stortingsvalet 2021

Fleire peikar på Lysbakken som ny kunnskapsminister

Audun Lysbakken, Torstein Tvedt Solberg, eller nokon andre? Og vert det ein eller to statsrådspostar knytt til Kunnskapsdepartementet? — Det er kabalmysteriet, seier valforskar Bernt Aardal.

Det er karane til venstre i biletet som først skal snakka saman om regjering. Audun Lysbakken (i midten) vert peika på som ein som kan verta ny kunnskapsminister. At Jonas Gahr Støre vert statsminister, er det ingen tvil om.
Publisert Oppdatert

Om ein nyttar gule lappar eller ikkje, er ikkje godt å seia. Men at diskusjonen om kven som skal få dei ulike statsrådspostane er i gang, er det liten tvil om.

— Det er kabalmysteriet, humrar professor emeritus Bernt Aardal.

Han minner om at ein førebels ikkje ein gong veit kva parti som kjem til å danna regjering saman.

— Når ein skal finna statsrådar handlar det om både landsdel, kjønn og kva saker ein ønskjer å profilera seg på.

Trur Lysbakken kan få alt ansvar

I dag finst det ein forskings- og høgare utdanningsminister og ein kunnskaps- og integreringsminister, begge heimehøyrande i Kunnskapsdepartementet. Men om det kjem til å verta slik etter regjeringsskiftet, er det førebels ingen som veit.

— Heilt sidan 1980-åra har ein endra samansetjing av departementa, og kyrkje, undervisning, forsking og kultur har vore i ulike konstellasjonar.

Det seier Yngve Flo, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Han seier det vert spanande å sjå om den nye regjeringa set eit skilje etter vidaregåande skule og om ein i så fall vil kopla forsking og høgare utdanning med eit anna felt.

— Ein kan òg ha ei løysing der statsråden kjem frå eit parti og statssekretæren frå eit anna, og slik gi fleire hender på rattet.

Forskerforum skriv at i Arbeiderpartiet har det tidlegare vore tankar om eit forskings- og næringsdepartement. Til avisa seier politisk analytikar Aslak Bonde at det ikkje er noko i vegen for at kunnskapsministeren òg tek forsking og høgare utdanning. Men:

— Forsking og høgare utdanning er ein ministerpost som er avhengig av kabalen. Dersom det vert ei trepartiregjering, må dei få rett brøk mellom partia. Då kan det henda at dei må justera totaltalet med ein juniorminister i Kunnskapsdepartementet.

Frå barnehage til universitet

— Utdanningsminister, seier Åsta Dyrnes Nordø.

Ho er seniorforskar ved Norce, og peikar på Audun Lysbakken som ein ho meiner er aktuell for ministerposten.

— Dersom han ønskjer det, er det naturleg å gi han denne posten.

Nordø peikar på at når ein i dei nye læreplanane no ser på barnehage som den første delen av utdanningsløpet, kan ein sjå føre seg at ein vel å ha ein statsråd heilt frå barnehage til universitet og høgskule.

— Er det Arbeiderpartiet som kjem til å få velja først?

— Ja, eg reknar med at forhandlingane startar med at Arbeiderpartiet seier kva statsrådspostar dei skal ha. I tillegg til statsminister trur eg dei vil krevja å få justisminister og arbeids- og sosialminister, medan Senterpartiet skal ha kommunalministeren. Eg trur òg det er sannsynleg at Marit Arnstad frå Senterpartiet vert finansminister, seier Nordø.

— Risikosport

Johan Giertsen peikar òg på Lysbakken. Han nemner òg Arbeiderpartiet sin Torstein Tvedt Solberg som aktuell.

Giertsen er jussprofessor ved Universitetet i Bergen, men står òg bak nettstaden Poll of polls, som samlar inn og analyserer meiningsmålingar.

— Arbeiderpartiet kjem til å stå hardt på Solberg. Han har røynsle frå Stortinget, er ung og frå Rogaland. Dersom SV kjem inn i regjering, vil Lysbakken få ein profilert post.

