midtausten
Våren 2024 engasjerte Olav Elgvin seg sterkt i saka om akademisk boikott. Fafo-forskaren vaks opp i Israel. No håpar han å kunne slutta fred med landet som framleis på mange måtar er viktig for han.
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Det går mot den andre krigsjula i Midtausten.
Rett nok vart det i slutten av november inngått våpenkvile mellom Israel og Hizbollah, som styrer Libanon. Det var òg samtalar om våpenkvile mellom Hamas og Israel. I nabolandet Syria rømte president Bashar al-Assad til Russland tidleg i desember og fekk asyl av den russiske presidenten. Dette skjedde etter at syriske opprørarar gjekk inn i Damaskus og erklærte siger over regimet. al-Assad-familien har styrt Syria i over femti år.
I Oslo sit Olav Elgvin og lurer på om han kjem til å reisa tilbake til landet der han vaks opp.
— Det er krevjande. Høyrer eg hebraisk, vert eg framleis lukkeleg. Eg kan finna på å synga israelsk musikk i dusjen. Men samstundes veit eg at staten Israel er bygd på dominans og rasisme.
Noko var annleis
44 år gamle Elgvin er forskar ved Fafo og har budd både i Oslo og i Bergen i mange år no. Men om ein spolar tilbake til 1980- og tidleg 1990-tal, då budde Elgvin i Israel.
— Eg vart fødd i Hammerfest, og fram til eg var fem år, var far min prest i Alta. Så flytta me til Israel. Foreldra mine jobba som misjonærar i det jødiske samfunnet, mot jødar som trur på Jesus.
Elgvin og dei to yngre brørne hans gjekk både i barnehagen og etter kvart på skule i Jerusalem. Olav er eldst, og etter eit år på ungdomsskulen, flytta familien heim.
— Eg veit ikkje heilt kor mykje eg tenkte på det då eg var barn, men eg har tenkt etterpå at eg i blant kjende at eg var litt annleis enn dei israelske barna eg gjekk på skule med, seier han.
Det eine var språket. Sjølv om han gjekk på vanleg, israelsk skule og snakka hebraisk, snakka han med ein aksent.
— Som far min, seier han og humrar.
Det andre var at ungguten ikkje heilt skjønte kvifor han ikkje kunne vera saman med palestinske, eller arabiske, som ein sa då, barn. Dei aller fleste skulane hadde berre elevar som anten var jødar elle arabarar, og han gjekk på ein jødisk skule. Han syntest òg det var både vanskeleg og rart at dei palestinske barna han såg, var fattige.
— Me budde slik at me såg ned på store bosscontainerar på gata, og fleire gongar såg eg palestinske barn som rett og slett kom dit og grov i bosset. Det var brutalt å sjå.
I ein kronikk i Morgenbladet skildrar han korleis nokre palestinske barn han spela fotball med stakk av med fotballen hans.
— Fekk du noka forklaring på desse skilnadane?
— Eg var for liten til å forstå det politiske, så svaret var vel at dei var fattige. Men eg syntest det var veldig rart at dei jødiske kameratane mine ikkje ville spela fotball saman med dei palestinske barna.
Familien budde aust i Jerusalem. Derifrå kunne ein gå nesten rett ut i ørkenen, og så kom ein til ein palestinsk landsby. Heilt i grensa til Det palestinske området låg ein vidaregåande skule. Dit gjekk Elgvin av og til saman med brørne sine for å spela fotball. Dei israelske barna gjorde ikkje det.
— Som vaksen har eg lært at det i Jerusalem vart planta skog på det som var palestinsk område. Men då eg budde i Israel lærte me til dømes ingenting om krigen i 1948. Eg hugsar eg ein gong spurde «men kva med dei som budde her før?». Det kunne me snakka om ein annan gong, var svaret eg fekk.
Palestinaskjerf på KrF-kontoret
Det er ein fin, kald novemberdag i Oslo. Elgvin serverer kaffi i Fafo sine lokale på Grønland og har på seg islendar — og palestinaskjerf.
