Student-millionar

Fleire studentar i arbeid som følge av krisepakken

Nokre har lyst ut og andre har allereie tilsett studentar i nyoppretta assistent-stillingar. Tusenvis av studentar kan sikre seg kjærkomen inntekt frå regjeringa sin krisemilliard.

Pia Alexandersen (23) er blant dei mange som no sikrar seg ny deltidsjobb med løn frå krisepakken til studentane. Ho er tilsett som kommunikasjonsmedarbeider i Studentsamskipnaden på Vestlandet.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I desse dagar startar fleire og fleire av dei 190 millionar kronene som regjeringa la på bordet, å materialisere seg i løn til ferske, nytilsette studentar i stillingar som studentassistentar.

Dette er delar av summen på kring ein milliard som regjeringa har løyva i krisepakken til studentane.

50 millionar har gått til Samskipnadane som skal løne studentar for å få på plass sosiale lågterskeltilbod.

124 millionar har gått til alle dei offentlege høgskulane og universiteta for å løne studentar for å drive tettare fagleg oppfølging av medstudentar.

16 millionar har gått til dei private høgskulane for å gjere det same.

— For studentar av studentar

Fleire studentar har allereie sikra seg desse deltidsjobbane. Til dømes har Studentsamskipnaden på Vestlandet tilsett 29 studentar allereie, og planlegg å tilsette enda fleire framover, skriv Studvest.

Studentane Pia Alexandersen (23) og Hanne Pedersen (25) er blant dei 29 tilsette.

— Hovedmotivasjonen min for å søke på stillinga var at eg synst jobben i seg sjølv høyrdest spennande ut, i tillegg til behovet for ekstra inntekt og fleksibiliteten, seier Alexandersen til Studvest, som er tilsett som kommunikasjonsmedarbeider.

Både Alexandersen og Pedersen seier at jobbane lét seg lett kombinere med studium og andre verv.

Pedersen er tilsett som studentmedarbeider i samskipnaden. Ho er med å arrangere quiz, og framover skal dei starte med vennespleis for å få studentar til å bli kjende med kvarandre.

— Sidan vi som er tilsett i denne jobben også er studentar, veit vi i større grad kva stundentar treng. Det er det som er det fine med at dei har tilsett studentar, det blir for studentar av studentar, seier Alexandersen til Studvest.

Fleire kartlegger, andre har utlyst

Khrono har prøvd å kartlegge kvar i arbeidet med å tilsette studentassistentar dei fleste offentlege høgskular og universitet står.

Basert på dei svara som har kome, så er dei fleste institusjonane framleis i startfasen med å kartlegge behov og få ut utlysingar for desse stillingane.

Mange seier dei ønskjer å ha studentassistentane på plass til studiestart til hausten.

Norges handelshøgskule (NHH) er blant dei som allereie har lyst ut fleire assistentstillingar på spesifikke emne på fem av sine institutt, der fristen var 26. mars.

Nokre hadde allereie før dei vart løyva midlar frå Kunnskapsdepartementet i midten av mars, tilsett fleire studentassistentar på eiga rekning. No vil dei skalere opp, opplyser dei.

Blant dei er Høgskulen på Vestlandet som tilsette kring 100 studentassistentar i januar og februar, før krisepakken til studentane var klar. Desse 100 skal følgje opp 1. årsstudentar, opplyser prorektor Bjørg Kristin Selvik.

FAKTA

Her er fordelinga til statlege universitet og høgskular

(Beløp i kroner)

  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo 398.000
  • Høgskolen i Innlandet 8.010.000
  • Høgskolen i Molde 1.486.000
  • Høgskolen i Østfold 3.621.000
  • Høgskulen i Volda 2.388.000
  • Høgskulen på Vestlandet 8.138.000
  • Kunsthøgskolen i Oslo 288.000
  • Nord universitet 5.743.000
  • NHH 1.794.000
  • Norges idrettshøgskole 569.000
  • NMBU 3.144.000
  • Norges musikkhøgskole 386.000
  • NTNU 21.237.000
  • OsloMet 10.977.000
  • Samisk høgskole 60.000
  • Universitetet i Agder 6.860.000
  • Universitetet i Bergen 9.732.000
  • Universitetet i Oslo 13.555.000
  • Universitetet i Stavanger 6.219.000
  • Universitetet i Sørøst-Norge 9.050.000
  • UiT Norges arktiske universitet 8.582.000
  • Forsvarets høyskole 448.000
  • Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS 195.000
  • Politihøgskolen 1.120. 000
  • Totalt 124.000.000

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

Kor mange stillingar dei totalt 124 millionar kronene til høgskulane og universiteta vil føre til, er ikkje sikkert.

Dei fleste høgskulane og universiteta som har svart Khrono seier at dei har fordelt pengane til dei ulike fakulteta og institutta, og at dei har fått ansvaret for å tilsette studentassistentar.

Ved Nord universitet, blant anna, ser dei føre seg at det skal tilsetjast mellom 10-20 studentar på kvart av dei fem fakulteta, opplyser kommunikasjonssjef Andreas Førde.

Kring 50 skal tilsetjast i Volda

Høgskulen i Volda fekk tildelt 2,388 millionar kroner og har no lyst ut kring 50 studentassistent-stillingar i 20 prosent, over seks månader.

Studentane dei tilset vil få ei timeløn enten på 168,40 kroner eller 164,10 kroner i timen, ut i frå om dei har fullført bachelor/master eller ikkje.

Om alle dei andre institusjonane følgjer Høgskulen i Volda i stillingsprosent, lengd og løn, så kan opp mot 4000 studentar få ein litt tryggare økonomisk kvardag frå dei 124 student-millionane som regjeringa har løyva til dei offentlege institusjonane.

— Studieprogresjon er ein viktig del av dette og dette er ein god måte å hjelpe studentane på. Men så er det også eit godt tiltak for å hjelpe studentar som slit økonomisk, nettopp fordi det er studentar som skal ha desse jobbane. Slik sett slår ein to fluger i ein smekk, seier prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda.

— Vi er veldig positive til å teste ut dette no og kunne håpt at regjeringa ville halde fram å løyve pengar til dette, seier prorektor ved Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem Tonheim.

Prorektoren opplyser at Kunnskapsdepartementet oppmoda institusjonane om å bruke så mykje av pengane som mogleg før sommaren og i allefall innan utgangen av 2021.

Åtte skal arbeide på biblioteket med blant anna litteratursøk og kjeldehjelp, og desse ønskjer høgskulen å ha på plass allereie i mai.

— Biblioteksassistentane ønskjer vi på plass i eksamensperioden og utover hausten. Så er det jo eit prøveprosjekt for oss dette, vi har ikkje hatt studentassistentar i denne mengda før. Så det er greit å kunne starte med desse åtte på biblioteket, seier Mjellem Tonheim.

Håper regjeringa vil halde fram med løyvingane

Men no er også 46 stillingar til studentar som skal rettleie medstudentar, leie kollokviegrupper og seminargrupper på dei ulike studieretningane lyst ut. For desse planlegg høgskulen oppstart fram mot studiestart.

— Ingen skal kunne få fleire stillingar. Studentane som skal tilsetjast er i full studieprogresjon sjølve, så det er viktig at dei også blir godt tatt vare på, seier Mjellem Tonheim.

Sjølv om høgskulen har vore nøydd til å kaste seg rundt og rigge organisasjonen for å kunne ta i mot eit såpass stort tal studentassistentar på kort tid, så er prorektor Mjellem Tonheim veldig glad for at dei no får desse midla.

— Vi må vurdere ordninga når den er over og om dette er noko vi vil fortsette med. Vi er veldig positive til å teste ut dette no og kunne håpt at regjeringa ville halde fram å løyve pengar til dette, seier Mjellem Tonheim.

Skal styrke det psykososiale læringsmiljøet

Som nemnt er det fleire av høgskulane og universiteta som allereie før desse øyremerka midla frå regjeringa kom på bordet, har tilsett fleire studentar i assistentstillingar på eiga rekning.

Blant dei er Universitetet i Oslo. Eit initiativ der er SosiaLektorane for lektorprogrammet ved universitetet, som fagleg leiar Kirsti Engelien håper no vil bli vidareført med midla som regjeringa har løyva.

Der har dei tilsett 10 såkalte SosiaLektorar, som allereie er i sving.

— To og to studentar (SosiaLektorar) vil samarbeide om kvar si studieretning for å styrke læringsmiljøet på Lektorprogrammet. Dei vil også inngå i eit team, som vi vil gi opplæring, der dei vil samarbeide om å planlegge og gjennomføre ulike faglege og sosiale tiltak og arrangement for medstudentar på Lektorprogrammet våren 2021, skriv Engelien i ein e-post. Ho legg til:

— Tiltaka som blir initierte skal bidra til å styrke det psykososiale læringsmiljøet på programmet og forhindre einsemd og fråfall og vi vil ha eit spesielt fokus på førsteårsstudentane som er svært sårbare i denne koronasituasjonen.

Powered by Labrador CMS