I både Forskerforum og Dagbladet vert Lysbakken og Solberg nemnde. Forskerforum og TV2 nemner ein annan bergensar enn Lysbakken som forskings- og høgare utdanningsminister: Tidlegare byrådsleiar Harald Schjelderup.

— Nei, seier Giertsen bestemt.

— Det har eg inga tru på.

Han understrekar at han synest Schjelderup var ein dyktig byrådsleiar i Bergen. Men:

— Risikoen for å mislukkast som statsråd er større dersom ein ikkje har site på Stortinget. Eg vil tru partia no ser i eigen organisasjon og i fagrørsla.

Aardal er samd:

— Det er brei semje om at det er risikosport å henta inn statsrådar utanfrå. Det handlar om at ein må kunne handtera Stortinget og om at ein må kunne ha eit godt samspel med koalisjonspartnarar. Politikk er òg eit fag.

Torstein Tvedt Solberg er andre nestleiar i forskings- og utdanningskomiteen. 36-åringen vert peika på som ein mogleg kunnskapsminister for Arbeiderpartiet.

Trur ikkje Senterpartiet vel kunnskap

Som Khrono har skrive, har Jonas Gahr Støre sagt at Arbeiderpartiet vil ha kunnskapsministeren. Den posten vil gjerne Marit Knutsdatter Strand frå Senterpartiet òg ha, har ho sagt til Utdanningsnytt. Men valforskarane Khrono har snakka med, nemner ikkje senterpartipolitikarar som aktuelle for den statsrådposten.

Kyrre Lekve har tidlegare vore statssekretær.

— Både SV og Arbeiderpartiet har hatt skulepolitikk og utdanning som viktige tema. Senterpartiet har ikkje markert seg like sterkt, seier Aardal.

Flo er samd.

— Eg vil ikkje tru dette er statsrådposten Senterpartiet grip først.

Ei regjering vil truleg ha opp mot tjue statsrådar. Flo reknar med at av desse skal Arbeiderpartiet ha halvparten. Det gjer at nålauga for å få ein taburett vert trangt, og sjansen for å henta inn statsrådar utan så mykje politisk røynsle er mindre.

I akademia har ein til dømes Kyrre Lekve, som var statssekretær for SV på tidleg 2000-tal, men som no har meldt seg inn i Arbeiderpartiet. Lekve er i dag direktør i Simula.

— Dersom det vert ei rein Ap-regjering, er det meir rom for å eksperimentera, seier Flo.

Han seier at kor mykje prestisje som er knytt til statsrådsposten heng saman kor stort ansvarsområdet vert.

— Det er nok mindre prestisje å vera statsråd dersom departementet er delt i to, seier han.

Statsrådar som kjem utanfrå manglar ofte fingerspiss-kjensla, meiner Johan Giertsen.

— Kan ein sjå føre seg nokon som Gunnar Bovim, som kjenner forsking og høgare utdanning godt?

— Neppe. Akademikarar har gjerne ei akademisk tilnærming til politiske spørsmål, noko som kan irritera Stortinget grenselaust. Det er heilt andre eigenskapar som trengst for å verta statsråd enn dei ein må ha for å kunne verta professor.

Rektorane håpar på eigen minister

Khrono har òg spurt rektorar ved universitet og høgskular om kven dei ønskjer seg som statsråd. Men dei vil ikkje nemna namn.

— Eg håpar me får halda fram med ein eigen minister for forsking og høgare utdanning og at det vert ein som har forståing for kor kompleks sektoren er. Det vert spanande, seier Margareth Hagen (UiB).

— Eg håpar partia vil knivast om posten som forskings- og høgare utdanningsminister og at dei set på dei aller beste folka sine, seier Dag Rune Olsen (UiT Noregs arktiske universitet).

Curt Rice, rektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, har sitt eige forslag:

— Det må verta ein kombinasjon av May-Britt Moser og Karsten Warholm - «brain power» som spring fort!

Powered by Labrador CMS