Våren 2024 var han ein av forskarane som ivra mest for boikott av Israel. Elgvin, som då var i ferd med å avslutta ein postdok-periode ved Universitetet i Bergen, skreiv, saman med mange andre, følgjande i Khrono: «Men det er et langt steg fra denne posisjonen — at det grunnleggende skal være brede rammer for ytringer og forskning på et universitet — og den posisjonen rektor Hagen forfektet på styremøtet, nemlig at det ikke skal være noen etiske begrensninger på kven universitetene kan samarbeide med».
Noko har med andre ord skjedd etter at Elgvin kom tilbake til Noreg som 13-åring.
— Det siste året i Jerusalem hadde eg nok ei sterkare kjensle av at eg var annleis. Det kan ha hatt noko med å gjera at eg visste at eg skulle tilbake til Noreg. Men som tenåring og ung mann var eg framleis svært pro-israelsk. Eg hugsar eg fortalde mi gamle oldemor at ho ikkje måtte tru alt om Israel som ho las i media, fortel Elgvin.
I slutten av tenåra vart han meir politisk engasjert, og han melde seg inn i KrFU. Gradvis vart han meir pro-palestinsk, og hadde med palestinaskjerf på KrF-kontoret.
Då han etter endt mastergrad i filosofi ikkje fekk nokon relevant jobb, bestemte han seg for å reisa til Israel. Han ville ta ei mastergrad til, men han ville òg reisa for å slutta ein sirkel og for å læra seg arabisk og hebraisk på nytt.
Opphaldet vart ikkje heilt som planlagt.
Lukka døra. Men så …
— Eg såg kor rasistisk landet er. Samstundes var eg framleis oppteken av at ein ikkje må demonisera vanlege israelarar. I tekstane eg skreiv då eg kom tilbake freista eg å balansera kritikken av okkupasjonen med respekt for Israel og israelarane, seier Elgvin.
Tilbake i Noreg lukka han etter nokre år døra til problemstillingane.
7. oktober 2023 gjekk ikkje det lenger. Terroråtaka frå Hamas og den etterfølgjande invasjonen frå Israel gjorde at døra vart riven opp att.
— Det skjedde det same med meg som med Ezra Klein, seier Elgvin, og viser til eit intervju den amerikanske, jødiske journalisten gjorde med den israelske avisa Haaretz. Her sa Klein at 7. oktober rekonfronterte han med Israel sin innverknad på diaspora-jødar og kvifor han meiner at dei som ser på den jødiske staten som eit demokrati har vrangførestillingar.
— Alle kan utgjera ein skilnad der ein er. Det gjeld forskarar òg, seier Elgvin.
— Men kvifor meiner du at akademisk boikott er det rette verkemiddelet?
— Forsking er svært viktig i Israel, det har ei nøkkelrolle i den israelske økonomien. Så eg trur det kan hjelpa.
I tillegg er det ein etisk dimensjon for Elgvin.
— Ifølgje forskingsetiske retningslinjer skal forskarar ikkje gjera verda verre. Og er det slik at eit samarbeid med Israel gjer verda betre? Ein veit at universitetet i Tel-Aviv har hatt ein dag der ein skulle støtta israelske soldatar i Gaza. Innanfor mitt eige fagfelt veit eg til dømes at det er tette band mellom islamstudium og israelsk etterretning, seier han, og viser til Maya Wind si forsking.
Wind er sjølv frå Israel, men er no postdoktor ved University of British Columbia i Canada. I boka si Towers of Ivory and Steel argumenterer Wind for at dei israelske universiteta er ei viktig brikke for styresmaktene i undertrykkinga av palestinarane.
— Å seia at israelske universitet er ein plass for kritisk forsking og debatt om okkupasjonen, er ikkje sant. Dei mest kritiske stemmene vert trakassert og sensurert, sa ho i eit intervju med Morgenbladet i vår.
Kallet
Ein akademisk boikott vil senda eit viktig signal, meiner Elgvin, og det vil verta lagt merke til dersom norske universitet gjer det.
— Eit av motargumenta er at kvifor skal ein ha det mot Israel, men ikkje mot andre land som driv med ting ein ikkje likar?
— Eg meiner dette er noko ein må vurdera i kvart enkelt tilfelle. Spørsmålet er om ein boikott vil gjera situasjonen betre eller dårlegare. Ein akademisk boikott vil dessutan berre verka i land som har ei viss grad av demokrati. Det har Israel, seier Elgvin, og legg til at han i prinsippet òg vil kunne vera for ein akademisk boikott mot Tyrkia på bakgrunn av korleis kurdarane vert handsama, og at Tyrkia i likskap med Israel har demokratiske val.
Samstundes, seier han, finst det ein god del akademisk fridom i Israel, og det har vist seg at ein kan kritisera eigen stat til ei viss grad. Men ein har òg kritiske røyster som ikkje lenger er i landet: Ilan Pappe er i Storbritannia, og Nadera Shalhoub-Kevorkian vart i vår suspendert frå universitetsstillinga si etter å ha snakka om folkemord.
— Du seier at 7. oktober opna ei dør. Men du kunne jo ha sete stille i båten, kvifor snakkar du offentleg om desse spørsmåla?
— Eg kjenner på ei plikt i livet, eit slags kall. Eg har nok med meg frå oppveksten min at livet er ikkje berre til for å slappa av. Eg, med min bakgrunn, har nok òg ein inngang til desse spørsmåla som ikkje alle har, seier han.
Han legger til at det for han også handlar seg om at Israel kan verta eit meir rettferdig samfunn, som han lettare kan identifisera seg med.
— Eg trur at det einaste håpet for at Israel skal endra seg ligg i massivt press utanfrå. For meg handlar dette ikkje berre om rettferd for palestinarane, men også om at eg ønsker eit betre Israel.
— Handlar ikkje om Jaffa-appelsinar
I vår var det teltleirar utanfor fleire norske universitet, og studentane protesterte høglydt. Dei ville ha boikott. Ved Universitetet i Bergen vart rektor Margareth Hagen og hennar næraste stab stengt fysisk ute frå sitt eige kontorbygg.
Den mobiliseringa ein hadde i vår, hadde ikkje vore mogleg utan studentane, seier Elgvin. Han er ikkje fullt så imponert over styra ved universitet og høgskulane. Ingen vedtok akademisk boikott. Ved Universitetet i Oslo drøfta styret innkjøpsavtalar med Israel. Konklusjonen kom i september: Styret vedtok ein strategi for kjøp av varer og tenester og reviderte dei etiske retningslinjene som gjer det tydeleg kva krav universitetet stiller til leverandørane sine.
— Å vedta boikott hadde vore symbolsk viktig. Det ville vorte lagt merke til, og kunne fått deler av samfunnet i Israel til å krevja ein annan kurs. UiO går stille i gangane — det har mykje mindre å seia om ein kjøper israelske produkt eller ikkje. Men kanskje er det ein start på noko meir, seier Elgvin.
Om å finna fred
Forskaren er far til ein liten gut. Men om han kjem til å ta han med til Israel? Det er krevjande å snakka om.
— For femten år sidan kunne eg relatera meg til ein kritisk minoritet i Israel, seier han, og held fram:
— Mange statar har gjort grufulle ting, Noreg òg. Men mange andre statar har teke eit oppgjer med det. Det har ikkje Israel. Det er ein historisk urett som ikke berre framleis går føre seg, men som stadig vert verre og verre. For meg er det krevjande at eg er grunnleggande glad i noko som eg ikkje oppfattar som okey. Eg kan setja på israelsk TV og først verta glad — og så vert eg sint.
— Kva har utviklinga i Israel gjort med trua di?
— Eg er framleis kristen, og det eg føler og meiner er ikkje eit slags oppgjer med mine eigne foreldre. Eg håpar eg kan finna fred med det landet eg vaks opp i.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut