ofte gjekk på kostnad av forskingsinteresser, og omtalte det nokså spøkefullt som «akademisk prostitusjon», står det i rapporten.

Ingierd meiner det er klare tendensar forskarane gir uttrykk for.

— Her er det utfordringar på fleire nivå som fleire må ta tak i. Institusjonane har sjølve eit ansvar, men dei meir systemiske forholda er meir retta mot politiske beslutningstakarar og forskingssytemet generelt. Eg håper ein kan ta rapporten med seg når ein skal vurdere forskingspolitiske tiltak, seier Ingierd.

Etterspør meir openheit og mindre byråkrati

Sjølv om fleire svarer at dei har god kjennskap til forskingsetiske retningslinjer, så er det rundt 60 prosent som svarer at dei har manglande opplæring. Fleire gir uttrykk for at det er stor usikkerheit og usemje om kor grensene går når det kjem til diskutable praksisar, opplyser Ingierd.

— Det er viktig at institusjonane legg til rette for ein openheitskultur, at det skal vere lov å prøve og feile, i tilleg til å stille dei vanskelege spørsmåla. Det er viktig for å fremje ein betre forskingsintegritet, seier Ingierd og legg til:

— Det er ein gjennomgåande tendens at fleire opplever at den nye forskingsetikklova har bidrege til å byråkratisere og formalisere forskingsetikken. Det er fleire rammeverk dei må setje seg inn i og fleire føler dei ikkje får relevant opplæring.

Dette kjem til uttrykk i fleire av svara i intervjua, blant anna frå ein samfunnsfagleg deltaker i ei av fokusgruppene:

«Eg vil åtvare mot formalisering, det blir ofte sånn byråkratisering, A4, krysse av og så vidare. Eg trur det er mykje betre å satse på bevisstgjering. Sånn at folk har dette inni hovudet sitt når dei designar prosjekt, korleis dei skriv artiklar og rapporterer forskingsresultat og sånt. Det er klart det er mykje viktigare.»

Det kjem fram av rapporten at fleire er uroa for at det dei opplever som ei auka byråkratisering av forskingsetikken «kan gå på kostnad av ein breiare diskusjon av forskingsetiske spørsmål».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS